Du er ein tidsreisande

Veit du at du reiser i tid? Tida går absolutt heile tida, og vi må berre hengje med så godt vi kan. Mange drøymer om å reise tilbake i tid. Trur du vi kan det ein gong i framtida?

Accessibility icon Du er ein tidsreisande

Du er ein tidsreisande

Har du tenkt over at du er ein tidsreisande? Du reiser heile tida framover i tid, sjølv om mange lurer på om det er mogleg å reise tilbake i tid òg.

Tid tenkjer vi vanlegvis på som eit tidspunkt eller perioden mellom hendingar. Vi måler tida med sekund, minutt, timar, dagar, veker, månader, år, hundreår, tusenår – og på mange fleire måtar.

Albert Einstein skal ha sagt at «tid er det du måler med ei klokke».

Måle tida

Avhengig av kva slags tid vi skal måle, har vi ulike verktøy til å hjelpe oss. Er det noko som snart skal skje, er det klokka vi ofte viser til. Er det noko som ligg lenger fram i tid, bruker vi ein kalender. Vi kan derfor angi tida som eit tidspunkt eller ein dato, eller ein kombinasjon av desse to.

Den kalenderen som blir mest brukt i verda i dag, er den gregorianske kalenderen. Denne kalenderen tek utgangspunkt i Jesu fødsel. Vi seier om noko har skjedd før eller etter Jesu fødsel. Vi skriv det f.Kr. eller e.Kr. Ein meir religionsnøytral måte å skrive det på er før tidsrekninga vår (fvt), eller etter tidsrekninga vår (evt).

Skilt med tid
Ruteark
Ruteark

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!