1. verdskrigen

På begynnelsen av 1900-talet skjedde det store endringar i Europa, og Europa gjekk frå å vere små statar til å bli større land. Det førte til konfliktar og var oppstarten til 1. verdskrigen.

Accessibility icon 1. verdskrigen

Europa erobrar koloniar

Tyskland, Storbritannia og Frankrike var stormakter som ønskte å leggje under seg «resten av verda». Dei erobra land i Afrika og Asia for å skaffe seg koloniar. Koloniar er land som blir styrte av eit anna land. Dei som bestemmer, bur ofte i eit land langt unna.

Utnytta folket

Mange av dei som budde i koloniane, vart brukte som billig arbeidskraft. Dei jobba hardt mellom anna for å finne gull og for å dyrke bomull og kaffibønner. Det var mykje uro i koloniane, men det var uro i Europa som førte til 1. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av afrikanske slaver som høster inn bomull mens hvite slaveeiere ser på.
Illustrasjon av afrikanske slaver som høster inn bomull mens hvite slaveeiere ser på.

Et annleis europakart

På starten av 1900-talet såg europakartet heilt annleis ut enn i dag. Store delar av Europa vart styrte av Storbritannia, Russland, Frankrike og Austerrike-Ungarn. Det var fleire folkeslag som ønskte å frigjere seg for å få sitt eige land. Spesielt i Austerrike-Ungarn.

Nasjonalisme

I ein slik prosess kunne det oppstå det vi kallar nasjonalisme. Det er ei kjensle av tilhøyrsle til eit område eller eit folk. Her i Noreg føler mange ei sterk nasjonalkjensle på 17. mai. Vi står samla som folk og nasjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt gulnet kart over Europa.
Gammelt gulnet kart over Europa.

Framandhat

Nokre folk og land meiner at dei er betre enn menneske som bur i andre land. Då kan nasjonalisme bli farleg og kan føre til hat og rasisme. Rasisme er å meine at nokon er betre enn andre på grunn av rase eller hudfarge.

Tyskland og Italia

Mange område rundt Tyskland vart samla til eitt land der folket hadde felles språk og kultur. Det same skjedde med områda rundt i Italia. På begynnelsen av 1900-talet vart desse landa veldig nasjonalistiske.

📷  Benito Mussolini, med band over skuldra, vart ein sterk leiar i Italia.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Benito Mussolini leder marsjen i Rome
Benito Mussolini leder marsjen i Rome

Stor uro

Tyskland og Italia ønskte å samle folk med felles språk, historie og kultur. I Austerrike-Ungarn var det folkegrupper som ønskte sitt eige land. Derfor var det mykje uro i Europa tidleg på 1900-talet.

Samarbeid i tilfelle krig

All uroa gjorde at mange vart redde for krig. Derfor begynte nokre land å samarbeide. Storbritannia, Russland og Frankrike var samde om å hjelpe kvarandre. Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia gjorde det same.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sort hvitt bilde der en mann holder tale til en stor folkemengde.
Sort hvitt bilde der en mann holder tale til en stor folkemengde.

Serbisk frigjering

Serbia ønskte å bli eit eige land saman med Bosnia, som høyrde til   Austerrike-Ungarn. Ei bosnisk-serbisk gruppe som kalte seg Den svarte handa jobba hardt for å få til dette. Dei førebudde mellom anna ein aksjon i hovudstaden i Bosnia, Sarajevo.

Skota i Sarajevo

I juni 1914 besøkte tronarvingen i Austerrike-Ungarn, Franz Ferdinand, Sarajevo. Mange menneske hadde samla seg i gatene for å sjå han og kona Sophie. Plutseleg spring ein ung mann fram og skyt begge to!

📷  Fem minutt før Franz Ferdinand og Sophie blir skotne.

Den svarte handa

Drapsmannen var med i gruppa Den svarte handa. Dei meinte drapet på Franz Ferdinand ville hjelpe dei til å få sitt eige land. Desse skota blir kalla «Skota i Sarajevo», og førte til at 1. verdskrigen starta.

1. verdenskrigen startar

Etter drapet erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Russland støtta Serbia. Tyskarane erklærte derfor krig mot Russland. Frankrike, som støtta Russland, erklærte krig mot Tyskland. Storbritannia valde å støtte Frankrike.

