Då Noreg fekk ny arbeidskraft

På 1960-talet kom det mange menneske frå andre land til Noreg. Desse var ikkje flyktningar, men kom for å jobbe. Kven var dei eigentleg? Kvifor kom dei til kalde Noreg for å jobbe?

En øde veistrekning i et snødekt landskap
En øde veistrekning i et snødekt landskap

Gullalderen

Etter 2. verdskrigen vart det ein jamn økonomisk vekst i Noreg. Folk hadde meir pengar å bruke, og folk var optimistar med tanke på framtida.

Det vart starta opp mange nye fabrikkar på 1950- og 1960-talet, og industrien vart meir og meir lønnsam. Mellom anna jern- og aluminiumsverk. Dessutan vart det bygd mange skip, og handelen med utlandet vaks. Det vart stor etterspurnad etter norsk fisk.

På slutten av 1960-talet vart det funne olje i Nordsjøen. Med olje fekk Noreg ein rikdom vi tidligare berre kunne drøyme om. Derfor blir 1960-åra kalla industriens gullalder.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av en gullklump
Nærbilde av en gullklump

Stort behov for arbeidskraft

Den nye industrien hadde stort behov for arbeidskraft. Landegrensene var opne, men fram til 1960 kom dei fleste frå dei nordiske landa for å jobbe i Noreg.

På 1950- og 1960-talet kom det menneske frå Tsjekkoslovakia, Ungarn og Jugoslavia til Noreg. Desse flykta frå kommunismen som prega Aust-Europa etter 2. verdskrigen. Men Noreg var på denne tida ikkje blant dei mest attraktive landa for utlendingar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann med arbeidsklær og hjelm på en byggeplass
Mann med arbeidsklær og hjelm på en byggeplass

Framandarbeidarane kjem

Frå siste halvdel av 1960-åra kom arbeidssøkjarar frå fjernare land som Tyrkia og Marokko. På denne tida stengde mellom anna Danmark og Vest-Tyskland grensene for innvandring. Då vart Noreg meir attraktivt.

Fleire menneske frå fattige land oppdaga Noreg som ei moglegheit til å få arbeid. I oktober 1968 kom dei 12 første pakistanarane til Noreg. Hausten 1971 utgjorde pakistanarar den største gruppa av  framandarbeidarar frå dei fattige landa.

I perioden 1967 til 1975 var det først og framst unge menn som kom for å søkje arbeid. Mange hadde vorte fortalt at jobb i Noreg ville gi dei moglegheiter for eit betre liv enn i heimlandet. Totalt kom rundt 5400 «framandarbeidarar» til Noreg i denne perioden.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pakistaner foran et telt på Ekeberg Camping
Pakistaner foran et telt på Ekeberg Camping

Kva slags arbeid tok dei?

Mange framandarbeidarar tok arbeid som mange nordmenn ikkje ville ha. Det kunne vere i industrien, i restaurantar og på hotell. Der var det stort behov for arbeidskraft. På Grand Hotel i Oslo var det i 1967 tilsette frå 21 nasjonar.

Dei fleste framandarbeidarane som kom, hadde ikkje utdanning, og dei var derfor ufaglærte. Dei fekk oftast jobb i yrke med låg lønn innan transport, reinhald, helse og butikk. Nokre starta òg sin eigen butikk eller restaurant. Dei vart det vi kallar sjølvstendig næringsdrivande.

Framandarbeidarar med utdanning fekk sjeldan brukt dette i Noreg. Årsakene kunne vere språkvanskar, eller at dei mangla papir og ikkje fekk utdanninga si godkjend.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fremmedarbeider i arbeid på Elkem-Spigerverket AS, 5. februar 1976.
Fremmedarbeider i arbeid på Elkem-Spigerverket AS, 5. februar 1976.

Vanskelege arbeidsforhold

Sjølv om framandarbeidarane hadde skaffa seg jobb, var det framleis ting som var vanskeleg. Ikkje minst det å lære seg norsk. Ufaglærte fekk låg lønn og hadde lite pengar igjen etter at husleige og straum var betalt. Nokre måtte jobbe overtid utan ekstra betaling.

Ikkje alle framandarbeidarar fekk ete saman med dei norske tilsette. Dei måtte i staden ta med seg maten ut. Arbeidsgivaren hadde ikkje noko ansvar for dei tilsette utover arbeidstida. Mange framandarbeidarar budde dermed dårleg. Nokre slo opp telt, og nokre sov under open himmel i parken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
📸  Dei første pakistanske framandarbeidarane vart innkvarterte på Majorstua skule. Dei arbeidslause og heimlause pakistanarane var redde for publisitet.
Pakistanere i 1971 som sover på skole
Pakistanere i 1971 som sover på skole

Fagforeiningar tek grep

Det tok tid før fagforeiningane såg at dei hadde eit ansvar for framandarbeidarane. Hotell- og restaurantforbundet var dei første som tok tak i det. Mellom anna vart brosjyrar laga på fleire språk. Slik kunne arbeidarane setje seg inn i lover og rettar. Mellom anna kva dei faktisk skulle få i lønn, og kva arbeidstid og ferie dei hadde rett på. Dette stod det om i det vi kallar tariffavtalar.

