Begynnelsen til det britiske imperiet

Frå 1500-talet til 1900-talet 

Det britiske imperiet blir ofte delt inn i to delar: det første imperiet og det andre imperiet.

Eit imperium er eit rike som blir styrt av ei sentralmakt.

Det første imperiet starta då Storbritannia byrja å forme rike på 1500-talet. I 1783 hadde imperiet koloniar (land eller område utanfor moderlandet) i Amerika og Vestindia. Den første britiske busetjinga i Afrika var på James Island i Gambiaelva i 1661. Ein meiner at det første imperiet tok slutt då britane mista dei amerikanske koloniane i 1783.

Under andre del av det britiske imperiet voks imperiet veldig. Britane tok over meir land enn nokon gong før. Ved slutten av 1800-talet bestod det britiske imperiet av nesten ein firedel av alle landområda i verda, og over 25 prosent av befolkninga i verda. 30 prosent av Afrikas befolkning var òg under Storbritannia.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Slutten på det britiske imperiet 

Frå 1945 fram til i dag  

Etter andre verdskrigen gjekk det sakte mot slutten for det britiske imperiet. Storbritannias økonomi var kraftig svekt etter krigane. India starta endringa då landet erklærte seg fritt i 1947. 

I 1950-åra tillét den britiske regjeringa sjølvstende til Sudan, Gullkysten og Malaysia. Mange britiske koloniar hadde allereie fått sjølvstyre (retten til å bestemme over seg sjølv) då imperiet begynte å falle saman.

I 1867 var Canada den første kolonien til å få sjølvstyre. Australia og New Zealand følgde etter på begynnelsen av 1900-talet. Landa var framleis knytte til den britiske staten, men dei hadde òg ein eigen råderett. Dei neste 20 åra fekk store delar av dei karibiske landa òg fridommen sin.

Den endelege slutten på imperiet vil mange seie var i 1997. Då vart Hongkong ein del av Kina igjen. Likevel fekk området behalde noko av råderetten sin.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det australske flaget heist opp i en flaggstang
Det australske flaget heist opp i en flaggstang

Canada 

Storbritannia vann over franskmennene i sjuårskrigen frå 1756 til 1763. Då underskreiv dei Parisavtalen. Denne sa at Frankrike måtte gi frå seg New France, som Canada var ein del av, til det britiske imperiet. Canada er framleis ein del av Samveldet av nasjonar.

Mid-Victorian map of Canadian Eastern Provinces
Mid-Victorian map of Canadian Eastern Provinces

Dei vestindiske øyane

Etter oppdaginga av det amerikanske kontinentet konkurrerte Europas stormakter om å erobre dei karibiske øyane. I 1912 vart dei britiske territoria delt inn i åtte koloniar: Bahamas, Barbados, Britisk Guyana, Britisk Honduras, Jamaica, Trinidad og Tobago, Windward Islands og Leeward Islands. Dei fleste fekk sjølvstendet tilbake mellom 1960 og 1980.

Bilde fra en sukkerplantasje på Jamaica der slaver gjør jobben.
Bilde fra en sukkerplantasje på Jamaica der slaver gjør jobben.

Amerika 

Englands første faste busetjing i Amerika var i Jamestown i 1607. Men i 1783 tapte Storbritannia dei tretten koloniane sine på grunn av krangel om skattar og styresett.

Jamestown, Saint Helena, British Overseas Territories
Jamestown, Saint Helena, British Overseas Territories

Sør-Afrika 

I 1820 gjekk rundt 5000 britiske nybyggjarar i land i Cape Town i Sør-Afrika. Dette var ei viktig hamn i handelsruta til India. Dei neste åtti åra kjempa dei mot boarane om kontrollen av området. Sør-Afrika fekk full fridom frå England i 1931.

Oversiktsbilde av Cape Town and the 12 Apostels
Oversiktsbilde av Cape Town and the 12 Apostels

Australia 

Dei første britane koloniserte Australia i 1788. Det blir sagt at 90 prosent av urbefolkninga vart drepen dei første to åra under britisk makt. Urbefolkning er det opphavlege folket i området.

Karikatur av britisk bosetting i Australia i 1850 tegnet av illustratøren John Leech
Karikatur av britisk bosetting i Australia i 1850 tegnet av illustratøren John Leech

Samveldet 

I 1949 vart Samveldet av nasjonar forma. Det bestod først av åtte sjølvstendige statar der dei fleste var tidlegare britiske kolonistatar. I dag er 2,4 milliardar menneske i 54 land medlemmar av Samveldet. Medlemskap i Samveldet er frivillig.

Alle landa godtek den britiske dronninga som Samveldets øvste leiar. Nokre av landa har òg den britiske monarken som statsoverhovud.

Kjelder:

  • Vitenskap & historie (nr. 2/2020)
    Orage Forlag AS
  • Iddeng, Jon Wikene: imperium i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    19. juni 2020 frå https://snl.no/imperium

Bilet- og videorettar:

    1. Alamy
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. WatchMojo.com Youtube