Fest og feiring året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtidar og arrangere fest for å feire dei mange fasane i livet. Over heile verda blir det feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer frå oktober til desember.

Ei jente prøver å ta et stort jafs av en helstekt kalkun.
Ei jente prøver å ta et stort jafs av en helstekt kalkun.

Ballongfestivalen

I oktober arrangerer dei ein ballongfestival i Albuquerque i USA. Mange folk som elskar varmluftsballongar, kjem hit frå heile verda. Festivalen starta i 1972 med 13 varmluftsballongar. No er det den største varmluftsballongfestivalen i verda med over 500 deltakarar.

Flott syn på himmelen

På festivalen skjer det mange ting, det er konkurransar og andre arrangement. Men det beste er når alle deltakarane flyg opp i ballongane sine samtidig. På nokre timar blir heile himmelen fylt med hundrevis av ballongar. Det er verkeleg eit flott syn!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Divali

Divali er ein lysfest som blir feira i India og Nepal i oktober – november. Det er ein fest som handlar om at lyset sigrar over mørket. Det er ekstra lykkebringande å gifte seg under Divali.

Lykkegudinna blir ønskt velkommen

Divali blir feira tre netter på rad. Lykkegudinna Lakshmi blir ønskt velkommen med stearinlys, oljelampar og fyrverkeri. Ein reingjer heimane og held dørene opne for å invitere gudinna inn. Lysa hjelper òg med å halde vonde ånder unna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung jente tenner lys og lager en fargerik og sirkelformet dekorasjon for å feire Divali.
Ung jente tenner lys og lager en fargerik og sirkelformet dekorasjon for å feire Divali.

Halloween

På kvelden den 31. oktober feirar ein Halloween. Det er ein gammal tradisjon, som handlar om at dei døde kjem tilbake til menneskeverda. Dei kan skape mykje frykt og uro. For å verne seg mot vonde ånder tenner folk lykter og bål.

Knask eller knep

På 1800-talet tok europeiske innvandrarar tradisjonen med seg til Amerika. Der har han utvikla seg vidare. I dag kler mange barn og unge seg ut og går “trick or treat” frå dør til dør for å få godteri. I Noreg seier barna “knask eller knep!”. Det er òg vanleg å pynte med lykter og graskar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dame åpner døra for en gjeng med barn og voksne som går knask eller knep på Halloween.
En dame åpner døra for en gjeng med barn og voksne som går knask eller knep på Halloween.

Dìa de los Muertos

Den 1. og 2. november feirer ein Dìa de Muertos, som betyr «dei dødes dag». Det er ein stor festdag i Mexico, Spania og Sentral-Amerika, og han blir òg feira i andre delar av verda.

Dei døde er æresgjestar

Gamle historier fortel at på denne dagen kan dei døde komme tilbake til jorda og vera saman med familiane sine. Dei levande tek imot dei døde som æresgjestar til festen.

Ærar den døde med eit alter

Mange lagar eit alter med mat, drikke, leikar og bilde av dei døde. Nokre stader blir dette plassert ved grava deira. Oransje blomstrar og graskar er populære pyntegjenstander. Ein brukar òg hovudskallar som maske. På denne dagen går barn ofte utkledde og ber om godteri.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jente med flosshatt og langt hår sminket som en fargerik hodeskalle.
Jente med flosshatt og langt hår sminket som en fargerik hodeskalle.

Yi Peng lanternefestival

Yi Peng lanternefestival er ei feiring som skjer nord i Thailand. Under festivalen blir det tent lys som blir plasserte ved inngangen til heimane, i tempel og i butikkar. Folk slepper òg opp lysande lanterner mot himmelen. Dette skal gi hell og lykke i det nye året. Festivalen markerer òg overgangen frå haust til vinter.

Thanksgiving

Thanksgiving er ein fest som blir feira i USA den fjerde torsdagen i november. Dagen var ein gong ei feiring der ein takka Gud for årets avling og andre gode ting.

Stor familiefest

I dag er det meir ein familiefest der ein et kalkun, tranebærsaus og graskarpai. Ein rar tradisjon er at den amerikanske presidenten kvart år “benådar” ein kalkun under ein høgtideleg seremoni utanfor Det kvite huset i Washington D.C.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mor og datter forbereder en kalkun til Thanksgiving-middag med familien.
Mor og datter forbereder en kalkun til Thanksgiving-middag med familien.

Hanukka

Hanukka er ei feiring som jødane har i november/desember. Ein feirar at tempelet i Jerusalem vart gjeninnvia i år 165 f.Kr. Då hadde tempelet vorte øydelagt nokre år tidlegare, og jødane kunne ikkje lenger bruke sitt heilagste hus. Under innvigselen vart det brukt ein olje som skulle brenne i berre éin dag, men som ved eit mirakel brann han i heile åtte dagar! Derfor blir Hanukka feira i åtte dagar.

Åttearma lysestake

Kvar kveld blir tent eitt lys i den åttearma lysestaken (hanukkia), og ein syng salmen Maoz Zur (O, borga mi). Dette minner om adventstida der ein tenner eitt lys kvar søndag. Mat og kaker blir steikte i olje, og berlinarbollar og potetpannekaker er spesielt populære. Barna får ofte pengar eller gåver under feiringa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jødisk familie med mor, far og datter tenner en åttearmet lysestake som står på et festpyntet bord.
Jødisk familie med mor, far og datter tenner en åttearmet lysestake som står på et festpyntet bord.