1.maitog 1973 arbeidere går i tog
1.maitog 1973 arbeidere går i tog

Sesongarbeid eller
permanent opphald?

Dei fleste trudde at framandarbeidarane etter ei viss tid ville reise tilbake til heimlandet. Men mange arbeidarar kom frå område der det var vanleg å reise bort ein sesong eller nokre få år, for å tene pengar til familien. Etter ei stund i Noreg var det mange som fekk eit sosialt nettverk, og fleire tok utdanning. Dei fleste framandarbeidarar ønskte derfor å bli.

På 1950- og 60-talet kunne utlendingar komme fritt til Noreg. Dei kunne først finne ein jobb, for deretter å søkje om arbeidsløyve. Etter kvart vart det strengare, og frå hausten 1971 måtte dei søkje om arbeidsløyve før ein kom til landet. For å kunne få arbeidsløyve måtte alt vere i orden med ein norsk arbeidsgivar. Han måtte òg skaffe arbeidaren ein bustad. Søknaden måtte bli sendt frå heimlandet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
📸  Farhat A. Chaudhry på norskopplæring på slutten av 1970-talet. Farhat tok teknisk fagskule og jobba i luftforsvaret i 24 år. I tillegg har han fullført politihøgskulen og jobbar i dag som sjølvstendig næringsdrivande innan forretningsutvikling.
Pakistaner sitter ved et bord og studerer
Pakistaner sitter ved et bord og studerer

Innvandringsstopp

Frå 1. februar 1975 vart det innført ein mellombels innvandringsstopp. Ein av grunnane var at behovet for ufaglært arbeidskraft var mindre. Det var større behov for spesialistar. Spesielt innan oljenæringa.

Innvandringa vart uoversiktleg for staten. Dei trengte tid og ressursar for å hjelpe dei som kom. Ikkje minst dei første som kom utan familie. Koner og barn av desse ønskte no å flytte til Noreg. Vi kallar dette familiegjenforeining.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Plattform i stille vær - Statfjord B
Plattform i stille vær - Statfjord B

Eit kulturelt mangfald

Innvandringa til Noreg for 50-60 år sidan gav landet eit kulturelt mangfald. Framandarbeidarane viste oss kunst og kultur som var annleis enn den norske. Nordmenn vart kjende med eit mangfald av nye matrettar og smakar. Kva slags mat frå Asia eller Aust-Europa et du?

Dei fleste ufaglærte framandarbeidarar frå den første perioden busette seg i eller rundt Oslo. I oljebyen Stavanger busette det seg spesialistar frå USA og Frankrike. Byen som tidlegare hadde levd av fisk og produksjon av hermetikk, opplevde mykje nytt. Mellom anna vart det oppretta ein amerikansk og ein fransk skule.

Arbeidsinnvandrarane var komne for å bli. Dei henta familie frå heimlandet, eller stifta ny familie i Noreg. Mange vart ein del av den norske kvardagen med norske statsborgarskap. Slik vart Noreg eit  fleirkulturelt land i løpet av kort tid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bilde fra den franske skolen på Kampen i Stavanger
Bilde fra den franske skolen på Kampen i Stavanger

Den viktige arbeidskrafta

Dei første utanlandske arbeidarane kom då Noreg hadde stort behov for arbeidskraft. Vi trong mellom anna kunnskap om oljeindustri. Andre tok jobbar som nordmenn ikkje ville ha. Hotell- og restaurantbransjen ville ikkje ha klart seg utan den ekstra arbeidskrafta. Ein tredjedel av fremandarbeidarane jobba der.

Korleis er det i dag? Er det vesle landet vårt framleis avhengig av arbeidskraft frå utlandet?

Arbeidere i oppvasken på en restaurant, juli 1971.
Arbeidere i oppvasken på en restaurant, juli 1971.

Kjelder:

  • Korbøl, Aud; Midtbøen, Arnfinn H.:
    Den kritiske fase: Innvandring til Norge fra Pakistan 1970-1973 (2018)
    Oslo. Universitetsforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Terje Akerhaug / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
    5. NTB Scanpix
    6. Ole A. Christiansen / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
    7. Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
    8. Norsk oljemuseum
    9. Elf Aquitaine Norge AS / Norsk Oljemuseum
    10. Terje Akerhaug / Arbeiderbladet / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek