Du er ein tidsreisande

Veit du at du reiser i tid? Tida går absolutt heile tida, og vi må berre hengje med så godt vi kan. Mange drøymer om å reise tilbake i tid. Trur du vi kan det ein gong i framtida?

Accessibility icon Du er ein tidsreisande

Du er ein tidsreisande

Har du tenkt over at du er ein tidsreisande? Du reiser heile tida framover i tid, sjølv om mange lurer på om det er mogleg å reise tilbake i tid òg.

Vi måler tida med sekund, minutt, timar, dagar, veker, månader, år, hundreår, tusenår – og på mange fleire måtar.

Albert Einstein skal ha sagt at «tid er det du måler med ei klokke».

Måle tida

Viss vi skal måla tid i noko som snart skal skje, bruker vi helst klokka. Skal vi måle tid i lenger perspektiv, bruker vi ein kalender.

Tid skriv vi som tidspunkt eller dato, eller ein kombinasjon av desse to – som å seie 4. mars 2022 kl. 12.30.

Den kalenderen som blir mest brukt i verda i dag, er den gregorianske kalenderen. Denne kalenderen tek utgangspunkt i Jesu fødsel. Vi seier om noko har skjedd før eller etter Jesu fødsel. Vi skriv det f.Kr. eller e.Kr.

Ein meir religionsnøytral måte å skrive det på er før tidsrekninga vår (fvt), eller etter tidsrekninga vår (evt).

Skilt med tid
Ruteark
Ruteark

Dele inn tida

Jorda har omtrent éi omdreiing rundt seg sjølv kvart døgn, og det tek omtrent eitt år å gå i bane rundt sola. Vi deler inn dagar og år etter denne rotasjonen.

Men det gir ikkje heilt korrekt resultat.  Det tek litt lenger tid enn eitt år for jorda å gå rundt sola, så kvart fjerde år har vi skotår.

Når det er skotår, legg vi til ein ekstra dag slik at kalenderen igjen blir rett. Denne dagen blir lagt til februar. Kvart fjerde år består februar derfor av 29 dagar og ikkje 28 dagar. Sist det skjedde var i 2020, og neste gong blir i 2024.

Vi har delt dagen i 24 timar og kvar time i 60 minutt. Kvart minutt er igjen inndelt i 60 sekund.

Ser du likskapen med korleis ein deler inn ein sirkel i 360 grader? Andre måleiningar er delte inn annleis. Éin meter er 100 centimeter, og ikkje 60 centimeter.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dei første klokkene

I oldtida brukte ein først solur for å halde reie på tida. Den enklaste forma er å setje ein pinne i jorda. Når pinnen ikkje kastar skugge, er klokka akkurat 12. Då står nemleg sola midt på himmelen.

Så kan ein markere der skuggen frå pinnen fell gjennom dagen, og på den måten sjå kor mykje klokka er. Problemet er at solur ikkje verkar når det er natt.

Ein brukte óg vassur. Då fylte ein ein behaldar med vatn. Behaldaren hadde eit hol som vatnet kunne renne sakte ut av, og så markerte ein kor mykje vatn som rann ut i løpet av ein time.

Då kan ein sjå kor lang tid som har gått sidan ein fylte behaldaren. Men ein kan ikkje fortelje akkurat kva klokka er på eit gitt tidspunkt.

Seinare fikk vi mekaniske klokker, og i dag er det atomur som måler tida omtrent heilt presist.

Orda ur og klokke betyr akkurat det same.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Solur
Solur

Kvifor er tid viktig?

Kor ofte må du passe tida? Tenk litt over alle ting du gjer i kvardagen der tid er viktig. Skulen startar på eit tidspunkt, eller kanskje du skal rekke ein buss. Då må du vite kva klokka er.

Før i tida var det viktig å vite tida når ein skulle navigere over hava. Då kunne ein rekne ut kvar ein var.

I dag blir det brukt GPS for å vite kvar ein er, men bruken av GPS er heilt avhengig av at vi òg har korrekt tid. Sjølv små avvik på tida kan føre til at ein blir plassert eit heilt annan stad enn der ein faktisk er.

GPS
Ruteark
Ruteark

Når tida flyr

Av og til kan det verka som om tida går raskare enn vanleg, og andre gongar går tida veldig sakte.

Når du held på med noko morosamt, vil du kanskje føle at tida går veldig fort. Viss du ventar på noko, eller held på med noko som er kjedeleg, synest du kanskje at tida går saktare.

Men tida er konstant. Det er berre korleis vi opplever henne som gjer at tid blir oppfatta ulikt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gutt kjeder seg
Gutt kjeder seg

Kjelder:

  • Ringnes, Truls: Tid i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 12 frå https://snl.no/tid
  • Sandstad, Jacob: Atomur Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 12 frå https://snl.no/atomur

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images