Bodhi-dagen

Bodhi-dagen blir feira 8. desember kvart år. Dagen blir markert med meditasjon, te, kaker og tende lys. Somme besøkjer heilage stader for å heidre Buddha. Det er vanleg å pynte eit fikentre, også kalla Bodhi-tre, med perler og fleirfarga lys. Bodhi-dagen er ein viktig dag for buddhistar, og er til minne om oppvakninga til den første Buddha.

Bodhi – Buddhas oppvakning

Buddha grunnla buddhismen. Buddha betyr «Den oppvakna». Det er ikkje eit namn, men ein ærestittel som vart gitt til den indiske prinsen Siddhattha Gotama etter at han forstod korleis livet burde levast best mogleg.

Det som skjedde under fikentreet

Medan Buddha sat under eit fikentre, forstod han korleis alt i livet heng saman. Han forstod òg korleis lidinga kunne ta slutt. Vi kallar det ei oppvakning. Kort tid etter heldt han si første preike. Mange begynte å tru på han. Med tida vart dette ein verdsreligion.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Luciadagen

Luciadagen blir feira 13. desember for å heidra den heilage Lucia. Feiringa har eigentleg ikkje noko med adventstida å gjere. Det finst mange ulike historier om Lucia. Det ein sikkert veit er at ho vart drepen rundt år 300 fordi ho trudde på Gud. Etter døden vart ho utnemnd til helgen fordi ho ofra livet for trua si.

Lysets dag

Luciadagen blir ofte feira på skular, barnehagar, sjukeheim og andre stader. På denne dagen kler barna seg i kvitt og går i Luciatog. Alle held lys i hendene, og den som går først, har ein krans med lys på hovudet. Toget går rundt i alle rom medan dei syng Luciasangen. Det er òg vanleg å få servert ein spesiell bakst kalla lussekatt denne dagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange jenter som står ved siden av hverandre med tente lys og synger for å markere Luciadagen.
Mange jenter som står ved siden av hverandre med tente lys og synger for å markere Luciadagen.

Yaldā Night

Yaldā Night er ein fest som blir feira i Iran, Afghanistan og fleire andre stader. Feiringa skjer på årets mørkaste natt, natta mellom 20. og 21. desember. Dette blir òg vintersolsnu.

Vannmelonar og gåver

På Yaldā Night feirar venner og familie med god mat, drikke og dans. Vassmelon og granateple er viktige delar av feiringa. Det raude fruktkjøtet symboliserer liv og glede. Det er òg vanleg å pynte eit sedertre, som alltid er grønt. Det symboliserer udødelegheit. Gåver blir lagde under treet, akkurat som på julaftan.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Jul

Den 24. desember feirar vi julaftan i Noreg. Ifølgje kristen tru feirar vi Jesu fødsel denne dagen. Men jula har òg vorte feira lenge før Jesus vart fødd. Då kalla ein feiringa for jólablót, og det var ein fest der ein ofra til gudane og drakk øl.

Julaftan er barnas kveld

Mange tek inn eit juletre i stova eller pyntar med greiner frå grantre. På julaftan samlast familie og venner for å ete ein god middag saman. Nokre går òg rundt juletreet og syng julesongar før dei opnar gåvene. Julaftan er ein spesiell kveld for barna. Dei første to dagane etter jul, 1. og 2. juledag, er heilagdagar. Dagane mellom jul og nyttårsaftan blir kalla romjul.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Boxing Day

2. juledag i Storbritannia blir kalla Boxing Day. På Boxing Day var det vanleg å setje ut ein boks med matrestar og kanskje ei lita gåve til tenestefolket. Det var òg vanleg å gi pengar til dei fattige i ein boks som vart plassert i kyrkja.

Fotball og shopping

I dag er Boxing Day ein handelsdag. Det er òg vanleg å samle venner og familie til spel og moro, og det blir spelt fotballkampar i Premier League.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame med rød nisselua holder mange handleposer i hendene sine foran et opplyst shoppingsenter.
Dame med rød nisselua holder mange handleposer i hendene sine foran et opplyst shoppingsenter.

Kwanzaa

Kwanzaa er ei feiring som skjer i USA frå 26. desember til 1. januar. Det er ei nyare feiring som ikkje er knytt til nokon religion. Hovudformålet med Kwanzaa er å feira afrikansk kultur og tradisjonar, spesielt blant afroamerikanarar. Familiar og samfunn organiserer ulike aktivitetar, som dans, musikk og poesi.

Afrikansk familie med to voksne og to barn feirer Kwanzaa og tenner syvarmet lysestake med røde og grønne lys.
Afrikansk familie med to voksne og to barn feirer Kwanzaa og tenner syvarmet lysestake med røde og grønne lys.

Nyttår

Nyttårsfeiringa er ei av dei eldste feiringane som finst, og ho skjer over heile verda. Ulike kulturar og religionar kan ha ulike datoar for nyttårsfeiring, men det som er felles, er at feiringa markerer overgangen til eit nytt år. Familiar og venner samlast ofte til ein betre middag, og det er vanleg å sjå på eit flott fyrverkeri når det nye året begynner.

Kjelder:

  • Jacobsen, Knut A.: divali i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/divali
  • Groth, Bente: hanukka i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/hanukka
  • Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: Buddha i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/Buddha
  • Stovner, Ina Louise; Dybdahl, Audun: luciadagen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/luciadagen
  • Stovner, Ina Louise; Bø, Olav; Groth, Bente: jul i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. april 2023 frå https://snl.no/jul
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. University Communications CC BY NC ND 3.0
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Getty Images
    18. Getty Images