Mayflower

Dei første europearane som busette seg i Amerika, kom med båten Mayflower i år 1620. Dei håpa på eit betre liv i Amerika.

Den første vinteren

Mayflower nådde den amerikanske austkysten i november. Det var vinter og veldig kaldt. Mange døydde i løpet av vinteren. Urbefolkninga hjelpte dei nye landsmennene med mat.

Dei tretten koloniane

Områda som europearane busette seg på, blir kalla koloniar. Koloniane blei styrde av England og den britiske kongen. Mange av koloniane hadde store gardar og trong mange som kunne jobbe der. Difor bestemte dei seg for å henta slavar frå Afrika. Koloniane voks seg store. Dei som eigde store gardar, blei rike.

Kolonikrigane

Frankrike hadde òg koloniar i Amerika. Britiske og franske koloniar kjempa om nye område. Når britane og franskmennene kriga om eit område, skaffa dei seg hjelp frå ulike grupper i urbefolkninga. Desse blir kalla stammer. Britane vann kolonikrigen og tok over dei franske områda.

Kongen treng pengar

Kongen i Storbritannia trong meir pengar. Difor bestemte han at  innbyggarane i dei britiske koloniane skulle betale meir skatt. Dei første kolonistane kjende seg britiske og støtta kongen. Men dei som etter kvart blei fødde og voks opp i Amerika, ville ikkje betala pengar til eit land dei ikkje budde i.

⬅  Kong Georg III regjerte over Storbritannia og koloniane under den amerikanske revolusjonen.

Teselskapet i Boston

Te var populært både i Storbritannia og i Amerika. Derfor ville den britiske kongen auka skattane på te. Då protesterte britane i koloniane. Den 16. desember 1773 låg tre skip lasta med te i hamna i Boston. Kolonistane kasta all teen over bord og ut i hamnebassenget.

Sjølvstendekrigen

I april 1775 blei det krig mellom kolonistane og britiske soldatar. Koloniane hadde fått ein felles fiende i Storbritannia. Krigen blir kalla sjølvstendekrigen fordi kolonistane ikkje lenger ville at kongen i Storbritannia skulle bestemma over dei.

⬅  Illustrasjon av George Washington og mennene hans som kryssar elva Delaware under sjølvstendekrigen.

Sjølvstendeerklæringa

Dei 13 koloniane bestemte seg for å stå saman. Dei laga derfor eit dokument som blei kalla sjølvstendeerklæringa. Storbritannia skulle  ikkje lenger få lov til å bestemma lover og reglar i koloniane, og skattepengar ville kolonistane behalda sjølve. Dokumenter blei godkjent den 4. juli 1776. Derfor er denne dagen nasjonaldagen til amerikanarane.

Krigen held fram

Britane godtok ikkje krava til kolonistane, og krigen heldt fram. Då fekk dei britiske kolonistane hjelp av franske kolonistar. Saman kjempa dei mot kongens hær. I oktober 1781 måtte britane innsjå at dei hadde tapt krigen.

Overgivinga i Yorktown i 1781 markerte slutten på sjølvstendekrigen.  ⮕

Ei erklæring for alle?

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa seier at alle menneske er fødde like, og har same rettar. Men då dette blei skrive i 1776, galdt ho ikkje for kvinner, slavar eller urbefolkninga. Då var det kanskje ikkje eit dokument for alle likevel?

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images