  1. verdskrigen hadde starta.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Franz Ferdinand og Sophie på vei ned rådhustrappa i Sarajevo i 1914.
Franz Ferdinand og Sophie på vei ned rådhustrappa i Sarajevo i 1914.

Skyttargravskrig

Då Tyskland erklærte krig, måtte dei kjempe på to frontar. Dei kjempa mot Storbritannia og Frankrike i vest og mot Russland i aust. Områda der hærane møtte kvarandre, vart kalla Vestfronten og Austfronten.

Langs Vestfronten vart det grave skyttargraver. Desse vart laga for å verne soldatane og for å forsvare seg mot fienden. Området mellom desse vart kalla for ingenmannsland.

Soldatane låg i skyttargravene på kvar side og skaut mot kvarandre. Nokre gongar sprang dei over ingenmannsland for å kjempe mot fienden med gevær og bajonettar. Bajonettar er lange knivar som blir festa framme på geværet.

Røntgenutstyr til fronten

Under 1. verdskrigen fekk Marie Curie bygd 150 bilar utstyrte med røntgenutstyr. Dette brukte dei for å hjelpe soldatane ved fronten. Det var berre kvinner som arbeidde med dette.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Skyttergrav fra 1. verdenskrig
Skyttergrav fra 1. verdenskrig

Austfronten og Vestfronten

På Austfronten kjempa tyskarane hardt mot russarane. Russarane måtte til slutt be om fred på grunn av at det braut ut revolusjon i deira eige land.

På Vestfronten låg soldatane og skaut på kvarandre frå skyttargravene. Den som klarte å halde ut lengst, ville vinne til slutt. Storbritannia prøvde å stoppe alle tyske skip, slik at dei tyske soldatane fekk lite mat og utstyr. Likevel klarte tyskarane å slå tilbake med eit nytt og effektivt våpen: ubåten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Britiske soldater i en skyttergrav fra 1. verdenskrig.
Britiske soldater i en skyttergrav fra 1. verdenskrig.

Ubåtkrig

Tyskarane trong mat og utstyr. Derfor måtte dei få bort dei britiske skipa som stengde hamnene. Tyskarane angreip britiske skip med ubåtar og søkkte mange av dei. I 1915 senka tyskarane eit passasjerskip. Mange amerikanarar omkom, og dermed erklærte USA krig mot Tyskland i 1917.

📷   Den tyske ubåten U-14.
Tysk ubåt fra første verdenskrig.
Tysk ubåt fra første verdenskrig.

Fredsforhandlingar

Då USA gjekk inn i krigen, gjekk det raskt dårlegare for Tyskland. Tyskarane vart tvinga tilbake, og i november 1918 var 1. verdskrigen over. Sigerherrane møttest i Versailles i Frankrike til fredsforhandlingar. Derfor fekk fredsavtalen namnet Versailles-traktaten.

📷  Signering i speglsalen 28. juni 1919. Måleri: Wiiliam Orpen.
Maleri av fredsforhandlingene i Versailles 1918.

Dei som vann krigen, bestemte at Tyskland måtte bli straffa hardt. Tyskland måtte gi frå seg landområde og koloniar. Tyskland fekk ikkje lov til å ha mange soldatar og våpen. Dei måtte betale mange pengar for alt som hadde vorte øydelagt under krigen.

Tyskarane måtte godta avtalen, men dei meinte han var veldig urettferdig. Då Adolf Hitler kom til makta på 1930-talet, ønskte han å gjere Tyskland til eit mektig rike igjen. Det var dette som førte fram til 2. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein av dei mest dødelege krigane

1. verdskrigen er ein av tidenes mest dødelege krigar. Rundt 9 millionar vart drepne. Mykje på grunn av teknologi som fly, ubåtar og stridsvogner. Under 2. verdskrigen vart teknologien utvikla vidare, og den krigen vart endå verre enn den første verdskrigen.

📷  Handkolorert fotografi frå slaget ved Passchendaele i Belgia 1917.
Håndkolorert fotografi fra slaget ved Passchendaele i Belgia 1917.
Håndkolorert fotografi fra slaget ved Passchendaele i Belgia 1917.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Public domain
    6. Getty Images
    7. Public domain
    8. Public domain
    9. William Orpen / Public domain
    10. Public domain