Fest og feiring året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere fest for å feire dei mange fasane i livet. Over heile verda blir feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer frå oktober til desember.

Ei jente prøver å ta et stort jafs av en helstekt kalkun.
Ei jente prøver å ta et stort jafs av en helstekt kalkun.

Ballongfestivalen

I ni dagar i oktober kvart år er det ein internasjonal ballongfestival i Albuquerque, New Mexico i USA. Folk som elskar varmluftsballongar frå heile verda kjem hit. Festivalen starta i 1972 med berre 13 varmluftsballongar, men i dag er verdas største festival for varmluftsballongar. Over 500 personar deltek no.

Spektakulært syn på himmelen

Under festivalen er det mange ulike ting som skjer, som konkurransar og andre arrangement. Men det mest fantastiske synet er når alle deltakarane flyg opp i ballongane sine samtidig. I løpet av nokre få timar blir himmelen fylt med hundrevis av ballongar, og det er verkeleg ei spektakulær oppleving.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Divali

Divali, også kalla dipavali, er ein lysfest som blir feira i oktober – november. Festen er populær i nordlege delar av India og i Nepal. Festen er knytt til ulike religiøse forteljingar og tankar, og det sentrale symbolet for feiringa er at lyset sigrar over mørket. Det blir sagt at det bringer ekstra lykke å gifte seg under Divali.

Lykkegudinna blir ønskt velkommen

På Divali blir lykkas og rikdommens gudinne Lakshmi feira med stearinlys, oljelampar og fyrverkeri i tre netter på rad. Heimane blir reingjorde, og dørene blir haldne opne for å ønskje gudinna velkommen. Lysa held òg vonde ånder borte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung jente tenner lys og lager en fargerik og sirkelformet dekorasjon for å feire Divali.
Ung jente tenner lys og lager en fargerik og sirkelformet dekorasjon for å feire Divali.

Halloween

Halloween blir feira på kvelden den 31. oktober. Det er ein tradisjon som starta for lenge sidan og handlar om at dette er kvelden når døde ånder kjem tilbake til verda. For å verne seg mot vonde ånder tenner folk lykter og bål.

Knask eller knep

I Amerika, der tradisjonen vart vidareutvikla, er det vanleg for barn og ungdom å kle seg ut i skremmande kostyme og gå frå dør til dør og be om godteri. Dei seier “trick or treat!” (“knask eller knep!”) når dei bankar på døra. Mange pyntar òg med lyktar og graskar, og det er ei spennande og morosam feiring for mange.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dame åpner døra for en gjeng med barn og voksne som går knask eller knep på Halloween.
En dame åpner døra for en gjeng med barn og voksne som går knask eller knep på Halloween.

Dìa de los Muertos

Den 1. og 2. november blir  dagen  Dìa de Muertos feira. Namnet betyr «dei dødes dag». Feiringa er ein stor festdag i Mexico, Spania og Sentral-Amerika, og han blir òg feira i andre delar av verda. Denne dagen er ei blanding av colombiansk og spansk kultur.

Dei døde er æresgjestar

På denne dagen seier gamle historier at grensa mellom dei dødes og dei levende si verd er open. Dei dødes sjeler kjem tilbake til jorda for å ete, drikke og feste med familiane sine. Dei levande tek imot dei døde som æresgjestar til festen.

Ærar den døde med eit alter

Mange lagar eit alter som er pynta med mat og drikke, leikar og bilde av avdøde. Nokre stader blir dette plassert ved gravene. Det er vanleg å bruke oransje blomstrar som blir kalla magnolia, og graskar for å pynte. Ein annan ting som ofte blir brukt som symbol, er hovudskallar, som er laga som masker. Det er òg vanleg å bake kaker og annan bakst som liknar eit skjelett. Barn går ofte utkledde og ber om godteri.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jente med flosshatt og langt hår sminket som en fargerik hodeskalle.
Jente med flosshatt og langt hår sminket som en fargerik hodeskalle.

Yi Peng lanternefestival

Yi Peng lanternefestival blir feira i den nordlege delen av Thailand på fullmånedagen i den tolvte månaden i månekalenderen. Festivalen har røter i både buddhistiske og hinduistiske tradisjonar. Under feiringa blir det tent lys som blir plasserte ved inngangen til heim, tempel og butikkar. Ein av hovudattraksjonane under festivalen er å sleppe opp lysande lanterner mot himmelen. Dette symboliserer å frigjere negativ energi og å ønskje lykke og hell for det nye året. Festivalen markerer òg overgangen frå haust til vinter.

