Den andre verdskrigen i Noreg

Sjølv om det er lenge sidan den andre verdskrigen herja i Noreg, så har dei fleste eit eller anna forhold til den krigen. Enten gjennom filmar, dokumentarseriar, bøker eller museumsbesøk. I denne artikkelen kan du lære litt om kvifor Noreg vart dratt med inn i krigen og om nokre av dei viktigaste hendingane gjennom fem krigsår.

Accessibility icon Den andre verdskrigen i Noreg

Den verdifulle norske kystlinja

Noreg erklærte seg nøytralt då den andre verdskrigen braut ut i 1939, men nøytraliteten vart likevel utfordra. Mot slutten av 1939 møttest Tysklands diktator, Adolf Hitler, og norske Vidkun Quisling, som var leiar for det politiske partiet Nasjonal Samling (NS). Quisling uttrykte ei bekymring for at Storbritannia og Sovjetunionen skulle okkupere Noreg. Han ønskte derfor bistand frå Tyskland for å motverke dette, og han avslørte at forsvaret i Noreg stilte svakt mot eit eventuelt angrep.

Hitler ønskte ikkje då å gå til åtak på Noreg, men såg samstundes verdien av den lange kystlinja og fri tilgang til Atlanterhavet. Sjøen var svært viktig for transport av krigsmateriell, soldatar og handelsvarer.

Noko anna som Tyskland hadde behov for, var jernmalm som vart frakta frå Kiruna i Sverige via Narvik i Nord-Noreg. Jernmalmen var svært viktig for produksjon av krigsmateriell, både for tyskarane og britane. For å hindre tyskarane i å skipe ut jernmalm frå Narvik, plasserte britane miner i norsk territorialfarvatn. Tyskarane vart dermed tvinga ut i internasjonalt farvatn der britane kunne stanse dei.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kystlandskap med høye fjell og grå skyer.
Kystlandskap med høye fjell og grå skyer.

Nøytraliteten blir krenkt

Vinteren 1940 var det tyske forsyningsskipet Altmark på veg heim med 300 britiske krigsfangar. Då skipet kom nord for Trondheimsfjorden, vart det inspisert av norsk marine, men fangane vart ikkje oppdaga. Skipet ankra seinare opp i Jøssingfjord i Rogaland, og der vart Altmark angripe av britane som kravde å få fangane frigjevne. I aksjonen miste sju tyskarar livet.

Fordi Noreg var nøytralt, meinte Hitler at britane krenkte denne nøytraliteten ved å angripe det tyske skipet. Hitler såg no sitt snitt til å kunne skulde på brot på nøytraliteten, og han meinte han hadde fått ein legitim grunn til å angripe Noreg. To dagar etter gav Hitler nemleg ordre om å planlegge eit angrep. Angrepet måtte skje før 15. april, for etter det vart nettene for lyse. Planen var nemleg å angripe i nattemørkret utan nasjonalt flagg og tente lanterner.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Angrepet på Noreg

Natt til 9. april 1940 kom krigsskipet «Blücher» og andre mørklagde, tyske skip inn i Oslofjorden. Det var del av eit overraskingsangrep på Noreg. Like før midnatt vart dei oppdaga av ein norsk patruljebåt, som avfyrte varselskot.

«Blücher» hadde 2000 soldatar om bord som skulle setjast i land i Oslo for å ta kongen og regjeringa. Ved Oscarsborg festning utanfor Drøbak vart det skote på skipet. Skipet sokk, og mellom 700 og 1000 tyske soldatar døydde.

Senkinga av «Blücher» førte til at kongen og regjeringa rakk å flykte. Dei reiste med tog til Hamar og Elverum, og dei hadde viktige møte i Åndalsnes og Molde før dei kom til Tromsø. Derifrå segla de med eit engelsk krigsskip til England. Tyskarane kom i land med ei rekkje krav, men Noreg nekta å kapitulere utan kamp. Utanriksminister Halvdan Koht sa derfor nei til tyskarane, men dei gav seg ikkje med det og ønskte eit personleg møte med kongen. I det møtet sa kongen også nei til tyskarane sine krav. Ved å motstille seg kravet frå tyskarane, hamna Noreg på alliert side i krigen.

Som ei følgje av dette sende Storbritannia mange tusen soldatar til Noreg for å hjelpe til med å forsvare landet, men dei var dårleg trente og dårleg utrusta. Nederlaget vart brutalt, og britane måtte reise heim etter ein fiasko. Etter dette og andre nederlag, og lite tillit, vart statsminister Neville Chamberlain avsett av den britiske regjeringa. Winston Churchill overtok som statsminister – og han vart heilt  avgjerande for utfallet av 2. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nederlag for tyskarane

Tyskarane møtte motstand i store delar av Noreg, men størst motstand fekk dei i Nord-Noreg. Der var det kamphandlingar fram til Noreg kapitulerte 10. juni. Så langt nord hadde ikkje tyskarane rokke å få fram like mange soldatar og krigsutstyr. Dei vart hindra fleire stader i landet på veg nordover, og avstandane var store. Nordmenn og allierte hadde derfor eit overtak, og tyskarane gjekk mot sitt første prestisjenederlag.

