Kva er demokrati?

Demokrati tyder bokstaveleg talt at folket (demos) bestemmer (kratos). Det er ei styreform der innbyggjarane i landet får vera med på å bestemma kven som skal leia landet og korleis landet skal bli leia. Til forskjell frå andre styreformer – der landet blir leia av éin eller få personar – er demokratiet basert på at fleirtalet bestemmer.

Mange land i verda seier at dei er demokratiske, men det som er kjenneteikn på eit fullverdig demokrati, er frie val, ytringsfridom, ein uavhengig domstol og individuelle rettar.

Maktfordelingsprinsippet

Maktfordelingsprinsippet handlar om korleis makta er fordelt. Ideen kjem frå den franske filosofen Montesquieu. Han meinte at «han som har makt, er tilbøyeleg til å misbruka henne». For å unngå misbruk, forma han ein modell der statsmakta er fordelt på tre uavhengige delar: ei lovgjevande, ei utøvande og ei dømande makt. Denne modellen sikrar oss innbyggjarar eit fullverdig demokrati.

Den lovgjevande makta

Stortinget er den lovgjevande makta. Den lovgjevande makta har ansvar for å vedta lovar, til dømes loven som seier at alle barn har rett til utdanning.

Den utøvande makta

Regjeringa er den utøvande makta. Den utøvande makta har ansvar for å sørgja for iverksetjing av lovar som Stortinget har vedteke. Til dømes ved å gje pengar til kommunane, slik at dei kan byggja skular for at alle barn i Noreg skal få utdanning.

Den dømande makta

Domstolen er den dømande makta. Den dømande makta har ansvar for å døma dei som ikkje følgjer lovane som Stortinget har vedteke. Sjølv om domstolen er statleg, er han uavhengig av regjeringa.

Kort om maktfordelinga

Parlamentarisme

Parlamentarisme er ei politisk styreform som går ut på at makta ligg hos fleirtalet av nasjonalforsamlinga (Stortinget). Noreg, som mange andre land i Europa, har parlamentarisme som styreform. I Noreg blei parlamentarisme fremma i 1884 av Johan Sverdrup.

Ein må til dømes ha fleirtal i Stortinget (også kalla støtte) for å kunne danna regjering. Stortinget har 169 mandat som er fordelte etter distrikt og politiske parti. Mandat er politikarar som vi innbyggjarar har stemt fram. Regjeringa i dag (2020) har fleirtal ved at partia Høgre (45 representantar), Venstre (8 representantar) og Kristeleg folkeparti (8 representantar) har danna regjering saman. Dette har dei gjort med støtte frå FrP (27 representantar). Det kallar vi ei koalisjonsregjering. Til saman har dei fleirtal på Stortinget med 88 representantar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det politiske systemet i Noreg

Noreg er eit fullverdig demokrati, eller nærare bestemt eit konstitusjonelt demokrati, styrt av parlamentarisme med eit avgrensa monarki. Danmark og Sverige har same modell.

Tre administrative område

Noreg er delt i tre administrative nivå: staten, fylke/region og kommune.

Dei tre ulike nivåa har ulike arbeidsoppgåver. Til dømes er det staten som har ansvar for høgare utdanning og forsking. Fylket, derimot, har ansvar for vidaregåande skular, og kommunen administrerer barne- og ungdomsskulen.

Kvart fjerde år blir vi innbyggjarane kalla inn til val for å stemma inn dei valde representantane våre til Stortinget, eller til fylkes- og kommunestyret.

Samstundes er det reglar for kven som kan stemma. For å stemma i stortingsvalet må du vera 18 år eller eldre, og du må vera norsk statsborgar. I kommune- og fylkesval gjeld dei same reglane, men utanlandske borgarar som har budd i Noreg i over tre år kan også stemma.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Partia på Stortinget

I Noreg, som i resten av Skandinavia, har vi tradisjonelt hatt eit mangfald av politiske parti. Vi skil som regel mellom sosialistisk og borgarleg side.

⬅  Her ser du talet på mandat og sete veljarane gav partia i stortingsvalet i 2017.

