Dronning av ei verd i endring
Frå Dronning Elizabeth II vart fødd i 1926, og fram til ho døydde i 2022, gjekk utviklinga i ein rasande fart. Kva endringar gjekk verda gjennom i den britiske dronninga si levetid?
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser
Sola gjekk ned over det britiske imperiet
Elizabeth II vart fødd då det britiske imperiet var det største i verda. Imperiet omfatta ein fjerdedel av verdas befolkning og dekte ein tredjedel av landområda på jorda. Det vart derfor sagt at sola aldri gjekk ned over det britiske imperiet. Etter to verdskrigar gjekk det sakte, men sikkert mot slutten for imperiet.
Kart over Det britiske imperiets
Samveldet av nasjonar
Etter at imperiet gjekk i oppløysing, vart dei fleste britiske koloniane sjølvstendige. 54 land melde seg inn i det som vart kalla Commonwealth of Nations. Dronning Elizabeth II vart overhovud for dette samveldet, som bestod av statar med svært ulik historie, økonomi og kultur. I 2022 vart Gabon og Togo tatt opp som nye medlemmar.
Rolla som overhovud er ikkje ei arveleg rolle, slik som som det å vere dronning er. Elizabeth II vart vald inn av statssjefane i medlemslanda. Det viser at ho var ønskt, trass i ulike meiningar blant folk i medlemslanda. I det store og heile vart ho møtt med respekt.
Den kalde krigen
Under 2. verdskrigen stod stormaktene USA, Storbritannia og Sovjetunionen saman mot Tyskland, Italia og Japan. Dei tre landa ønskte å bli imperium på linje med Storbritannia, men tapte den blodigaste krigen i historia. Imperialisme som verdsorden fekk dermed ein alvorleg knekk. Etter krigen vart Sovjetunionen ein bitter fiende av sine tidlegare allierte. Eit iskaldt jernteppe breidde seg utover Europa, og aust stod mot vest. Sovjetisk kommunisme og vestleg kapitalisme kjempa mot kvarandre for å spreie sin politikk. Oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 markerte slutten på den kalde krigen.
Et skittent sovjetisk og amerikansk flagg liggende mot hverandre.
Månelandinga
Mens dei færreste kunne ta eit rutefly, utforska stormaktene allereie verdsrommet. Konkurransen om å sende mennesket til månen vart raskt ein del av den kalde krigen, også kalla romkappløpet. I 1969 tok amerikanarane Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første skritta på måneoverflata.
Astronaut på månen ved amerikansk flagg og romfartøy i bakgrunnen
Thatchers revolusjon
Dronning Elizabeth II utnemnde 15 statsministrar i si regjeringstid. Med Storbritannias første kvinnelige statsminister, Margaret Thatcher, kom ei politisk flodbølgje. Leiarstilen til Thatcher gav henne tilnamnet «The Iron Lady». Med henne som statsminister opplevde Storbritannia økonomisk vekst. Likevel fekk ho mykje av skulda for rekordstor arbeidsløyse, store sosiale problem og politisk uro med EU og andre land. Ikkje minst Tyskland. Samspelet mellom dronning og statsminister vert omtalt som profesjonelt, formelt og stivt.
Sort/hvitt-bilde av Margaret Thatcher sittende sidelengs foran skrivepult med ansiktet vendt mot kamera.
Falklandskrigen
Falklandskrigen var ein militær konflikt mellom Storbritannia og Argentina om Falklandsøyane. Argentina meinte at øyane var deira, og dei okkuperte øygruppa i 1982. Krigen varte i 74 dagar før argentinarane måtte gje opp for britane. Sidan har øyane vore under britisk styre, men har ein viss grad av sjølvstyre. Argentina anerkjende aldri britisk kontroll.
Havneområdet sett fra bryggespissen.
Kvinnebevegelsen
Dronning Elizabeth II var ein kvinneleg leiar og ei småbarnsmor. På hennar tid hadde fleirtalet av kvinner i verda få utsikter til å ta utdanning, skaffe seg jobb eller bli tekne på alvor i politiske debattar.
Kvinnekampen har ført til store endringar. Han har gjort det mogleg for mange kvinner til å leve slik dei sjølve ønskjer. Likevel er det framleis ein lang veg å gå i mange land. Dronning Elizabeth II har vore eit viktig symbol i kampen for kvinners rettar.
