Då Noreg fekk ny arbeidskraft
På 1960-talet flytta det mange nye menneske til Noreg. Dei flykta ikkje frå krig, men kom for å jobbe. Kven var dei eigentleg, og kvifor kom dei til kalde Noreg?
En øde veistrekning i et snødekt landskap
Nærbilde av en gullklump
Mann med arbeidsklær og hjelm på en byggeplass
Pakistaner foran et telt på Ekeberg Camping
Fremmedarbeider i arbeid på Elkem-Spigerverket AS, 5. februar 1976.
📸 Dei første pakistanske framandarbeidarane budde på Majorstua skule. Dei arbeidslause og heimlause pakistanarane var redde for å komme i avisa eller på TV.
Pakistanere i 1971 som sover på skole
Fagforeiningar tar grep
Fagforeiningar skal hjelpe dei som jobbar, men framandarbeidarane fekk lite hjelp. Hotell- og restaurantforbundet var dei første til å hjelpe. Noko av det viktigaste var å omsetje viktig informasjon til fleire språk. Då kunne arbeidarane forstå lovene og kva for rettar dei hadde. Ikkje minst når det galdt lønn og arbeidstid.
1.maitog 1973 arbeidere går i tog
📸 Farhat A. Chaudhry på norskopplæring på slutten av 1970-talet. Farhat tok teknisk fagskule og jobba i luftforsvaret i 24 år. I tillegg har han fullført politihøgskulen og jobbar i dag med eige firma.
Pakistaner sitter ved et bord og studerer
Plattform i stille vær - Statfjord B
Bilde fra den franske skolen på Kampen i Stavanger
Den viktige arbeidskrafta
Då Noreg hadde ekstra stort behov for arbeidskraft, kom hjelpa frå andre land. Nokre hadde kunnskap som vi mangla. Andre tok jobbar som nordmenn ikkje ville ha. Spesielt innan hotell- og restaurantbransjen. Ein tredjedel av framandarbeidarane jobba der.
Korleis er det i dag? Er det vesle landet vårt framleis avhengig av arbeidskraft frå utlandet?
Arbeidere i oppvasken på en restaurant, juli 1971.
Kjelder:
- NOU 1973 (11.05.2022): Innvandringspolitikk
https://www.nb.no/items/a11670714adcc83e5e25fe08ce7854d1?page=83&searchText=arbeidstillatelse
- SSB (11.05.2022): Arbeidsinnvandrere – fra hovedstadsfenomen til vanlig syn i hele landet
https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/arbeidsinnvandrere-fra-hovedstadsfenomen-til-vanlig-syn-i-hele-landet
- Kildenett (11.05.2022): Innvandring på 1970- og 80-tallet
http://www.kildenett.no/portal/artikler/2009/1236597403.29
- Korbøl, Aud; Midtbøen, Arnfinn H.:
Den kritiske fase: Innvandring til Norge fra Pakistan 1970-1973 (2018)
Oslo. Universitetsforlaget.
- Dørum, Knut: Norsk industrihistorie etter 1940 i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. august 2022 frå https://snl.no/Norsk_industrihistorie_etter_1940
- Nasjonalbiblioteket (11.05.2022): Innvandring til Norge: historisk og framtidig utvikling (…)
https://www.nb.no/items/d0468cd1f535a92402baf550f41f2e4f?page=3&searchText=fremmedarbeidere
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Terje Akerhaug / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
-
NTB Scanpix
-
Ole A. Christiansen / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
-
Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
-
Norsk oljemuseum
-
Elf Aquitaine Norge AS / Norsk Oljemuseum
-
Terje Akerhaug / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
-