Klesdesignarar produktutviklar alt frå underklede og badeklede til treningsklede, kvardagsplagg, festantrekk og brurekjolar.
Som klesdesignar kan du òg designe til dømes arbeidsklede, spesialklede til ekstremsport eller sikkerheitsklede.
I mange samanhengar er det viktig å lage klede med visse eigenskapar som er tilpassa eit bestemt formål, til dømes arbeidsklede eller turklede. I andre samanhengar skal kleda følge sesongens mote.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein klesdesignar innan mote er:
- følge med på og forstå trendar
- gjere research og innhente inspirasjon for kommande sesong og kolleksjon
- utarbeide mood boards (fysiske eller digitale oversikter som viser ein idé, eit konsept eller ein stil)
- velje ut passande materialar og stoff
- utarbeide fargekart
- designe plagga ved ulike designmetodar (blant anna modellere og teikne)
- teikne flatteikningar og lage tekniske beskrivingar for produksjon
- dialog med fabrikk/produsent
Kleda kan utformast for industriell eller handverksbasert produksjon.
I dette yrket må du ha god kunnskap om materialar, produksjonsteknikkar, passform og mønster. Klesdesignarar jobbar både for hand og digitalt. Du må derfor også ha gode IKT-kunnskapar for å kunne bruke relevante designprogram.
Stillingstitlane moteskapar, motedesignar, moteteiknar og kostymedesignar brukast òg om ein som designar klede.
I tillegg kan du ha stillingstitlar som modellør, mønsterkonstruktør, kolleksjonskoordinator eller produksjonskoordinator.