Dronning Elizabeth II står foran mikrofon og taler ikledd lys kjole. Bak henne sitter en forsamling med mennesker.
Terrorbølgje
I nyare tid har verda opplevd auka ekstremisme og terrorisme. Starten på denne terrorbølgja kom då 17 menneske vart drepne under OL i München i 1972. Terroristar frå den paramilitære gruppa Svart September drap israelske utøvarar som ein reaksjon på krigen mellom Israel og Palestina. Etter det opplevde vi terror i USA då World Trade Center vart angripe med to kapra passasjerfly, massedrap på Utøya, bombeangrep på undergrunnen i London og ei lang rekkje terrorhandlingar.
Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11
Brexit
Brexit (av «Britain» og «exit») er eit mykje brukt namn på prosessen som førte Storbritannia ut av EU i 2020. Landet hadde vore medlem sidan 1973. Prosessen starta med ei folkeavstemming om utmelding i 2016. Etter fleire utsettingar gjekk Storbritannia ut av EU den 31. januar 2020. Det vart eit politisk jordskjelv då det vart kjent at Storbritannia ville ut av unionen dei hadde vore med å skape. Politiske parti, statsministrar og andre har gjennomgått lange og harde kampar for å få gjennom sitt syn.
Folketog under demonstrasjon. Svær plakat av Boris Johnson med Jokeren-sminke manipulert inn.
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II sitter ved et skrivebord vendt mot kamera. Bak henne står en hylle med stor mengde bilderammer.
Eit tidsvitne
Dronning Elizabeth II var tidsvitne til ein epoke med kolossale forandringar, utfordringar og historiske hendingar. Hun vigde livet sitt til embetet sitt og sette enorme spor. Sonen hennar, Kong Charles III, har store sko å fylle.
To sedler og tre mynter der dronning er avbildet.
Kjelder:
- Vinje Tantillo, Marianne: den første månelandingen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 10. september 2022 frå
https://snl.no/den_f%C3%B8rste_m%C3%A5nelandingen
- Tvedt, Knut Are: Margaret Thatcher i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. september 2022 frå https://snl.no/Margaret_Thatcher
- Biography.com (09.09.2022): Queen Elizabeth II and Margaret Thatcher’s Complicated Relationship:
https://www-biography-com.translate.goog/news/queen-elizabeth-ii-margaret-thatcher-relationship?_x_tr_sl=en&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=sc
- Tvedt, Knut Are: Margaret Thatcher i Store norske leksikon på snl.no. Henta 12. september 2022 frå https://snl.no/Margaret_Thatcher
- Nettavisen (09.09.2022): Samveldet i hemmelige samtaler om dronning Elizabeths etterfølger: https://www.nettavisen.no/nyheter/utenriks/samveldet-i-hemmelige-samtaler-om-dronning-elizabeths-etterfolger/s/12-95-3423415803
- Opsvik, Tor: Falklandskrigen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 12. september 2022 frå https://snl.no/Falklandskrigen
- NRK.no (12.09.22): 40 år siden München-massakren
https://www.nrk.no/sport/40-ar-siden-munchen-massakren-1.8299927
- Mustad, Erik: Brexit i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. september 2022 frå https://snl.no/Brexit
- Arntzen, Jon Gunnar: Elizabeth 2. i Store norske leksikon på snl.no. Henta 12. september 2022 frå http://snl.no/Elizabeth_2.
- Royal.uk (09.09.2022): 70 facts to mark The Queen’s Platinum Jubilee. https://www.royal.uk/70-facts-mark-queens-platinum-jubilee
- Royal.uk (09.09.2022): Wartime broadcast, 1940: https://www.royal.uk/wartime-broadcast-1940
- Dagsavisen.no (19.09.22): Stadig flere samveldeland tar farvel med monarkiet
https://www.dagsavisen.no/nyheter/verden/2022/06/25/stadig-flere-samveldeland-tar-farvel-med-monarkiet/
Bilde- og videorettar:
-
-
NATO
-
Public domain
-
Alamy
-
Getty Images
-
NASA
-
Getty Images
-
Public domain
-
Getty Images
-
Communicate New Zealand / National Archives / CNZ Collection
-
Getty Images
-
Jannes van den Wouwer
-
Faksimile YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=mBRP-o6Q85s
-
YouTube
-
Frankieleon
-