Den industrielle revolusjonen

På 1700-talet var dei fleste bønder. På denne tida vart det fødde mange fleire menneske enn før. Då trong folk meir mat og meir klede. Det meste av dette måtte dei lage sjølve. Det tok lang tid.

Maskinar gjorde jobben raskare

I England var det nokon som fann opp maskinar. Då kunne dei lage klede mykje raskare enn før. Samtidig vart stoff og tøy mykje billigare.

Klassedelt samfunn

Denne tida vert kalla den industrielle revolusjonen. Ein revolusjon betyr at samfunnet endrar seg fullstendig for dei aller fleste. Maskinane tok over mykje av arbeidet. Nokre få eigde fabrikkane og vart veldig rike. Dei var i middelklassen. Dei fleste var fattige arbeidarar. De var i arbeidarklassen. Derfor kallar vi dette eit klassedelt samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk

Folk flyttar til byane

I byane vart det bygd fabrikkar. Det var stort behov for arbeidarar. Mange bønder flytta derfor til byane for å jobbe på fabrikk. Byene voks raskt.

Innsiden av en gammel spinnefabrikk fra 1880
Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Dampmaskinen

Dampmaskinar heldt fabrikkane i gang. Med hjelp av kol vart vatnet i maskinen varma opp. Dampen frå det varme vatnet gjorde at hjula gjekk rundt. Hjula gjorde at dei andre maskinane i fabrikken verka. For å få nok kol måtte England kjøpe dette frå andre land.

Forbetra dampmaskinen

James Watt frå Skottland gjorde dampmaskinen betre. Fleire og fleire fabrikkar tok dei i bruk. Tidligare vart mange av desse fabrikkane drivne med hjelp av vasskraft. Då var det rennande vatn som sette hjula i gang.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt damplokomotiv som sender ut masse røyk.
Gammelt damplokomotiv som sender ut masse røyk.

Kanalar og vegar

Det vart fleire og fleire fabrikkar i England. For å frakte ting brukte dei for det meste båt. Men ikkje alle budde ved kysten. Derfor måtte det gravast kanalar innover land. Kanalane gjorde at båtane kunne ta snarvegar over land. Det vart også bygd betre og fleire vegar.

Jernbanen kjem

I gruvene der dei grov ut kol, måtte arbeidarane dytte eller dra store tunge vogner. Etter kvart vart det brukt dampmaskinar. Ein oppfinnar som heitte George Stephenson, fann opp det første lokomotivet. Dette lokomotivet vart drive av ein dampmaskin som trekte vognene på jernskinner. Jernbane vart etterkvart også brukt for å frakte menneske, dyr og tømmerstokkar.

Telegraf og telefon

For å gje kvarandre beskjedar brukte dei elektriske signal. Desse vart sende gjennom leidningar eller gjennom lufta. Det kalla dei ein telegraf. Du kjenner igjen ordet frå telefon. Med telegraf kunne dei berre sende signal. Når telefonen vart oppfunnen, kunne dei sende si  eiga stemme gjennom lufta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En stor gammel sluse i tre og metall som ikke slipper noe vann i gjennom.
En stor gammel sluse i tre og metall som ikke slipper noe vann i gjennom.

Ikkje like bra for alle

Den industrielle revolusjonen var eit slit for dei aller fleste. I fabrikkane kunne folk jobbe 14-15 timar kvar dag. Maskinane bråkte fælt, og mange fekk lungesjukdommar på grunn av giftig røyk frå pipene. Men mykje vart betre. Kva då, trur du?

Farlege arbeidsplassar

Fabrikkane kunne vere farlege på andre måtar også. Mange skada seg stygt i maskinane. Det var fort gjort å setje seg fast. Lønna var dårleg.

Arbeidarane budde oftast i svært dårlege hus. Det var trongt. Kanskje ein heil familie på eitt rom. Urin og bæsj hamna i drikkevatnet, og søppel låg strøydd i gatene. Mange vart sjuke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av den industrielle revolusjonen som viser en kullfabrikk med mye sot og røyk som kommer fra pipper, og arbeidere i forgrunnen.
Illustrasjon av den industrielle revolusjonen som viser en kullfabrikk med mye sot og røyk som kommer fra pipper, og arbeidere i forgrunnen.

