Bli betre kjent

Å bli kjent med andre er livsviktig for oss menneske. Korleis kan vi bli betre kjent med menneska vi har rundt oss?

Accessibility icon Bli betre kjent

Å bli betre kjent med andre  …

…  er faktisk livsviktig for oss menneske.

Visste du at allereie som nyfødd begynte du å knyte deg til dei nærmaste rundt deg? Først foreldra dine, så kanskje søsken, besteforeldre, og etter kvart venner.  

Det å føle at vi kjenner nokon andre og ikkje er åleine, er viktig for alle menneske. Men kvifor er det sånn? Og korleis kan vi bli betre kjent med menneska vi har rundt oss? Det skal du få nokre tips om her.

Mor går tur ved en elv på fjellet med baby i bæresele på magen.
Mor går tur ved en elv på fjellet med baby i bæresele på magen.

Forsking viser

Kvart år undersøker Folkehelseinstituttet (FHI) kva som gjer at nordmenn har det bra. Det å ha gode relasjonar kjem alltid på toppen av listene.

Forskinga viser at nær kontakt med andre menneske gjer oss lykkelegare. Grunnen er at hjernen skil ut hormona serotonin og dopamin når vi opplever noko positivt. Dette gir oss ei glad og roleg kjensle i kroppen.

Å ha venner og familie som kjenner deg godt kan òg gi ei viktig kjensle av tryggleik. Det er òg fint å vite at du betyr noko for andre. Alle treng nokon å snakke med om tankar, kjensler og opplevingar utan å vere redd for å bli avvist.

Gode forhold kan òg hjelpe deg med å forstå kven du er. I møte med andre menneske blir du kjent med ulike sider av deg sjølv.

Kjem du i ein vanskeleg situasjon, viser forskinga at dei som får støtte frå sine næraste, klarer seg best.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To par hender holder et rødt hjerte sammen.
To par hender holder et rødt hjerte sammen.

Fellesskap

Du har kanskje høyrt at menneske er flokkdyr? Det betyr at du treng å føle tilhøyrsle med andre menneske. Når du blir sett og høyrt av menneske rundt deg, dei som er flokken din, oppstår det som blir kalla samhald og fellesskap.

Felleskapet kan vere samfunnet du lever i, klassen du går i eller familien din – miljøet du lever i, rett og slett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tegnet multikulturell folkemengde.
Tegnet multikulturell folkemengde.

Samhald

Samhaldet er det som er innanfor felleskapet. Det er dei sterke relasjonane i dei mindre gruppene. Dei næraste vennene, eller dei på volleyballaget. Det ekstra positive med samhald er at vi kan dele det som er aller viktigast med nokon andre.

Alle kan sikkert føle at dei er heilt åleine nokre gongar. Og at ingen andre har det på same måten. Då kan det vere ei stor trøyst å forstå at det er heilt vanleg. Klarer vi å akseptere det, så kan det bli lettare for oss å handtere motgang og utfordringar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre ungdommer sitter i en park og holder om hverandre.
Tre ungdommer sitter i en park og holder om hverandre.

Ingen er like

Vi har ulike måtar å vere sosiale på. Somme er kjempeskravlete, medan andre liker å tenkje meir før dei snakkar. Nokre snakkar høgt, andre er lågmælte. Nokon er ekstroverte og får energi av å vere saman med andre, medan andre er introverte og trivst best i eige selskap. Dei fleste menneske er kanskje ein miks av mange ting.

Dei fleste synest kanskje det er vanskeleg og skummelt å ta initiativ til å bli betre kjent. Til og med når du begynner å kjenne nokon betre, kan det kjennast krevjande. Ekspertane peikar på to ting som er viktig når du vil bli kjent med nokon. Det eine er å våge å vise fram ulike sider ved deg sjølv. Det andre er at du må vere interessert i den andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjenert tenåringsgutt med skolesekk og hette på hodet.
Sjenert tenåringsgutt med skolesekk og hette på hodet.

Metodar

No veit du litt om kvifor det er bra å bli betre kjent med andre. Men …  

  • Korleis kan du gå fram?  
  • Kva er det viktig at du følgjer med på?  
  • Og kva skal du gjere vidare?
Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.
Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.

Still spørsmål

Det første som må skje, er at du eller ein annan tek eit initiativ. Anten ved å leike ein spørsmålsleik, eller ved å berre stille nokre spørsmål. Vêr ærleg og nysgjerrig. Kva lurer du på om personen(e) du skal snakke med? Spørsmåla bør ikkje vere vanskelegare enn at du kan svare på dei sjølv.

I spørsmålsleiken er poenget at alle skal bli sett og høyrt, og då må alle svare på spørsmålet du/de stiller. Tenk gjerne igjennom kva slags tema det passar å snakke om ut ifrå situasjonen. Gjer det enkelt.

Viss de er på tur i skogen, kan det vere fint spørje om noko som har med tur eller naturen å gjere. Viss de er på skulen, kan det første spørsmålet gjerne dreie seg om skulen. Viss du veit at de er interesserte i dataspel, kan samtalen gjerne starte der.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mor med tre barn i ulik alder går tur i skogen om sommeren.
Mor med tre barn i ulik alder går tur i skogen om sommeren.

Still oppfølgingsspørsmål

Det er viktig å stille oppfølgingsspørsmål. Still spørsmål som dukkar opp der og då. Då kan samtalen plutseleg handle om noko heilt anna. Og så kan de hoppe tilbake til spørsmålet de eigentleg var i gang med å snakke om.

Far og sønn har en samtale mens de går tur i parken.
Far og sønn har en samtale mens de går tur i parken.

Lytt ordentleg

Ingen liker å prate med ein som ikkje følgjer med. Legg vekk mobiltelefonen, og sjå på den som snakkar. Lytt ordentleg, og kjenn etter kva det får deg til å føle eller tenkje. Prøv å leve deg inn i det den andre fortel. Det å byggje relasjonar er ikkje gjort på ein kveld. Det krev tid og merksemd.

To venninner sitter i en sofa og snakker sammen.
To venninner sitter i en sofa og snakker sammen.

Kjelder:

  • Kvam, Kjersti:
    Bedre kjent-boka (2021)
    Oslo. Cappelen Damm.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images