Dårlege mattegen

Synest du matematikk er strevsamt? Klarer du å finne gode løysingar på det du jobbar med? Spør nokon om hjelp, eller tenk litt kreativt. Det kan jo vere andre måtar å løyse oppgåva på.

Accessibility icon Dårlege mattegen

Vanlege misforståingar

Mange tenkjer dessverre at dei har dårlege føresetnader for å forstå matematikk, og det heilt utan grunn. Det er mange meiningar om matematikk som er typiske, men også feil.

Dette er vanlege misforståingar:

  • Matematikk handlar (berre) om tal.
  • Matematikk handlar (berre) om rett og feil.
  • Matematikk handlar (berre) om å gjere mange oppgåver.
  • Nokre blir gode i faget, mens andre ikkje blir gode. Det handlar om medfødde evner.
  • Viss ein klarar matematikken, så er ein intelligent, viss ikkje er ein dum.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt sliter med matte
Gutt sliter med matte

Vi er ikkje robotar

Det er ikkje meininga at alle skal gjere ting på same måten og lære i det same tempoet. Vi er ikkje robotar. Det betyr at du må utforske og finne måtar å løyse problem på. Då må du ta nokre sjansar og lære av dei feila du gjer undervegs.

I matematikk er det mykje prøving og feiling. Heldigvis er det slik i matematikk at det er mange ulike måtar å løyse ei oppgåve på. Du må finne den måten som passar for deg.

Tenkende robot
Ruteark
Ruteark

Kva er å streve?

Viss du skal opp på en fjelltopp, må du ofte slite og streve litt. Ofte seier ein at det er i motbakke det går oppover. Eller tenk på når du lærte deg å sykle. Det var nok ikkje noko du meistra med ein gong. Kanskje datt du mange gongar før du fekk det til, og så har ein lært det. Du tenkjer nok ikkje så mykje over korleis du syklar lenger?

Ofte er det slik når ein strevar, at det berre er noko ein ikkje meistrar – ennå!

Sisyfos
Sisyfos

Strev med matte

Dei fleste av oss strevar nok litt med matematikken. Ein finn ikkje alltid svara så lett eller forstår kva ein skal gjere. Matematikk krev derfor at du gjer ein innsats for å nå måla dine.

Den innstillinga du har til det å streve, har stor betydning. Nokre gongar hjelper det deg, og då er strev produktivt. Du kjem etter kvart vidare. Andre gongar er det du gjer ineffektivt, og du kjem ikkje av flekken. Motgang og strev kan gjere deg betre rusta til å møte utfordringar. Men då må du ikkje gi opp!

Strev med vektstang
Ruteark
Ruteark

Ineffektivt strev

Eg prøver å unngå ting som eg må streve med og finn derfor ofte på andre ting. Nokre gongar snakkar eg med andre. Eg spør om å få sjå kva dei har skrive, slik at eg kan kopiere det. Eller eg ber om å få gå på do. Når læraren spør om ting, ser eg ofte ned i pulten, slik at eg ikkje skal bli spurt.

«Eg har ikkje mattegen!»

  • Denne typen strev er lite produktivt og ineffektivt. Du klarer ikkje å skape mening ut av problem.
  • Du har ingen framgang, og du får ikkje meistringsfølelse. Du blir ofte frustrert og får ikkje produsert noko.
  • Det kan føre til at du føler deg utilstrekkeleg og stiller spørsmål ved eigen verdi.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ineffektivt strev
Ineffektivt strev

Produktivt strev

Å streve er ein del av læringa. Eg lærer å tenkje kreativt og kritisk. Ikkje minst lærer eg å stå på og ikkje gi opp! Det vil vere til nytte for meg gjennom alle delar av livet.

«Eg er ein matematikar!»

  • Strev er noko som må bli verdsett og bli støtta og som gir håp og mening.
  • Strev som skaper framgang, er verdt tida som blir brukt. Ofte startar det med at ein står fast, tenkjer eller er forvirra.
Jente viser muskler
Ruteark
Ruteark

Kva gjer du viss du står fast?

  • Sjå etter mønster.
  • Lag ein systematisk tabell.
  • Lag ei visualisering – teikn problemet.
  • Gjett og sjekk.
  • Løys ein del av problemet, og sjå om det er noko du kan finne ut av.
  • Arbeid baklengs.
  • Tenk på eit tilsvarande problem. Har du løyst noko liknande før?
  • Forenkle problemet. Kan du bruke enklare tal å jobbe med for å få til utrekninga, og så heller bruke tala i oppgåva etterpå?
  • Endre angrepsmåte. Bruker du riktig strategi, prosedyre eller formel?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Puslespill 2
Puslespill 2

Kjelder:

  • Aubert, Karl Egil; Aarnes, Johan F.: matematikk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/matematikk
  • Søraa, Roger A.: robot i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/robot

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images