Kvar kjem bunaden frå?

Du tenkjer kanskje at bunaden som mange i Noreg tek fram på 17. mai, er lik den som bondefolk pynta seg med for hundre år sidan? Det stemmer ikkje heilt, sjølv om bunader er inspirerte av kleda som nordmenn gjekk med før i tida. Det at bunaden er eit festplagg i dag, må vi truleg takke ei dame som heitte Hulda Garborg for.

Ved århundreskiftet mellom 18-og 1900-talet blomstra nasjonalromantikken opp i heile Europa, og nasjonalkjensla stod sterkt. I 1905 ble Noreg fritt frå Sverige, og det førte også til at nordmenn ønskte å skape sin eigen nasjonale identitet. Og her kom Hulda på bana. Ho gav ut boka Norsk Klædebunad, og trekte fram bunad som det ypparste av norske klede. Nasjonaldrakta vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude

Bunadens mor

Hulda var ein trendsetjar som fekk byfolk til å interessere seg for norske folkedrakter. Ho vart inspirert av ulike mønster og snitt i bondedraktene ho hadde sett, og deretter designa ho ei heilt ny drakt som vart til Valdresbunaden.

Hulda Garborg
Hulda Garborg

Kortreist mote

Bunaden skulle vere eit alternativ til moten frå Paris, og det var viktig at bunaden vart vevd av norskprodusert stoff, som ull og lin, ikkje bomull og silke, som dei gamle folkedraktene gjerne hadde. Fargane skulle vere laga av norske plantar, men elles vart det fritt fram å setje saman si eiga drakt.

Nærbilde av detaljer på en bunad
Nærbilde av detaljer på en bunad

Kunst i handverket

Seinare vart det mykje strengare reglar for korleis dei ulike bunadane skulle sjå ut. På 1940- og 50-talet var det veldig viktig at bunaden var historisk korrekt.

No har det såkalla «bunadspolitiet» roa seg ned. I dag finst det 450 ulike bunader i Noreg, kvar med si lokale historie og tilhøyrsle.

Rosemåling i bunaden

Nokre bunadar er enkelt utforma, andre er vakkert broderte. Utsmykkingane er ofte inspirerte av ulike klede frå den bestemte staden. Men også annan type kunst vart brukt som inspirasjon, som til dømes rosemålinga på eit skåp i Trøgstad. Rosemålinga på skåpet vart inspirasjonen til broderia på Løkendrakta frå Østfold på 40-talet.

 

Løkendrakten
Løkendrakten

Hipp hipp hurra!

17. mai og bunad høyrer tett saman. Omtrent halvparten av alle kvinner pyntar seg i bunad denne dagen. Derimot er det berre 9 prosent av alle menn som gjer det same. Men det er stadig fleire menn som får bunad, og det viser seg at 18. mai er dagen då mange menn plutseleg bestemmer seg for å bestille ei nasjonaldrakt.

17. mai i Førde 2006
17. mai i Førde 2006

Kostbar

Dei dyraste bunadene kan koste så mykje som 200 000 kroner! Du kan få kjøpt ein ny bil for dei same pengane. Men dette er dei mest ekstreme tilfella. Å sy ein bunad er mykje arbeid og eit imponerande handverk. Det kan ta mange timar med nål og tråd for å skape dei mest kunstferdige broderia. Dessutan er bunadssølvet gjerne også handlaga i Noreg. Vanlegvis kostar ein bunad mellom 20 000 og 50 000 kroner, alt etter kva slags drakt det er, og om bunaden er laga i Noreg.

Bunad fra Setesdal
Bunad fra Setesdal

Verdifull

Verdien av ein bunad er likevel umogleg å måle berre i pengar. Han betyr ofte veldig mykje for eigaren, og for det norske samfunnet er han rekna for å vere ein viktig del av norsk kultur. Foreininga Den Norske Husfliden er sterkt engasjert i å ta vare på bunadstradisjonane. Dei sørgjer for at kunnskapen om desse tradisjonane vert ført vidare.

Bunad
Bunad

Ei gåve som varer livet ut

Bunad er ei flott gåve å få til konfirmasjonen. Stadig fleire jenter får bunad i høve konfirmasjon. Men med tanke på kor dyrt eit slikt festantrekk er, er det lurt å vere bevisst på at det kan bli eit press om at alle jenter «må» ha bunad til konfirmasjonen.

Bunad
Bunad

Gutane kjem etter

Så kvifor er det så få gutar som ønskjer seg bunad til konfirmasjonen? Dei får gjerne bunad seinare, som eksamenspresang. Somme meiner det er fordi gutar modnast seinare enn jenter, og dermed ønskjer dei seg bunad først når dei kjem i 25-årsalderen. Bunad har kanskje tradisjonelt sett også vore ei «jentegreie». Men det er til all lukke i ferd med å snu.

Mannlig bunad
Mannlig bunad

Meir enn eit festantrekk

Kvart einaste sting i bunaden symboliserer stoltheit og kjærleik til norske tradisjonar. I designet er ingenting tilfeldig. Bunaden symboliserer tilhøyrsle og viser kvar familien din kjem frå.

Han symboliserer også samhøyrsle – vi blir ein synleg del av ein felles kulturarv når vi har bunad på oss . Bunaden gir plass til alle som høyrer til i Noreg. Han handlar både om tradisjon og oppfinnsamheit. Slik er bunaden med på å definere og utvide den norske fellesskapen.

Slik reagerer norsk-amerikanarar på å få sin eigen bunad:

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
3 damer og 2 menn i bunad
3 damer og 2 menn i bunad

Fri fantasi

Ein bunad kan ikkje vere kva som helst, og det finst nokon som passar på at ingen tullar med saum og fargar når bunader skal syast. Slik vert tradisjonen ført vidare i si ekte form. Men nokre «rebellar» har kasta bunadsreglane og lagar såkalla fantasistakkar, og desse har blitt svært  populære dei siste åra.

Designarane av fantasistakkane er moderne Huldaer som plukkar tekstilar, form og farge frå øvste hylle og set dette saman til nye nasjonaldrakter. Men draktene har samtidig solide røter i kulturarven som bunaden er ein del av. Enkelte rynkar på nasen og synest fantasistakken er eit forferdeleg brot med «regelboka», mens andre meiner at det er eit friskt og vakkert tilskot til bunadstradisjonen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To forskjellige bunander
To forskjellige bunander

Kjelder:

  • Noss, Aagot: bunad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 4.
    febraur 2021 fråhttps://snl.no/bunad

Bilet- og videorettar:

    1. Nasjonalmuseet
    2. Nasjonalbiblioteket
    3. Getty Images
    4. Norsk Flid Husfliden – YouTube
    5. Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum
    6. Arild Finne Nybø (CC BY-SA 2.0)
    7. Nasjonalbiblioteket
    8. Shutterstock
    9. Norske Bunader
    10. Norske Bunader
    11. Norske Bunader / discovery plus Norge – YouTube
    12. Foto: Siren Lauvdal – Model: Ingvild K.M. / Team Models