Sosial samhandling
Før me går vidare for å svara på spørsmålet, må me forklara kva me meiner med sosial samhandling og nettverk.
Sosial samhandling er å vera saman med andre og kommunisera med dei. Dette kan skje både på internett, i sosiale medium og ansikt til ansikt.
Det sosiale nettverket ditt er alle du treffar i røyndommen, på nett og i sosiale medium.
Denne samhandlinga er viktig for korleis du tenkjer, lærer og forstår ting.
Forsking der ein studerer bilete av hjernen, viser ein auka aktivitet i hjernen når personar tenkjer på å vera ein del av ei gruppe.
Når du tenkjer på deg sjølv, identiteten din og rolla di i gruppa, viser områda i pannelappen høg aktivitet.
Dette tyder på at dei sosiale samhandlingane våre utgjer ein stor del av identiteten vår. Menneske treng sosial kontakt.
På den andre sida er for mykje sosial samhandling heller ikkje bra. Det er mentalt krevjande å vera sosial. Å involvera seg i ein annan person krev mykje arbeid for hjernen og er ei mental anstrenging.
Det forklarer det motstridande ved at menneske både treng sosial kontakt og åleinetid.
Tenk over: Klarer du å ta pausar frå ditt sosiale liv når du alltid er tilgjengeleg?