Ytringsfridom – kan vi seia kva vi vil?
Ytringsfridommen gir oss retten til å seia kva vi meiner. Men kan vi seia akkurat kva vi vil?
Kva er ytringsfridom?
Tenk viss du ikkje fekk lov til å seia det du meiner i klassen. At du kunne bli straffa viss du la ut noko du synest var viktig på sosiale medium. Tenk om nyheitene var sensurerte av staten.
I Noreg er ikkje dette eit stort problem, sidan Noreg er eit fullt demokrati som tar godt vare på ytringsfridommen til borgarane.
Ytringsfridom er retten du har til å:
- Ytra, eller seia, meininga di – så lenge ho ikkje er hatefull eller diskriminerande (å behandla nokon dårlegare enn andre)
- Ta imot og gi informasjon
Forklaring
Er ytringsfridommen trua?
I mange land blir politikarar og journalistar fordi dei kritiserer regjeringa. Russland er eit eksempel på eit land som har blitt kritisert av menneskerettsorganisasjonar for å driva sensur og for å ha ein politikk som avgrensar folk sin rett til å ytra seg.
2012 kom Russland med ei antipropagandalov som hindrar folk og medium i å snakka om homofile. Samtidig har fleire journalistar frå Russland blitt trua fordi dei har kritisert president Vladimir Putin. Miljøaktivisten Greta Thunberg har også opplevd truslar for det ho seier om klimaendringane.
Je suis Charlie
Også i Vest-Europa blir ytringsfridommen trua. Her er det ikkje snakk om statleg sensur, men truslar frå politiske eller religiøse grupper som vil skremma folk til å ikkje seia det dei meiner.
I 2015 blei tolv menneske, blant desse journalistar, drepne i Paris fordi dei hadde publisert karikaturteikningar (vitseteikningar) av profeten Muhammed i avisa Charlie Hebdo. I sosiale medium voks #jesuischarlie fram som ein måte å visa at ein tok avstand frå desse hendingane.
Korleis kan vi forsvara ytringsfridommen?
Det er fleire måtar å forsvara og styrka ytringsfridommen på. Først og fremst bør leiarane i alle land jobba saman, slik at fleire land respekterer dei ulike menneskerettslovene.
Eit anna tiltak er å passa på så journalistar alltid kan informera om vanskelege saker, utan at dei blir trua. Journalistar som ikkje blir sensurerte av staten eller store selskap, er grunnleggande for informasjonsfridommen vår.
I tillegg er det viktig å verna om ytringsfridommen ved å melda hatefulle ytringar, og aktivt jobba mot misbruk av ytringsfridommen.
Kjelder:
- FN Sambandet (05.09.2019): Menneskerettigheter
https://www.fn.no/tema/menneskerettigheter/Menneskerettigheter
- Politiet (2020): Hatefulle ytringer på internett
https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet/hatefulle-ytringer-pa-internett/
- Faktisk.no (31.08.2020): SIAN brente ikke Koranen på demonstrasjonen i Oslo i helgen. https://www.faktisk.no/artikler/26l/sian-brente-ikke-koranen-pa-demonstrasjonen-i-oslo-i-helgen
- Amnesty (2020): Ytringsfrihet
https://amnesty.no/ytringsfrihet?gclid=EAIaIQobChMIgure2fz36wIVlKmyCh2gmwVEEAAYASAAEgI9ufD_BwE
- Orgeret, K (29.07.2020): Charlie Hebdo
Henta frå https://snl.no/Charlie_Hebdo
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
FN
-
Getty Images
-
Sébastien Amiet (CC BY 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-