Begynnelsen til det britiske imperiet

Frå 1500-talet til 1900-talet 

Ekspansjonen av det britiske imperiet vert ofte delt inn i to delar: det første imperiet og det andre imperiet. Det første starta då Storbritannina byrja å etablera oversjøiske territorium på 1500-talet. I 1783 var imperiet koloniar i Amerika og Vestindia. Den første britiske busettinga i Afrika var på James Island i Gambiaelva i 1661. Ein meiner at den første perioden av imperiet tok slutt då britane mista dei amerikanske koloniane i 1783.

Under den andre delen av det britiske imperiet, på 1800-talet, ekspanderte imperiet kraftig. I denne perioden underla britane seg meir land – i fleire verdshjørne – enn nokon gong før. Ved slutten av hundreåret bestod det britiske imperiet av nær ein firedel av verdas befolkning. Berre i løpet av dei siste 20 åra av 1800-talet hadde britane gapt over meir enn 30 prosent av befolkninga i Afrika.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Slutten på det britiske imperiet 

Frå 1945 fram til i dag  

Etter to verdskrigar gjekk det sakte, men sikkert mot slutten for det britiske imperiet, grunna at krigane hadde tært kraftig på økonomien til Storbritannia. India sette tonen for endring då landet erklærte seg uavhengig i 1947.

I 1950-åra innvilga den britiske regjeringa sjølvstende til Sudan, Gullkysten og Malaysia. Dei ønskte ikkje å risikere kolonikrig, slik Frankrike hamna i med Algerie. Mange britiske koloniar hadde allereie vorte sjølvstyrde då imperiet byrja å gå i oppløysing.

Canada vart den første sjølvstyrde staten (dominion) til Storbritannia i 1867, følgt av Australia i 1901 og New Zealand i 1907. Desse tidlegare koloniane var i prinsippet framleis knytte til den britiske krona, men dei hadde også ein viss sjølvråderett. Dei neste 20 åra fekk mesteparten av det karibiske området sjølvstende. Barbados vart uavhengig i 1966, og resten av dei karibiske øyene i aust følgde etter på 1970- og 1980-talet.

⬅  Union Jack er den dag i dag ein sentral del av Australias flagg. 

Den endelege slutten på imperiet vil mange seie var i 1997, då Hongkong vart ein administrativ region under Kina.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det australske flaget heist opp i en flaggstang
Det australske flaget heist opp i en flaggstang

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!