Den industrielle revolusjonen

På 1700-talet levde mange av jordbruk og handverk. I mange land var det befolkningsvekst. Det vart derfor behov for meir mat og billige klede. Dei fleste laga kleda sine heime, men dette tok lang tid og kravde mykje arbeidskraft.

Maskinar gjorde jobben raskare

I England vart det funne opp maskinar for å produsere klede på ein raskare måte. No vart stoff og tøy òg billigare å kjøpe. Den mest kjende spinnemaskinen vart kalla “Spinning Jenny”.

Klassedelt samfunn

Overgangen frå handkraft til maskiner blir kalla den industrielle revolusjonen. Det var ei veldig stor forandring for alle. Noko som viste seg i det klassedelte samfunnet. Folk vart delte inn i ulike klassar. Dei fattige, middelklassen og dei aller rikaste. Forskjellen mellom dei ulike klassane var enorme.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk

Folk flyttar til byane

Det vart bygd spinne- og vevefabrikkar i byane. Mange flytta frå landsbygda til byane for å finne seg jobb. Byane voks raskt. Det blir kalla  urbanisering.

Engelskmennene tente mykje pengar på handel med utlandet. Det var fordi dei kunne lage stoff og tøy raskare og billigare enn før.

Innsiden av en gammel spinnefabrikk fra 1880
Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Dampmaskinen

Det kom mange nye oppfinningar på denne tida. For å lage og drive dei nye maskinane trong dei kol og jern. Kolet vart brukt for å drive dampmaskinar som smelta jern. Før brukte ein trekol, men det fanst det lite av. Derfor eksporterte britane steinkol. Dermed fekk dei produsert så mykje jern at dei kunne selje det til utlandet.

Forbetra dampmaskinen

James Watt frå Skottland forbetra dampmaskinen. Tidlegare vart maskinane drivne med hjelp av vasskraft. Dampmaskinane derimot vart drivne av kol som vart varma opp. Oppvarminga gjorde at det vart utvikla damp. Denne dampen fekk maskinane til å gå rundt.

I England henta ein ut kol frå fjellet. Dei sprengde seg inn i fjellet og laga gruver. Det var veldig dårlege arbeidsforhold i gruvene. Mange vart sjuke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt damplokomotiv som sender ut masse røyk.
Gammelt damplokomotiv som sender ut masse røyk.

Kanalar og vegar

Industrien i England voks. For å frakte varer og råvarer brukte dei store skip, men ikkje alle budde eller jobba ved kysten eller elvar. Derfor vart det behov for betre vegar. Faktisk brukar vi dei same prinsippa når vi byggjer vegar i dag.

Det meste vart likevel frakta sjøvegen. For å lage snarvegar over land vart det bygd mange kanalar.

Jernbanen kjem

I gruvene måtte arbeidarane trekkje vogner etter seg på jernbaneskinner. Då dampmaskinen kom, fekk dei laga lokomotiv som kunne trekkje desse vognene. George Stephenson lagde det første lokomotivet. Etter kvart vart det bygd jernbane over heile landet, og ikkje berre inne i gruvene.

Telegraf og telefon

For å gi kvarandre beskjedar vart det brukt telegraf. Elektriske signal vart sende over store avstandar. Etter kvart kom telefonen der ein sende lyden av ei stemme gjennom lufta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En stor gammel sluse i tre og metall som ikke slipper noe vann i gjennom.
En stor gammel sluse i tre og metall som ikke slipper noe vann i gjennom.

Ikkje like bra for alle

Den industrielle revolusjonen var ikkje like bra for alle. Sjølv om han gav oss mange nye og billige varer. I fabrikkane kunne arbeidarane ha 14-15 timars arbeidsdag!

Det var mykje forureining fordi fabrikkane sleppte ut mykje sot og røyk. Lufta inne i fabrikkane var dårleg. Mange arbeidarar fekk problem med å puste eller fekk lungesjukdommar.

Farlege arbeidsplassar

Å jobbe i fabrikk kunne vere farleg på andre måtar òg. Ein kunne sitje fast i maskinane, og miste både armar og bein.

Arbeidarane fekk dårleg lønn. Kanskje fekk dei ikkje lønn i det heile viss fabrikken gjekk dårleg.

Bustadene til arbeidarane i byane var dårlege. Dei budde trongt. Ofte budde ein heil familie på eitt rom. Kloakk vart tømd ut i same elva som ein henta drikkevatn frå. Søppel og anna avfall låg i gatene. Mange vart sjuke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av den industrielle revolusjonen som viser en kullfabrikk med mye sot og røyk som kommer fra pipper, og arbeidere i forgrunnen.
Illustrasjon av den industrielle revolusjonen som viser en kullfabrikk med mye sot og røyk som kommer fra pipper, og arbeidere i forgrunnen.