Barnearbeid

Barn måtte også jobbe på fabrikk. Derfor var det veldig få barn som gjekk på skule. Det var mest for dei rike. Barna tente mykje mindre enn dei vaksne, og gjorde ofte farlegare arbeid. Kvifor det, trur du?

Mange barn jobba i kolgruvene. Der kraup dei rundt i tronge gruvegangar. Stader dei vaksne ikkje fekk plass.

Ikkje tid til leik

Barna jobba lange dagar. Trur du dei orka å leike etterpå? Dei var nok for slitne. Alt handla om å skaffe pengar til familien. Skule kunne dei berre gløyme. Mange barn vart drepne i fabrikkane og gruvene.

Kvinner i arbeid

Kvinner tente mindre pengar enn menn. Sjølv om dei gjorde same typen arbeid. Kvinner hadde få rettar. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn sleper og dytter tunge vogner med kull i kullgruve med to etasjer.
Barn sleper og dytter tunge vogner med kull i kullgruve med to etasjer.

Arbeidaropprør

Etter kvart fekk arbeidarane nok. Både menn og kvinner klaga. Dei ville ha lover som beskytta dei og barna. Arbeidarane kravde høgare lønn, fleire rettar og skulegang for dei yngste barna.

Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Fagforeiningar

Overalt ville arbeidarane vere med å bestemme. For å få til det måtte dei stå saman. Dermed oppretta dei noko som heiter fagforeiningar. Desse skulle hjelpe arbeidarane til å få betre lønn og ein tryggare arbeidsplass.

Streik

Du har kanskje høyrt om streik? Det betyr at arbeidarane stansar arbeidet for ei stund. Kanskje dagar og veker. Heilt til arbeidsgjevaren går med på krava. Under den industrielle revolusjonen begynte mange å streike. Slik er det i dag også. Kan du tenkje deg kvifor?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stor samling med gruvearbeidere som streiker foran fabrikker som spyr ut sort røyk.
Stor samling med gruvearbeidere som streiker foran fabrikker som spyr ut sort røyk.

Sosialisme

På grunn av dei store forskjellane i samfunnet kom noko som heiter sosialisme. Sosialistane ønskte at samfunnet skulle vere meir rettferdig. Ingen skulle bli veldig rike eller veldig fattige. Alle skulle dele alt i fellesskap.

Borgarskapet mislikte forandringar

De som eigde fabrikkane, vart kalla borgarskapet. Dei tente masse pengar og hadde mange rettar. Dei ønskte ikkje å endre på noko. I deira auge var samfunnet bra. I alle fall for dei sjølve.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rike kvinner og menn fra 1800-tallet i England som er ute og promenerer.
Rike kvinner og menn fra 1800-tallet i England som er ute og promenerer.

Karl Marx

Tyskaren Karl Marx meinte at alle skulle dele. Ingen skulle vere fattige fordi nokre få var rike. Dei rike vart kalla kapitalistar. Det kjem av ordet kapital som betyr pengar. Dei fattige vart kalla proletarar.

Marx meinte at arbeidarane måtte kjempe saman. For å få til endringar måtte dei starte ein revolusjon. Det betyr å endre samfunnet raskt, ofte med bruk av vald og våpen.

Dei som støtta Marx og ideen om revolusjon, vart kalla kommunistar. Dei ønskte raske endringar. Dei som ønskte å bruke fredelege midlar over lang tid, vart kalla sosialdemokratar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bronsestatue av Karl Marx foran grønne løvtrær.
Bronsestatue av Karl Marx foran grønne løvtrær.

Den industrielle revolusjonen i andre land

Den industrielle revolusjonen starta i England. Noreg fekk sine første fabrikkar rundt 1850. Fabrikkane vart ofte drivne av dampmaskinar. Dei laga jern, papir og klede.

USA kom med i andre halvdelen av 1800-tallet. I Russland fikk dei moderne fabrikkar nærmare år 1900.

📷 Foto: Hans Emil Erichsen, ved Vøyenfallene, 1866.
Ved Vøyenfallene med Graahs spinneri, Hjula veveri og Tugthusets klesstampe
Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images
      4. Getty Images
      5. Internet Archive Book Images
      6. Getty Images
      7. Getty Images
      8. Getty Images
      9. Getty Images
      10. Getty Images
      11. Hans Emil Erichsen / Oslo Museum