Eit rush av lykke
Kva gjer deg glad? Livet er fullt av augneblink som gir oss eit rush av lykke, ei kriblande kjensle som gjer det umogleg å ikkje smila breitt eller hoppe av glede.
Kva er lykke for deg?
Kva som gjer oss lykkelege, varierer frå person til person. Likevel finst det ein del ting som mange menneske liker. Desse skal vi sjå nærare på i denne teksten.
Finn glede i naturen
Mange blir glade av å vere ute i naturen. Her kan ein få frisk luft, nyte sola, kjenne regnet i ansiktet og fryde seg over vakre solnedgangar og flotte landskap.
Ute i naturen er det lettare å kople av og la tankane vandre. Mange blir rolegare når dei er ute i naturen. Viss ein går eller joggar ein tur, får ein brukt kroppen, og viss ein tek med seg ein venn, kan det bli endå koselegare.
Fellesskap er viktig
Menneske er sosiale vesen som liker å vere saman med andre. Tenk på kjensla du får når du og vennen din ler av ein dårleg vits, eller når laget ditt skårar i ein viktig kamp. Når vi har det bra saman med andre, gir det oss ei kjensle av fellesskap.
Musikk
Visste du at du kan bli glad av å lytte til musikk du liker? Set på yndlingslåta di, og kjenn kva det gjer med deg! Musikk kan dempe stress og uro fordi lykkehormona til kroppen blir sette i sving. Viss du er nedfor, kan det vere freistande å setje på trist musikk, men kanskje det er betre å setje på ein gladlåt for å snu kjenslene?
Le deg glad
Den enklaste måten å frigjere endorfin på, er rett og slett å le. Det er viktig å le lenge og ofte, anten åleine eller saman med andre. Det er vanskeleg å seie om ein god latter verkeleg forlengjer livet, men latter gjer oss i alle fall gladare!
Kjelder:
- Forskning.no (30.05.2007): Rusa på kroppens egne stoffer
https://www.forskning.no/sport-stress-hjernen/rusa-pa-kroppens-egne-stoffer/1000508
- Snl.no (07.03.2020): Endorfin
https://sml.snl.no/endorfin
- Aftenposten (27.07.2017): Forskning: Derfor gråter vi av musikk
https://www.aftenposten.no/kultur/i/01lEG/forskning-derfor-graater-vi-av-musikk
- Verdensdagen for psykisk helse (14.02.2023): Fire grunner til å bruke mer tid på musikk
https://www.verdensdagen.no/gjesteinnlegg/fire-grunner-til-a-bruke-mer-tid-pa-musikk
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-