Du er ein tidsreisande

Veit du at du reiser i tid? Tida går absolutt heile tida, og vi må berre hengje med så godt vi kan. Mange drøymer om å reise tilbake i tid. Trur du vi kan det ein gong i framtida?

Accessibility icon Du er ein tidsreisande

Du er ein tidsreisande

Du reiser heile tida i tid. Men du reiser berre framover i tid. Mange lurer på om det er mogleg å reise tilbake i tid òg.

Vi måler tida med sekund, minutt, timar, dagar, veker, månader, år, hundreår, tusenår – og på mange fleire måtar.

Måle tida

Vi brukar klokke viss vi skal måle tida til noko som snart skal skje. Skal noko skje lenger inn i framtida, bruker vi kalender.

Tid skriv vi som ein dato: som 4. mars 2022 eller 04.03.2022 – eller som eit tidspunkt: som kl. 12.30. Vi kan òg setje dei to saman: 4. mars 2022 kl. 12.30.

Kalenderen vi bruker, tek utgangspunkt i Jesu fødsel. Vi seier at noko har skjedd før eller etter Jesu fødsel. Vi skriv det f.Kr. eller e.Kr.

Nokre bruker omgrepa før tidsrekninga vår og etter tidsrekninga vår. Då byter vi ut f.Kr. med fvt og e.Kr. med evt.

Skilt med tid
Ruteark
Ruteark

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!