Thanksgiving

Thanksgiving er ein hausttakkefest som blir feira i USA den fjerde torsdagen i november, og i Canada den andre måndagen i oktober. Opphavleg var det ei feiring der ein takka Gud for avlinga og andre gåver i året som hadde gått. I dag har mykje av den religiøse betydninga vorte borte.

Stor familiefest

I dag er Thanksgiving ein familiefest der ein et kalkun, tranebærsaus og graskarpai. Ein av dei merkelegaste tradisjonane er kanskje at presidenten i USA kvart år «benådar» ein kalkun. Dette skjer under ein høgtideleg seremoni utanfor Det kvite hus i Washington D.C.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mor og datter forbereder en kalkun til Thanksgiving-middag med familien.
Mor og datter forbereder en kalkun til Thanksgiving-middag med familien.

Hanukka

Hanukka er ei jødisk feiring som skjer i november eller desember. Datoen blir bestemt ut frå den hebraiske kalenderen. Det er ein minnefest for gjeninnvigselen av tempelet i Jerusalem i år 165 f.Kr. Nokre år før dette hadde tempelet vorte plyndra, og jødane vart nekta tilgang til sitt heilagste hus. Under innvigselen vart det brukt ein olje som berre skulle brenne i éin dag, men mirakuløst nok brann han i åtte dagar! Derfor blir Hanukka feira i åtte dagar!

Åttearma lysestake

Kvar kveld blir det tent eitt lys i den åttearma lysestaken, som blir kalla hanukkia, og ein syng songen Maoz Zur (O, borga mi). Dette er litt som adventsstaken der ein tenner eitt lys kvar søndag i adventstida. Mat og kaker blir laga i olje. Berlinarbollar og potetpannekaker er spesielt populære. Det er vanleg at barna får pengar eller gåver under feiringa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jødisk familie med mor, far og datter tenner en åttearmet lysestake som står på et festpyntet bord.
Jødisk familie med mor, far og datter tenner en åttearmet lysestake som står på et festpyntet bord.

Bodhi-dagen

Bodhi-dagen blir feira 8. desember kvart år. Buddhistar markerer denne dagen med meditasjon, te, kaker og tende lys. Somme besøkjer tempel eller andre heilage stader for å heidre Buddha. Ein vanleg tradisjon er å pynte eit fikentre, også kalla Bodhi-tre, med perler og fleirfarga lys. Bodhi-dagen er ein dag med stor betydning for buddhistar over heile verda, og er til minne om oppvakninga til den første Buddha.

Bodhi – Buddhas oppvakning

Buddha er mannen som grunnla buddhismen. Læra hans, kalla dharma, er bevart i buddhistiske tekstar og er grunnlaget for alle buddhistiske retningar. Buddha betyr «Den oppvakna». Dette er ikkje personnamnet hans, men ein ærestittel som vart gitt til den indiske prinsen Siddhattha Gotama etter at han oppnådde oppvakning, også kalla bodhi, gjennom meditasjon.

Det som skjedde under fikentreet

Medan Buddha sat under eit fikentre ved det som no er Bodh Gaya i delstaten Bihar, fekk han ei djup innsikt i samanhengen i tilværet og vegen til å avslutte liding, Nirvana. Dette var  oppvakninga hans. Kort tid etter heldt han si  første preike og fekk gradvis ei stor gruppe tilhengjarar. Med tida utvikla buddhismen seg til ein verdsreligion.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Luciadagen

Luciadagen er ein heilagdag som blir feira 13. desember for å minnast den heilage Lucia, ein martyr frå Sicilia. Opphavleg var Luciadagen ein katolsk tradisjon og har ikkje noko samband med adventstida. Det finst mange ulike historier om Lucia, men det ein sikkert veit, er at ho vart drepen rundt år 300. Etter døden vart ho utnemnd til helgen fordi ho ofra livet for si tru på Gud. Ho skal mellom anna ha nekta å betale skatt til dei romerske gudane, og ville heller gi pengane til dei fattige for å “glede Gud”.