Barnearbeid

Barn måtte òg jobbe i fabrikkane. Dei var billigare å bruke enn vaksne. I tillegg var det lettare for dei å krype under maskinane for å feie golvet.
Det var mange barn som arbeidde i kolgruvene. Der fylte dei vognene med kol, og trekte dei gjennom tronge gruvegangar. På stader vaksne ikkje fekk plass.

Ikkje tid for leik

Barna hadde lange dagar. Dei var ofte heilt utslitne etter ein dags arbeid. Å vere eit fattig barn under den industrielle revolusjonen var ikkje moro. Dei måtte berre jobbe. Mange arbeidsplassar var livsfarlege. Det var ikkje tid for leik og skulegang.

Kvinner i arbeid

Kvinner var òg billig arbeidskraft. Dei tente mykje dårlegare enn mennene. Det gjorde dei sjølv om dei gjorde den same jobben. Kvinner hadde få rettar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn sleper og dytter tunge vogner med kull i kullgruve med to etasjer.
Barn sleper og dytter tunge vogner med kull i kullgruve med to etasjer.

Arbeidaropprør

Mannlege og kvinnelege arbeidarar begynte etter kvart å protestere. Dei fekk dårleg lønn, og fekk inga hjelp viss dei vart sjuke eller skada. Dei kravde at det vart laga lover som beskytta arbeidarane. Til dømes at barn under åtte år ikkje skulle arbeide i fabrikkane.

Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Fagforeiningar

Arbeidarar i alle land hadde dei same problema. Dei hadde dårleg lønn og få rettar. Arbeidarane begynte derfor å danne fagforeiningar. Fagforeiningane skulle hjelpe arbeidarane med å få det betre.

Streik

Arbeidarane var klare for å streike. Streik betydde å stanse arbeidet for ein periode viss arbeidarane følte seg dårleg behandla. Dei som eigde bedriftene, likte ikkje fagforeiningar. Kan du tenkje deg kvifor?

Streik blir ofte brukt i vår tid òg. Kvifor det, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stor samling med gruvearbeidere som streiker foran fabrikker som spyr ut sort røyk.
Stor samling med gruvearbeidere som streiker foran fabrikker som spyr ut sort røyk.

Konservatisme og sosialisme

På grunn av dei store forskjellane i samfunnet kom noko som heiter sosialisme. Sosialistane ønskte at samfunnet skulle vere meir rettferdig. Ingen skulle bli veldig rike eller veldig fattige. Målet var at alle skulle dele alt i fellesskap.

Borgarskapet mislikte forandringar

Dei som eigde fabrikkane, vart kalla borgarskapet. Dei ønskte ikkje forandringar som gjekk ut over dei. Alt skulle vere som det var. Dette blir kalla å vere konservativ. Dei meinte at endringar måtte skje over lang tid.

Mange i borgarskapet var liberalistar. Dei meinte at staten ikkje skulle blande seg i folks kvardag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rike kvinner og menn fra 1800-tallet i England som er ute og promenerer.
Rike kvinner og menn fra 1800-tallet i England som er ute og promenerer.

Karl Marx

Karl Marx var sosialist og filosof. Han meinte at alle skulle dele rikdommen seg i mellom. Fabrikkeigarane og arbeidarane måtte samarbeide for eit meir rettferdig samfunn. Fabrikkeigarane vart kalla kapitalistar, medan arbeidarane vart kalla proletarar.

Marx meinte at arbeidarane måtte samle seg i kamp mot fabrikkeigarane. Kom dei ingen veg med streik eller samtalar, måtte dei starte ein revolusjon. Det betyr å endre samfunnet raskt, ofte ved bruk av vald og våpen.

Dei som var samde med Marx om å starta ein revolusjon, vart kalla kommunistar.. Dei ønskte fridom for alle, og at ingen skulle tene seg rike på andres arbeid.

Andre meinte at samfunnet måtte bli endra over lang tid. At det vart laga lover som førte til endringar, og ikkje starte ein valdeleg revolusjon. Desse vart kalla sosialdemokratar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bronsestatue av Karl Marx foran grønne løvtrær.
Bronsestatue av Karl Marx foran grønne løvtrær.

Den industrielle revolusjonen i andre land

Den industrielle revolusjonen starta i England. Noreg fekk sine første fabrikkar rundt 1850. Fabrikkane vart ofte drivne av dampmaskiner. Dei laga jern, papir og klede.

USA kom med i andre halvdel av 1800-talet. I Russland fekk dei moderne fabrikkar nærmare år 1900.

📷 Foto: Hans Emil Erichsen, ved Vøyenfallene, 1866.
Ved Vøyenfallene med Graahs spinneri, Hjula veveri og Tugthusets klesstampe
Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images
      4. Getty Images
      5. Internet Archive Book Images
      6. Getty Images
      7. Getty Images
      8. Getty Images
      9. Getty Images
      10. Getty Images
      11. Hans Emil Erichsen / Oslo Museum