Du er ein tidsreisande

Veit du at du reiser i tid? Tida går absolutt heile tida, og vi må berre hengje med så godt vi kan. Mange drøymer om å reise tilbake i tid. Trur du vi kan det ein gong i framtida?

Accessibility icon Du er ein tidsreisande

Du er ein tidsreisande

Har du tenkt over at du er ein tidsreisande? Du reiser heile tida framover i tid, sjølv om mange lurer på om det er mogleg å reise tilbake i tid òg.

Vi måler tida med sekund, minutt, timar, dagar, veker, månader, år, hundreår, tusenår – og på mange fleire måtar.

Albert Einstein skal ha sagt at «tid er det du måler med ei klokke».

Måle tida

Viss vi skal måla tid i noko som snart skal skje, bruker vi helst klokka. Skal vi måle tid i lenger perspektiv, bruker vi ein kalender.

Tid skriv vi som tidspunkt eller dato, eller ein kombinasjon av desse to – som å seie 4. mars 2022 kl. 12.30.

Den kalenderen som blir mest brukt i verda i dag, er den gregorianske kalenderen. Denne kalenderen tek utgangspunkt i Jesu fødsel. Vi seier om noko har skjedd før eller etter Jesu fødsel. Vi skriv det f.Kr. eller e.Kr.

Ein meir religionsnøytral måte å skrive det på er før tidsrekninga vår (fvt), eller etter tidsrekninga vår (evt).

Skilt med tid
Ruteark
Ruteark

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!