Dårlege mattegen?

Synest du matematikk er strevsamt? Klarer du å finne gode løysingar på det du jobbar med? Spør nokon om hjelp, eller tenk litt kreativt. Det kan jo vere andre måtar å løyse den vanskelege oppgåva på.

Accessibility icon Dårlege mattegen?

Vanlege misforståingar

Mange trur dei ikkje har anlegg for matematikk – heilt utan grunn.

Årsaka er at mange har meiningar om matematikk som er heilt feil.

Dette er ting mange tenkjer om matematikk, men som er heilt feil:

  • Matematikk handlar (berre) om tal.
  • Matematikk handlar (berre) om rett og feil.
  • Matematikk handlar (berre) om å gjere mange oppgåver.
  • Nokre vert gode i faget, medan andre ikkje vert gode. Det handlar om medfødde evner.
  • Om ein klarar matematikken er ein intelligent, elles er ein dum.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt sliter med matte
Gutt sliter med matte

Vi er ikkje robotar

Vi skal ikkje gjere alt på same vis som alle andre eller lære i det same tempoet. Vi er ikkje robotar.

Du lærer best om du finn fleire måtar å løyse problema på.

I matematikk må ein prøve og feile mykje. Til alt hell er det slik i matematikk at det er mange ulike måtar å løyse ei oppgåve på. Du må berre finne ut kva som passar best for deg.

Tenkende robot
Ruteark
Ruteark

Kva er å streve?

Om du skal til toppen av eit fjell, må du ofte slite og streve litt. Eller tenk på då du freista å sykle fyrste gongen. Det klarte du nok ikkje på fyrste forsøket.

Men etter mange forsøk har ein lært å sykle. Når du fyrst har lært det, tenkjer du ikkje lenger over korleis du skal sykle. Det går av seg sjølv.

Ofte er det slik at når ein strevar, så er det berre noko ein ikkje meistrar – enno.

Sisyfos
Sisyfos

Strev med matte

Fleire av oss strevar nok litt med matematikken.  Ein finn ikkje alltid svara eller ser kva ein skal gjere. Det betyr at ein må streve litt.

Korleis du strevar, er viktig. Nokre gongar er det hjelp i å streve, andre gongar ikkje. Men å streve på ein god måte kan hjelpe deg med å kome vidare.

Men då må du ikkje gje opp!

Strev med vektstang
Ruteark
Ruteark

“Eg har ikkje anlegg for matte”

Freister du å unngå ting du ikkje får til med ein gong? Finn du heller på andre ting? Kanskje du snakkar med andre, eller spør dei om å få sjå kva slags svar dei har, og så skriv du av svara?

Ser du ned i pulten når læraren stiller spørsmål, slik at du ikkje vert spurt?

  • Å streve på dette viset skaper ikkje resultat, og du får inga meining i dei problema du skal løyse.
  • Du kan ikkje sjå at du kjem vidare, du får ikkje til noko av arbeidet. Det gjer at du kan verte frustrert (sint eller lei deg).
  • Kanskje tenkjer du at du ikkje er god i matte og føler deg dum?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ineffektivt strev
Ineffektivt strev

“Eg er ein matematikar”

Når eg må streve,så lærer eg. Eg står på og gir ikkje opp. Ein må alltid freiste å kome vidare.

  • Sjølv om det er vanskeleg, veit eg at eg vil klare oppgåva til slutt. Det tek berre litt lenger tid.
Jente viser muskler
Ruteark
Ruteark

Kva gjer du om du står fast?

  • Sjå etter mønster.
  • Lag ein systematisk tabell.
  • Teikn problemet.
  • Gjett og sjekk.
  • Løys ein del av problemet, og sjå om det er noko du kan finne ut av.
  • Arbeid baklengs.
  • Tenk på eit liknande problem. Har du løyst eit liknande problem tidlegare?
  • Kan du nytte enklare tal å jobbe med for å få til utrekninga, og så heller nytte tala i oppgåva etterpå?
  • Prøv ein annan strategi, prosedyre eller formel.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Puslespill 2
Puslespill 2

Kjelder:

  • Aubert, Karl Egil; Aarnes, Johan F.: matematikk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/matematikk
  • Søraa, Roger A.: robot i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/robot

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images