Narvik var ein strategisk viktig stad for alle partar på grunn av jernmalm frå Sverige. Narvik vart også symbolsk viktig; dei allierte viste her at tyskarane ikkje var uslåelege, og tyskarane viste at dei makta å halde ut i det kalde nord mot ein talmessig større motstandar.

I løpet av kampane innsåg tyskarane at jernmalmen i Narvik ikkje var avgjerande for produksjon av krigsmateriell. Dei hadde nemleg erobra rike jernmalmgruver i Frankrike, men dei tyske offiserane ønskte ikkje å overgje seg av den grunn. I juni trekte britiske og franske troppar seg ut for å halde fram med kampane andre stader i Europa, og slaget om Narvik var tapt for nordmennene.

📷  Henrik Mestad spelar rolla som den oppdikta Major Omberg i filmen «Kampen om Narvik» frå 2022.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kongen i eksil

Den 7. juni reiste kong Haakon, kronprins Olav og regjeringa frå Noreg til England. Der danna dei ei eksilregjering, det vil seie ei regjering utanfor Noreg. Dei leia motstandskampen som skulle gå føre seg i Noreg, og dei kunne samarbeide tett med andre land. Det var viktig at Noreg hadde ein fri konge og ei regjering som ikke vart styrt av dei tyske okkupantane. Heime i Noreg bestemte det tyskvennlege Nasjonal Samling (NS) at alle andre politiske parti skulle vere forbodne. Det vart forbode å vise støtte til kongen, men mange gjorde det likevel med fare for eige liv.

Leiaren for NS, Vidkun Quisling, meinte at kongen og regjeringa var feige, fordi dei stakk av frå landet og svikta folket. Han forsøkte å ta over landet i eit statskupp, men mislyktest i å overbevise både sine eigne landsmenn og dei tyske okkupantane.

Kongefamilien – og særleg kong Haakon – vart eit viktig symbol for motstandskampen. Mange høyrde på radiotalane hans, og desse bidrog til å halde motet oppe hos nordmenn. Det var ulovleg å høyre på radio, men mange gjorde det i løyndom.

📷  Kong Haakon inspiserer og inspirerer norske krigsflygarar på flyplassen North Weald  utanfor London i 1942.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Lærarar gjer motstand

Dei tyske okkupantane og NS ønskte at det norske samfunnet, og ikkje minst skulen, skulle styrast etter deira politiske syn, men lærarane sa klart og tydeleg nei. I løpet av 1941 melde dei fleste lærarane seg ut av fagforeiningane sine , og mange jobba aktivt i motstandskampen. Mange lærarar vart arresterte og sette i fangenskap.

Signalet som lærarane gav, var svært viktig for haldningskampen mot NS og tyskarane. Lærarane stod opp mot okkupantane med fare for eige liv. Lærarstriden bidrog til at Quislings plan om nazifisering av skulen, ikkje vart noko av. Striden resulterte også i auka sympati for den norske fridomskampen blant dei allierte og nøytrale landa.

📷  Desse elleve lærarane vart arresterte og straffa med tvangsarbeid.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dei norske jødane

I 1940 levde det rundt 2100 jødar i Noreg, og dei fekk raskt kjenne på følgjene av den tyske okkupasjonen. Allereie i mai måtte jødiske forsamlingar og  organisasjonar levere frå seg medlemslister, og jødar vart arresterte og trakasserte. Nazistane såg ikkje på jødane som menneske, og dei hadde ein plan om å utrydde dei. I auga til nazistane var dei ein uønskt rase.

For at tyskarane og Nasjonal Samling skulle vite kven som var jødar, måtte jødane i 1942 få passa og legitimasjonskorta sine stempla med ein raud «J». Initiativet til dette kom frå det tyske sikkerheitspolitiet. Stemplinga skulle gjelde for alle som hadde tre eller fleire jødiske besteforeldre, og alle medlemmar av jødiske forsamlingar. Dei måtte også fylle ut eit skjema med personopplysningar. Slik fekk tyske og norske NS-myndigheiter oversikt over jødane i Noreg. Planen var at alle jødane skulle arresterast og sendast ut av landet.

Den 26. oktober 1942 vart alle jødiske menn over 15 år arresterte, og det var berre nordmenn som deltok i arrestasjonane. Mange av jødane vart sette i fangenskap på Berg utanfor Tønsberg. Det var den einaste  leiren i Norge der alle vaktmannskap var norske, og dei trakasserte jødane på det grovaste.

Jødiske kvinner og barn vart arresterte 25. og 26. november. Jødane vart førte om bord i frakteskipet D/S «Donau». Skipet forlet Oslo med 529 jødar. Totalt vart 773 jødar deporterte frå Noreg. Berre 35 av dei overlevde.

