


P-stav
P-stav er ein liten plaststav som blir sett inn under huda på overarmen og beskyttar deg i tre år. Han hemmar eggløysing, akkurat som p-pilla. Nokre kan få humørsvingingar og uregelmessig menstruasjon.


P-plaster
P-plaster verkar på same måten som p-piller. Ein set plasteret på huda den første dagen i menstruasjonssyklusen, og så må ein byte plaster kvar sjuande dag. Etter tre veker skal ein gå i veke utan plaster, og da får ein mensen.
P-plaster er ein sikker prevensjonsmetode som kan gi mindre menssmerter og kortare blødingar.
Ulempa er at plasteret er litt dyrt, og somme får humørsvingingar, kvalme, hovudpine og nedsett sexlyst.

P-ring
P-ring er ein plastring som blir sett inn i skjeden. Etter tre veker tar du han ut og ventar ei veke før du set inn ein ny.
P-ringen stoppar eggløysinga, men somme får biverknader som hovudpine, ømme puppar, humørsvingingar, kviser og nedsett sexlyst. Det er òg ein liten risiko for å få blodpropp.


Naudprevensjon
Kva kan ein gjere viss ein har hatt sex utan prevensjon?
Alle kan kjøpe naudprevensjon på apoteket. Det er ein tablett som jenta må ta innan 12 timar etter samleie. Elles er abort den einaste måten å avbryte ein graviditet på.



Kva kostar prevensjon?
I Noreg er det billig eller gratis å kjøpe prevensjon viss du er under 22 år. Prisen er avhengig av alder og type prevensjon.