Dei borgarlege partia i Noreg: 

  • Høgre er eit liberal-konservativt parti som vil arbeide for næringslivet, utdanning og lågare skattar.
  • Kristeleg folkeparti er opptekne av kristne verdiar, barnetrygd og bistand til låginntektsland.
  • Venstre er det eldste partiet i Noreg og er sosialliberalt. Venstre er opptekne av innovasjon, miljø og skule.
  • Framstegspartiet er eit liberalistisk parti, sjølv om ein del forskarar vil seia det er populistisk. Kjernesakene til partiet er lågare skattar og avgifter og ein streng innvandringspolitikk.

Dei sosialistiske partia i Noreg:

  • Arbeidarpartiet er eit sosialdemokratisk parti. Arbeidarpartiet har hatt stor innverknad på norsk politikk og får ofte æra for å ha forma store delar av den norske velferdsstaten. Arbeidarpartiet er opptekne av arbeid, helse og industri.
  • Sosialistisk venstreparti er eit grønt og sosialistisk parti som vil arbeide for likestilling, fattigdom og miljø.
  • Raudt er eit radikalt sosialistisk parti og vil arbeide for offentlege velferdstenester og likestilling.
  • Senterpartiet er opptekne av distrikta, landbruk og «norsk kultur». Sp har samarbeidd med parti i dei to ulike blokkene.

Midt imellom

Mellom desse blokkene har vi Miljøpartiet Dei Grøne. MDG er opptekne av miljø, naturvern, transport og livskvalitet. Dei politiske partia har ulike syn på korleis samfunnet skal forvaltast. Partia prøver å overtala veljarane til å stemma på dei ved å presentera forslag til korleis dei kan forbetra politikken i Noreg.

Høgre/venstre-aksen

Ulike demokratiske styreformer

Noreg er eit konstitusjonelt demokrati. Det vil seia at vi har parlamentarisme med eit avgrensa monarki. Statsoverhovudet er kongen, men kongen har ikkje noka formell makt. Makta ligg hos folket via Stortinget.

Det motsette av konstitusjonelt monarki er republikk. Republikk er ei styreform der statsoverhovudet er ein folkevald president. Finland, Frankrike og USA har republikk som styreform.

⬅  Slik såg ein ung Kronprins Harald ut i 1959.

Det demokratiske systemet i USA

USA er ein republikk og forbundsstat. Det vil seia at USA ikkje har konge, og at landet har 50 delstatar som i stor grad har sjølvstende til å vedta lovar. Til dømes har Texas i sør heilt andre lovar enn Minnesota i nord. Samstundes har USA også ei sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.

⬅  Dette er Det kvite huset i Washington D.C., der presidentfamilien bur.

Maktfordelinga i USA

Kongressen blir rekna som den lovgjevande makta og har representantar frå alle statane i USA. Kongressen har to ulike kammer: Senatet og Representanthuset.

Høgsteretten er den dømande makta i USA, som passar på at staten følgjer den amerikanske grunnloven.

Presidenten blir rekna som den utøvande makta. Presidenten blir vald for fire år og kan berre veljast att éin gong.

Tidlegare president Barack Obama og dåverande president Donald Trump i Det ovale kontoret, like etter at Trump hadde vunne valet i november 2016.

Topartisystem

I motsetnad til Noreg, som har fleire politiske parti, blir USA styrt med eit topartisystem. Det vil seia at dei har to store politiske parti som i hovudsak dominerer politikken.

Republikanarane blir rekna som konservative. Donald Trump var representant for republikanarane.

Demokratane blir rekna som liberale og progressive. President Joe Biden er representant for demokratane. 

⬅  Dyremaskotar: Eselet representerer demokratane, og elefanten representerer republikanarane. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kvifor esel og elefant?

Kjelder:

  • Thorsen, Dag Einarradikal i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. september 2020 frå
    https://snl.no/radikal
  • Knutsen, O (2017): The Nordic Models in Political Science.
    Fagbokforlaget

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Redaksjonen
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Andreas Haldorsen (CC BY-SA 4.0)
    6. NRK Skole
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Stortinget
    11. Redaksjonen
    12. Redaksjonen
    13. Redaksjonen
    14. NRK Skole
    15. Ukjent
    16. Getty Images
    17. Pete Souza
    18. Getty Images
    19. NowThis World – YouTube