Lysets dag

Luciadagen blir feira på mange ulike stader, som skular, barnehagar og sjukeheim. På denne dagen kler barna seg i kvitt og går i Luciatog. Alle har lys i hendene, og den som går først, har òg ein krans med lys på hovudet. Toget går rundt i alle rom medan dei syng Luciasangen. På Luciadagen er det vanleg å ete kveitebakst som blir kalla lussekattar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange jenter som står ved siden av hverandre med tente lys og synger for å markere Luciadagen.
Mange jenter som står ved siden av hverandre med tente lys og synger for å markere Luciadagen.

Yaldā Night

Yaldā Night er ei feiring som går føre seg i Iran, Afghanistan og andre stader som har vorte påverka av persisk kultur. Feiringa skjer på natta mellom 20. og 21. desember, som er årets mørkaste natt. Dette blir òg kalla vintersolsnu, og er ei spesiell tid på året.

Vannmelonar og gåver

Yaldā Night er ei feiring der venner og familie kjem saman for å ete, drikke, danse og lese til langt på natt. Vassmelon, granateple og nøtter, er viktige delar av feiringa. Det raude fruktkjøtet symboliserer glød i livet. Det er òg vanleg å skaffe og pynte eit sedertre, som alltid er grønt. Sedertreet er eit symbol på udødelegheit og fridom, og gåver kan leggjast under treet. Dette liknar på juletradisjonen med juletre og julegåver.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Jul

Den 24. desember er det julaftan i Noreg. Det er ein kristen tradisjon som minnes Jesu fødsel, men jul vart òg feira før Jesus vart fødd. Då heitte feiringa jólablót, og det var ein fest rundt vintersolverv der ein ofra til gudane og drakk øl.

Julaftan er barnas kveld

Mange tek inn eit juletre i stova, eller pyntar med grankvistar. Grønfargen symboliserer fruktbarheit og evig liv. På julaftan samlar ein vanlegvis familie og venner og et ein fin middag. Nokre går òg rundt juletreet og syng julesongar før gåvene blir opna. Julaftan er først og fremst  barna sin kveld. 1. og 2. juledag er heilagdagar, og dagane frå 27. til 31. desember blir kalla romjul.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Boxing Day

Boxing Day er ein britisk tradisjon som blir markert på 2. juledag, den 26. desember. Dagen blir òg feira i andre land som tidlegare var britiske koloniar. Ein gammal tradisjon var å gi bort ei eske med matrestar frå julemiddagen til tenarar og tenestefolk. Denne eska vart kalla “box”. Det var òg vanleg å gi pengar til dei som hadde lite i ein spesiell boks i kyrkja. Dette vart òg kalla “box”.

Fotball og shopping

I dag er Boxing Day ein handelsdag. Det er òg vanleg å samle venner og familie til spel og moro, og det blir spelt fotballkampar i Premier League.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame med rød nisselua holder mange handleposer i hendene sine foran et opplyst shoppingsenter.
Dame med rød nisselua holder mange handleposer i hendene sine foran et opplyst shoppingsenter.

Kwanzaa

Kwanzaa er ei feiring som varer i sju dagar, frå 26. desember til 1. januar. Dette er ei nyare og ikkje-religiøs feiring som først og fremst finn stad i USA. Kwanzaa er ei moglegheit for afroamerikanarar å lære meir om den afrikanske kulturen sin og feire arven sin. Familiar og lokalsamfunn organiserer aktivitetar som dans, musikk og poesi for å markere denne spesielle tida.

Afrikansk familie med to voksne og to barn feirer Kwanzaa og tenner syvarmet lysestake med røde og grønne lys.
Afrikansk familie med to voksne og to barn feirer Kwanzaa og tenner syvarmet lysestake med røde og grønne lys.

Nyttår

Nyttårsfeiringa er ei av dei eldste feiringane som finst og skjer over heile verda. Ulike kulturar og religionar kan ha ulike datoar for nyttårsfeiring. Det som er felles for alle feiringane er at nyttårsfeiringa markerer overgangen til eit nytt år. Venner og familie samlast ofte til eit festmåltid, og eit stort fyrverkeri markerer inngangen til det nye året.

Kjelder:

  • Jacobsen, Knut A.: divali i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/divali
  • Groth, Bente: hanukka i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/hanukka
  • Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: Buddha i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/Buddha
  • Stovner, Ina Louise; Dybdahl, Audun: luciadagen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/luciadagen
  • Stovner, Ina Louise; Bø, Olav; Groth, Bente: jul i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/jul
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. University Communications CC BY NC ND 3.0
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Getty Images
    18. Getty Images