Du er ein tidsreisande

Veit du at du reiser i tid? Tida går absolutt heile tida, og vi må berre hengje med så godt vi kan. Mange drøymer om å reise tilbake i tid. Trur du vi kan det ein gong i framtida?

Accessibility icon Du er ein tidsreisande

Du er ein tidsreisande

Du reiser heile tida i tid. Men du reiser berre framover i tid. Mange lurer på om det er mogleg å reise tilbake i tid òg.

Vi måler tida med sekund, minutt, timar, dagar, veker, månader, år, hundreår, tusenår – og på mange fleire måtar.

Måle tida

Vi brukar klokke viss vi skal måle tida til noko som snart skal skje. Skal noko skje lenger inn i framtida, bruker vi kalender.

Tid skriv vi som ein dato: som 4. mars 2022 eller 04.03.2022 – eller som eit tidspunkt: som kl. 12.30. Vi kan òg setje dei to saman: 4. mars 2022 kl. 12.30.

Kalenderen vi bruker, tek utgangspunkt i Jesu fødsel. Vi seier at noko har skjedd før eller etter Jesu fødsel. Vi skriv det f.Kr. eller e.Kr.

Nokre bruker omgrepa før tidsrekninga vår og etter tidsrekninga vår. Då byter vi ut f.Kr. med fvt og e.Kr. med evt.

Skilt med tid
Ruteark
Ruteark

Dele inn tida

Jorda har omtrent éi omdreiing rundt seg sjølv kvart døgn, og det tek omtrent eitt år å gå i bane rundt sola. Vi deler inn året, dagar og timar på same måten.

Men det blir ikkje heilt rett. Det tek litt lenger tid enn eitt år for jorda å gå ein runde rundt sola.

For at kalenderen skal bli korrekt, legg vi derfor til ein dag kvart fjerde år. Det skjer i februar månad. Derfor får februar ein dag ekstra kvart fjerde år. Dette blir kalla skotår.

Vi har delt dagen i 24 timar og kvar time i 60 minutt. Kvart minutt er igjen inndelt i 60 sekund.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dei første klokkene

I oldtida brukte ein først solur for å halde reie på tida.

For å lage eit solur kan ein setje ein pinne i jorda. Når pinnen ikkje kastar skugge, er klokka akkurat 12.

Men ein kan ikkje bruke solur for å sjå tida om natta!

Ein brukte óg vassur. Då fylte ein ein behaldar med vatn. Behaldaren hadde eit hol som vatnet kunne renne sakte ut av. Så markerte ein kor mykje vatn som rann ut i løpet av ein time.

Då kunne ein sjå kor lang tid som var gått, men ein kan ikkje vite kor mykje klokka er.

Seinare fekk vi mekaniske klokker, og i dag er det atomur som måler tida omtrent heilt presist.

Orda ur og klokke betyr akkurat det same.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Solur
Solur

Kvifor er tid viktig?

Kor ofte må du passe tida? Tenk litt over alle ting du gjer i kvardagen der tid er viktig. Skulen startar på eit tidspunkt, eller kanskje du skal rekke ein buss. Då må du vite kva klokka er.

GPS brukar vi i dag til å finne fram eller vite kvar vi er. GPS er heilt avhengig av å få korrekt tid – elles seier ho at du er på ein annan stad enn du faktisk er!

GPS
Ruteark
Ruteark

Når tida flyr

Av og til kan det verke som om tida går raskare enn vanleg, og andre gongar går tida veldig sakte.

Når du held på med noko morosamt, vil du kanskje føle at tida går veldig fort. Viss du ventar på noko, eller held på med noko som er kjedeleg, synest du kanskje at tida går saktare.

Men tida endrar seg eigentleg ikkje. Den går ikkje snøggare eller seinare. Det er berre korleis vi opplever tida som endrar seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gutt kjeder seg
Gutt kjeder seg

Kjelder:

  • Ringnes, Truls: Tid i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 12 frå https://snl.no/tid
  • Sandstad, Jacob: Atomur Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 12 frå https://snl.no/atomur

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images