📷  Norske jødar blir førte om bord i det tyske skipet D/S «Donau» som låg ved kai i Oslo hausten 1942. Dette bildet er frå filmen «Den største forbrytelsen» frå 2020.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Tungtvassaksjonen

Tungtvassaksjonen var i realiteten fire ulike sabotasjeaksjonar mot Norsk Hydros fabrikk, Vemork, på Rjukan. Aksjonane vart utførte av både britiske og norske sabotørar, og målet var å hindre at Tyskland fekk tilgang til tungtvatn for mogleg produksjon av ei atombombe. Norsk Hydro var den einaste fabrikken i Europa som produserte tungtvatn. Den mest berømte aksjonen fekk kodenamnet «Gunnerside» og vart gjennomført tidleg i 1943. Planen var å sabotere anlegget frå innsida framfor å bruke bombefly. Det siste ville truleg ha kosta mange sivile menneskeliv.

Seks lokalkjende soldatar vart plukka ut, og alle brukte britisk uniform for å lure tyskarane til å tru at det var britiske soldatar som stod bak. Tyskarane straffa ofte lokalbefolkninga viss det var norske sabotørar som aksjonerte. «Gunnerside» gjekk ut på å sprengje produksjonsanlegget for tungtvatn, og heile aksjonen var over på 30 minutt. Ingen skot vart løyste, og sabotørane kom seg unna.

Nokre månader etter var produksjonen i full gang igjen på Vemork, og dei allierte bestemte seg for å bombe fabrikken. I november 1943 kom 161 amerikanske bombefly inn over Rjukan. Dei sleppte 711 bomber, men dei fleste bomma på fabrikken, og 21 sivile vart drepne.

Då tyskarane skulle sende heim fleire tønner med tungtvatn, brukte dei ferje over Tinnsjø. På grunn av dårleg vakthald klarte norske sabotørar å plassere bomber under ferjedekket. Sabotasjen førte til at ferja eksploderte på den djupaste delen av Tinnsjøen. Då vart det umogleg å hente noko opp igjen. Eksplosjonen tok livet av 14 sivile nordmenn, og tyskarane miste mykje verdifullt tungtvatn. Som ei følgje av dette flytta tyskarane heile tungtvassproduksjonen til Tyskland.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Frigjering av Finnmark

I løpet av krigen vart det forflytta store, tyske styrkar til Nord-Noreg. Så langt nord hadde Noreg grense mot Sovjetunionen, og russarane var erkefienden til tyskarane. Eit av dei største måla til Hitler var å okkupere Sovjetunionen og overta ressursane i det enorme landet. Ikkje minst olje som dei trong til drivstoff. Og ein av vegane til Sovjetunionen gjekk over grensa frå Noreg.

Etter fleire år med kampar mot russarane valde tyskarane i oktober 1944 å trekkje seg tilbake frå Finnmark. På veg sørover tvangsflytta dei befolkninga og brann ned store delar av Finnmark og Nord-Troms. Dette gjorde dei for at russarane ikkje skulle finne noko av verdi når dei kom.

Eit par veker seinare kom dei første russarane over grensa til Noreg, og dei tok opp jakta på tyskarane. Den 25. oktober kom russarane til Bjørnevatn i Finnmark, og dei gav beskjed til nordmenn som var der, at dei var frie og kunne heise det norske flagget.

Den raude arméen frå Sovjetunionen forlet Nord-Noreg etter at freden kom den 8. mai 1945.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Freden kom den 8. mai 1945

«Vår kamp er kronet med seier. Norge er atter fritt.» Dette var orda som leiinga i Heimefronten delte med det norske folket den 8. mai 1945. Men det var framleis 350 000 tyske soldatar i Noreg. Dei let seg overraskande avvæpne og vart transporterte som krigsfangar tilbake til Tyskland.

Etter frigjeringa var folk ute og vifta med norske flagg og feira fridomen. Den 7. juni 1945, på dagen fem år etter at han forlet landet, gjekk kong Haakon i land i Oslo. Det var ein fest utan like, og kongen køyrde i open bil gjennom gatene i Oslo. Endeleg var folk og konge saman igjen.

📷  Heile kongefamilien på Honnørbrygga i Oslo 7. juni 1945.

Stor innsats hos mange

Det var ikkje i Noreg dei  avgjerande slaga stod. Tysklands kapitulasjon vart tvungen fram andre stader. Likevel hadde mange nordmenn bidratt og sett livet på spel. Ikkje minst på tallause skip som frakta livsviktige varer til sjøs. På norsk jord bidrog titusenvis av kvinner og menn i det sivile og militære motstandsarbeidet. Til saman miste nesten 12 000 nordmenn livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Kraglund, Ivar; Kjølås, Harald; Allkunne: tungtvannsaksjonen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. desember 2021 frå https://snl.no/tungtvannsaksjonen
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Forsvarets museer
    3. Forsvarets museer
    4. Eirik Linder Aspelund / Nordisk Film
    5. Forsvarets museer
    6. Riksarkivet
    7. Karl Erik Brøndbo / Fantefilm
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Forsvarets museer