Dårlege mattegen

Synest du matematikk er strevsamt? Klarer du å finne gode løysingar på det du jobbar med? Spør nokon om hjelp, eller tenk litt kreativt. Det kan jo vere andre måtar å løyse den vanskelege oppgåva på.

Accessibility icon Dårlege mattegen

Vanlege misforståingar

Mange trur dei ikkje har evner i matematikk, men heilt utan grunn. Det er mange som har meiningar om matematikk som er feil.

Dette er vanlege misforståingar om matematikk:

  • Matematikk handlar (berre) om tal.
  • Matematikk handlar (berre) om rett og feil.
  • Matematikk handlar (berre) om å gjere mange oppgåver.
  • Nokre blir gode i faget, mens andre ikkje blir gode. Det handlar om medfødde evner.
  • Viss ein klarer matematikken, er ein intelligent. Viss ikkje, er ein dum.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt sliter med matte
Gutt sliter med matte

Vi er ikkje robotar

Det er ikkje meininga at alle skal gjere ting på same måten og lære i det same tempoet. Vi er ikkje robotar. Det betyr at du må utforske og finne måtar å løyse problem på.

I matematikk er det mykje prøving og feiling. Heldigvis er det slik i matematikk at det er mange ulike måtar å løyse ei oppgåve på. Du må finne den måten som passar for deg.

Tenkende robot
Ruteark
Ruteark

Kva er å streve?

Viss du skal opp på ein fjelltopp, må du ofte slite og streve litt. Eller tenk på når du lærte deg å sykle. Det var nok ikkje noko du fekk til første gongen du prøvde. Men med øving får ein det til etter kvart. Du tenkjer nok ikkje så mykje over korleis du syklar lenger no?

Slik er det òg når ein strevar. Det er berre noko ein ikkje meistrar – enno!

Sisyfos
Sisyfos

Strev med matte

Dei fleste av oss strevar nok litt med matematikken. Det er ikkje alltid ein finn svara eller forstår kva ein skal gjere med ein gong.

Å streve kan vere produktivt. Det hjelper deg vidare. Andre gongar er det å streve ineffektivt, og du kjem ikkje av flekken. Men då er det viktig å ikkje gi opp!

Strev med vektstang
Ruteark
Ruteark

Ineffektivt strev

Kjenner du deg igjen i dette?

Eg prøver å unngå ting som eg må streve med og finn derfor ofte på andre ting. Nokre gongar snakkar eg med andre. Eg spør om å få sjå kva dei har skrive, slik at eg kan kopiere det. Eller eg ber om å få gå på do. Når læraren spør om ting, ser eg ofte ned i pulten, slik at eg ikkje skal bli spurt.

Tenkjer du «eg har ikkje mattegen»?

  • Denne typen strev er lite produktivt og hjelper deg ikkje med å skape meining ut av problema du prøver å løyse.
  • Du kjem ikkje vidare og føler ikkje meistring. Kanskje du blir frustrert, sint eller lei deg, og kanskje det fører til at du ikkje klarer å rekne ut oppgåvene.
  • Når du strevar på denne måten, føler du deg kanskje dum som ikkje får til oppgåvene.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ineffektivt strev
Ineffektivt strev

Produktivt strev

Her tenkjer du at det å streve er ein del av læringa. Du lærer å tenkje kreativt og kritisk. Ikkje minst lærer du å stå på og ikkje gi opp!

Tenkjer du «Eg er ein matematikar»?

  • Denne typen strev gir håp om å meistre.
  • Strev som skaper framgang, er verdt tida som blir brukt. Ofte startar det med at ein står fast, tenkjer eller er forvirra, men så får ein det til etter kvart.
Jente viser muskler
Ruteark
Ruteark

Kva gjer du viss du står fast?

  • Sjå etter mønster.
  • Lag ein systematisk tabell.
  • Lag ei visualisering – teikn problemet.
  • Gjett og sjekk.
  • Løys ein del av problemet, og sjå om det er noko du kan finne ut av.
  • Arbeid baklengs.
  • Tenk på eit tilsvarande problem. Har du løyst noko liknande før?
  • Kan du bruke enklare tal å jobbe med for å få til utrekninga, og så heller bruke tala i oppgåva etterpå?
  • Bruker du riktig strategi, prosedyre eller formel? Eller bør du prøve noko anna?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Aubert, Karl Egil; Aarnes, Johan F.: matematikk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/matematikk
  • Søraa, Roger A.: robot i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/robot

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images