Dei ortodokse kyrkjene

Den ortodokse kyrkja er den nest største kristne kyrkja i verda. Berre den katolske kyrkja er større.

Den kristne kyrkja vart delt i år 1054. Paven i Roma og patriarken i Konstantinopel var usamde om veldig mykje. Vi kallar dette “det store skismaet”.

Patriark – er namnet på den øvste leiaren for dei ortodokse kyrkjene. Sidan det er fleire ortodokse kyrkjer, er det òg fleire patriarkar. I den katolske kyrkja er paven øvste leiar for alle kyrkjene.

Konstantinopel – er byen Istanbul i dagens Tyrkia.

Skisma – er eit gresk ord som betyr usemje.

I ei ortodoks gudsteneste er det alltid nattverd, lesing frå Bibelen, bøn og song. Dei bruker røykjelse som ei gåve til Gud. I kyrkja kallar vi ei slik gåve for eit offer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sakramenta

Dei ortodokse kyrkjene har sju sakrament: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon.

Eit sakrament er det viktigaste som skjer i gudstenestene. Vi kallar det ei heilag handling.

Nattverd

I alle ortodokse gudstenester er det nattverd. Då blir det delt ut brød og vin. Brødet inneheld gjær. Dette blir kalla syra brød. I den katolske kyrkja er det ikkje gjær i brødet. Dette blir kalla usyra brød. Brød og vin er uttrykk for Jesu lekam (kropp) og blod.

Dåp

I dåpen blir ein Guds barn. Ifølge trua er alle menneske fødde med synd. Det betyr at vi tenkjer vonde tankar og gjer galne ting mot Gud. I dåpen blir dette vaska bort.

I dei ortodokse kyrkjene er det mest vanleg å dukke heile barnet under vatn. Heile tre gongar! Då blir heile kroppen fri for synd.

Vigsel

Å gifte seg er ei storhending i dei ortodokse kyrkjene. Ifølge Gud skal ikkje mennesket leve åleine, men saman med ein familie. Akkurat slik Adam og Eva, dei første menneska, gjorde.

Konfirmasjon

Dei ortodokse kristne har ofte konfirmasjonen saman med dåpen. Presten smør heilag olje på dåpsbarnet. Vi kallar det salving.

Skriftemål

Ortodokse kristne går til ein prest og fortel om syndene sine. Då får dei tilgiving for det dei har gjort.

Sjukesalving

Presten salvar den sjuke med heilag olje, og han ber om at den sjuke skal bli frisk.

Ordinasjon

Før ein prest kan begynne å arbeide i kyrkja, må han bli ordinert. Då blir han formelt tilsett og godkjend av forsamlinga. Det er berre menn som kan bli prestar i dei ortodokse kyrkjene.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Ortodoks dåp
Ortodoks dåp

Faste og fest

Dei ortodokse kristne fastar ofte. Gjerne før høgtider. Stort sett betyr faste at ein ikkje et kjøt frå dyr. Men mange et fisk.

I fastetida bør ein unngå underhaldning. Vi kallar dette for askese. Ein skal ha mest fokus på Gud, og ikkje på alle tinga vi har rundt oss. Bibellesing, bøn og stille er vanleg.

Etter fasta feirar folk høgtidene med fest og god mat.

Onsdag og fredag er normalt fastedagar. I tillegg har kvar årstid ein fasteperiode.

Dei ortodokse kyrkjene feirar julaftan 13 dagar seinare enn oss. Dei følgjer nemleg den julianske kalenderen som ligg 13 dagar etter kalenderen vår. Derfor hamnar julaftanen deira på 6. januar.

Den julianske kalenderen vart innført av Julius Cæsar i år 46 f.Kr.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Glass med vann
Glass med vann

Ikon

Ikon er bilde av viktige personar i ortodoks tru. Ofte er bilda måla på treplater med gullfarga bakgrunn. Gullfargen er Guds farge.

Ikon heng i dei fleste ortodokse heimar. Dei heng gjerne på ein vegg mot aust, der sola står opp.

Ikona skal minne folk om å gjere gode gjerningar.

📷  Ortodoks ikon fra 1500-talet med motiv av blant andre jomfru Maria og Jesusbarnet.
Ortodoks ikon

Dei ortodokse kyrkjene i Noreg

I Noreg blir det fleire og fleire ortodokse kristne. Det er fordi mange innvandrarar kjem frå ortodokse land. Men den ortodokse kyrkja kom til Noreg allereie på 1500-talet.

Då kom ein prest frå Russland og kristna delar av den samiske befolkninga i Finnmark. Presten vart kalla Heilage Trifon av Petsjenga. Det finst framleis ei lita kyrkje frå den tida. Ho ligg på staden Neiden i Aust-Finnmark.

Den ortodokse Sankt Georgs kapell i Neiden, bygget i 1565
Den ortodokse Sankt Georgs kapell i Neiden, bygget i 1565

Dei ortodokse kyrkjene og den katolske kyrkja

Dei ortodokse kristne meiner dei trur på same måten som dei første kristne. Dei katolske kristne meiner at dei har den sanne trua.

Sjølv om dei er svært usamde om mange ting, har dei òg noko til felles.

Begge kyrkjene trur på det Jesus sa og gjorde, og at han var Guds son. Dei trur òg at verda er skapt av Gud.

Begge kyrkjene feirer nattverd, men dei et ulike typar brød.

I den katolske kyrkja er dei opptekne av å kunne forklare det aller meste. Dei ortodokse er ikkje så opptekne av det. Det som skjer er ein del av trua deira. Alt kan derfor ikkje forklarast. Tru er noko mystisk, og kan ikkje forklarast med vanlege ord.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ortodokse prester
Ortodokse prester

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Michael Riessler (CC BY-SA 3.0)
    6. Getty Images