


P-stav
P-stav er ein liten plaststav som blir sett inn under huda på innsida av overarmen. Ein får bedøving når han blir sett inn. P-staven hemmar eggløysing, akkurat som p-pilla.
P-staven varer i tre år og er eit veldig trygt prevensjonsmiddel. Nokre kan få biverknader som kviser, humørsvingingar og uregelmessig menstruasjon.


P-plaster
P-plaster er eigentleg det same som p-piller, berre at hormona kjem inn i kroppen via eit plaster. Ein festar plasteret på kroppen den første dagen i menstruasjonssyklusen, anten på rumpa, overarmen eller øvst på ryggen. Etterpå må ein byte plaster kvar sjuande dag. Etter tre veker med plaster skal ein gå ei veke utan. Da får ein mensen.
P-plaster er ein sikker prevensjonsmetode, og nokre får mindre menssmerter og kortare blødingar.
Ulempa er at plasteret kostar meir enn andre prevensjonsmiddel, og somme får biverknader som humørsvingingar, kvalme, hovudpine, hudreaksjonar og mindre lyst på sex.

P-ring
P-ring er ein plastring som du set inn i skjeden. Etter tre veker tar du han ut og ventar i inntil sju dagar før du set inn ein ny.
P-ringen hemmar òg eggløysinga hos jenter. Dei vanlegaste biverknadene er hovudpine, ømme puppar, meir utflod, kvalme, humørsvingingar, tristheit, kviser og at ein har mindre lyst på sex. Somme får òg sjeldne biverknader som for eksempel blodpropp.


Naudprevensjon
Hjeeelp! Eg har hatt sex utan prevensjon. Kva gjer eg nå?
Ein kan kjøpe naudprevensjon reseptfritt på apoteket. Det er ein tablett som jenta må ta innan 12 timar etter samleie. Viss ein blir gravid, er abort den einaste måten å avbryte graviditeten på.



Kva kostar prevensjon?
I Noreg er det billig eller gratis å kjøpe prevensjon viss du er under 22 år. Kor mykje du skal betale, kjem an på alder og type prevensjon. Rabatten blir trekt frå i kassa på apoteket.


