Den indre klokka di
Er det vanskeleg å sovne om kvelden, synes du? Eller kome seg opp om morgonen? Kva er det som skjer med kroppen vår frå vi legg oss til vi står opp, eigentlig?
Kontrollsenter for døgnrytme
Ei slags indre klokke styrer kroppen. Denne klokka er som eit kontrollsenter. Det ligg djupt inni hjernen. Dette området i hjernen heiter hypothalamus. Hypothalamus styrer rytmen for å sova og for å eta.
Hormon og lys speler inn
Kontrollsenteret for døgnrytmen heiter SCN. Det får informasjon om lys og mørke frå auga dine. Det får òg informasjon om eit søvnhormon som har namnet melatonin. Når du søv, så aukar innhaldet av melatonin i kroppen. Om dagen er det veldig lite melatonin i kroppen.
Dame som sover
Du vaknar opp
Om morgonen trengjer lyset inn gjennom augelokket. Då reagerer cellene i auga dine. Dei gir signal til hjernen om at det er ein ny dag. Så startar den indre klokka di på nytt. Kroppstemperatur og blodtrykk aukar. Produksjonen av melatonin stansar. Tarmen byrjar å jobba igjen. Han har vore i kvilemodus medan du har sove.
Du er godt i gang
Kroppstemperaturen din aukar etter at du har vakna. Vi tenkjer best etter klokka 10 på formiddagen. Du kan bli søvnig etter lunsj. Den beste tida for fysisk aktivitet er mellom klokka 12 og 15.
Du held fram med å vera aktiv
Blodtrykket stig jamt heile dagen. Når klokka blir rundt 18, fell blodtrykket igjen. Det same skjer med kroppstemperaturen. Han har òg vorte høgare gjennom dagen.
Snart på tide å leggja seg
Etter klokka 21 byrjar kroppen å produsera søvnhormonet melatonin. Det er fordi det blir mørkt ute. Du blir trøytt og vil leggja deg. Kroppen lagar melatonin heile natta. Så byrjar den indre klokka di på nytt igjen neste morgon.
Ytre og indre påverknader
I puberteten skjer det store endringar med hormon. Dette kan påverka døgnrytmen hos tenåringar. Mobiltelefonar og andre elektroniske skjermar kan påverka nattesøvnen. Det er fordi dei lagar eit blått lys. Dette blå lyset forstyrrar den indre klokka til kroppen. Denne klokka passar på at vi får den viktige nattesøvnen.
Kjelder:
- Kropp & Helse (2020)
Orage Forlag AS
Bilde- og videorettar:
-
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Thinkstock / OxfordSparks – YouTube
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Thinkstock
-