Den nordiske modellen

I mange år har dei nordiske landa vorte rekna blant dei beste landa å leve i. Dei skårar høgt på levestandard, inntekt og utdanning. Måten landa styrer samfunnet på blir kalla «den nordiske modellen». Er den modellen ei av årsakene til suksess?

Dei nordiske landa – Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island – har ein ganske lik måte å organisere samfunnet på. Likevel viser “den nordiske modellen” til Noreg, Sverige og Danmark. Desse tre landa blir òg kalla Skandinavia.

«Den nordiske modellen» er namnet som blir brukt for å beskrive kjenneteikn ved økonomi, organisering i arbeidslivet og politisk system i Noreg, Sverige og Danmark. Fleire av desse trekka kan vi òg sjå hos Finland og Island.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tillaget gammelt kart over norden.
Tillaget gammelt kart over norden.

Norden skil seg ut

Kva er det som gjer at landa i Norden skil seg ut frå andre land?

«Den nordiske modellen» er ikkje ein fasit på korleis samfunnet skal styrast. Det skjer endringar heile tida for å bli tilpassa nye utfordringar. Likevel kan vi seie at modellen er avhengig av følgande:

  • Trepartssamarbeid – arbeidsgivar og arbeidstakar samarbeider med staten.
  • Sterk velferdsstat – alle innbyggjarar har rett til å bli passa på i alle livets fasar.
  • Økonomisk styring – politikarar passar på at dei felles pengane vi har, blir brukte fornuftig og til glede for flest mogleg.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparebøsser på rad over nordiske flagg
Sparebøsser på rad over nordiske flagg

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!