Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Bunadens mor
Hulda var ein trendsetjar som fekk byfolk til å interessere seg for norske folkedrakter. Ho var inspirert av ulike mønster og snitt i bondedraktene ho hadde sett på reisene sine, og deretter designa ho ei heilt ny drakt – ein bunad, nærmare bestemt Valdresbunaden.
Hulda Garborg
Kortreist mote
Bunaden skulle vere eit alternativ til moten i Paris, og det var viktig at bunaden var voven av norskprodusert stoff, som ull og lin, ikkje bomull og silke, som dei gamle folkedraktene gjerne hadde. Fargane skulle vere laga av norske plantar, men elles var det fritt fram å sette saman si eiga drakt.
Nærbilde av detaljer på en bunad
Kunst i handverket
Seinare vart det mykje strengare reglar for korleis dei ulike bunadane skulle sjå ut. På 1940- og 50-talet var det veldig viktig at bunaden vart historisk korrekt.
No har det såkalte «bunadspolitiet» roa seg ned. I dag finst det 450 ulike bunadar i Noreg, kvar med si lokale historie og tilhøyrsle.
Rosemåling i bunaden
Nokre bunadar er enkelt utforma, andre er vakkert broderte. Utsmykkingane er ofte inspirerte av tradisjonelle kvardagssklede, søndagsklede og høgtidsklede frå den bestemte staden. Men også andre kunstuttrykk vart brukte som inspirasjon, som til dømes rosemålinga på eit skåp i Trøgstad. Rosemålinga på skåpet vart inspirasjonen til broderia på Løkendrakta frå Østfold på 40-talet.
Løkendrakten
Hipp hipp hurra!
17. mai og bunad høyrer tett saman. Omtrent halvparten av alle kvinner pyntar seg i bunad denne dagen. Derimot er det ikkje så mange menn som gjer det same, berre 9 prosent. Men det er stadig fleire menn som får bunad, og det viser seg at 18. mai er dagen då mange menn plutseleg bestemmer seg for å bestille ei nasjonaldrakt.
17. mai i Førde 2006
Kostbar
Dei dyraste bunadane kan koste så mykje som 200 000 kroner! Du kan få kjøpt ein ny bil for dei same pengane. Men dette er dei mest ekstreme tilfella. Å sy ein bunad er eit strevsamt arbeid og eit imponerande handverk. Det kan ta eit utal med timar med nål og tråd for å skape dei mest kunstferdige broderia. Dessutan er bunadssølvet gjerne også handlaga i Noreg. Vanlegvis kostar ein bunad mellom 20 000 og 50 000 kroner, alt etter kva slags drakt det er og om ho er laga i Noreg eller ikkje.
Bunad fra Setesdal
Verdifull
Verdien av ein bunad er likevel umogleg å måle i berre pengar. Han betyr ofte svært mykje for eigaren, og for det norske samfunnet er han rekna for å vere ein viktig del av ein levande norsk kultur. Foreininga Den Norske Husfliden er sterkt engasjert i å ta vare på bunadstradisjonane. Dei sørgjar for at kunnskapen om kulturarven vert ført vidare.
Bunad
Ei gåve som varer livet ut
Bunad er ei flott gåve å få til konfirmasjonen. Stadig fleire jenter får bunad når dei skal konfirmerast. Men med tanke på kor dyrt eit slikt festantrekk er, er det lurt å vere medviten om at det kan bli eit press om at alle jenter «må» ha bunad til konfirmasjonen.
Bunad
Gutane kjem etter
Så kvifor er det så få gutar som ønskar seg bunad til konfirmasjonen? Dei får bunad gjerne seinare, som eksamenspresang. Somme meiner det er fordi gutar modnast seinare enn jenter, og dermed ønskjer dei seg bunad først når dei kjem i 25-årsalderen. Bunad har kanskje tradisjonelt sett også vore ei «jentegreie». Men det er heldigvis i ferd med å snu.
Mannlig bunad
3 damer og 2 menn i bunad
To forskjellige bunander
Kjelder:
- Dagbladet (05.02.2021): Dette er Norges dyreste bunad
https://www.dagbladet.no/video/dette-er-norges-dyreste-bunad/f02rt52g
- Forskning.no (04.02.2021): Før gikk rebellene i bunad
https://forskning.no/historie-kulturhistorie-kulturpolitikk/for-gikk-rebellene-i-bunad/561690
- Nettavisen (05.02.2021): Så mange bruker bunad
https://www.nettavisen.no/bunad/mette-marit/sa-mange-bruker-bunad/s/12-95-2905179
- Noss, Aagot: bunad i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 4. febraur 2021 fråhttps://snl.no/bunad
- NRK (05.02.2021): Leide bunad for to timer: – Stå imot presset, mener økonom https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/ber-folk-motsta-kjopepress-pa-bunad-1.14527727
- Sylvsmidja.no (05.02.2021): Fleire menn kjøper bunad «dagen derpå»
https://www.sylvsmidja.no/ inspirasjon/stadig-fleire-menn-kjoeper-bunad-dagen-derpaa/
- Tara (9. februar 2021): Bunad eller fantasistakk – eller ja takk, begge deler?
https://tara.no/livsstil/kultur/bunad-vs-fantasistakk-eller-ja-takk-begge-deler
Bilet- og videorettar:
-
-
Nasjonalmuseet
-
Nasjonalbiblioteket
-
Getty Images
-
Norsk Flid Husfliden – YouTube
-
Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum
-
Arild Finne Nybø (CC BY-SA 2.0)
-
Nasjonalbiblioteket
-
Shutterstock
-
Norske Bunader
-
Norske Bunader
-
Norske Bunader / discovery plus Norge – YouTube
-
Foto: Siren Lauvdal – Model: Ingvild K.M. / Team Models
-