Eit rush av lykke
Kva gjer deg glad? Kva gir deg eit kick? Når kjenner du at du verkeleg lever? Livet er fullt av augneblink som gir oss eit rush av lykke, ei djup kjensle av å ha det bra, ei kribling som gjer det umogleg å ikkje smile breitt eller hoppe av glede.
Kva er lykke for deg?
Lykke er subjektivt! Det betyr at det varierer frå person til person kva som gjer oss lykkelege. Men det finst ein del ting som gjer mange av oss glade. Desse skal vi sjå nærare på i denne teksten.
Finn glede i naturen
Mange blir glade av å vere ute i naturen. Her kan ein få frisk luft, nyte sola, kjenne regnet i ansiktet eller høyre den kramme snøen under skoa. Naturen byr på mange flotte opplevingar, som vakre solnedgangar og flotte landskap.
Ute i naturen er det lettare å kople av, la tankane vandre, eller berre vere utan å tenkje på noko. Mange opplever ei eiga ro når dei er ute i naturen. Viss ein går eller joggar ein tur, får ein dessutan brukt kroppen. Naturopplevingar kan også gi ei kjensle av fellesskap viss ein deler dei med andre.
Fellesskap er viktig
Vi menneske er sosiale vesen, og det er viktig for oss å ‘høyre til’. Samvær med venner og familie kan gi oss mykje glede. Berre tenk på kjensla du får når du og vennen din får latterkrampe av ein dårleg vits, eller når laget ditt skårar i ein viktig kamp.
Når vi ler saman med andre, eller berre sit saman og ser på film, gir det ei kjensle av tilfredsheit og tilhøyrsel. Korleis kjenner du deg når du er på konsert og hundrevis av menneske hoppar i takt som eitt, stort bankande hjarte?
Le deg glad
Den enklaste måten å frigjere endorfin på, er rett og slett å le. Sjå ein morosam film, høyr ein morosam vits, eller del ei morosam oppleving. Det er viktig å le lenge og ofte, anten åleine eller saman med andre. Det er vanskeleg å seie om ein god latter verkeleg forlengjer livet, men latter gjer oss i alle fall gladare!
Kjelder:
- Forskning.no (30.05.2007): Rusa på kroppens egne stoffer
https://www.forskning.no/sport-stress-hjernen/rusa-pa-kroppens-egne-stoffer/1000508
- Snl.no (07.03.2020): Endorfin
https://sml.snl.no/endorfin
- Aftenposten (27.07.2017): Forskning: Derfor gråter vi av musikk
https://www.aftenposten.no/kultur/i/01lEG/forskning-derfor-graater-vi-av-musikk
- Verdensdagen for psykisk helse (14.02.2023): Fire grunner til å bruke mer tid på musikk
https://www.verdensdagen.no/gjesteinnlegg/fire-grunner-til-a-bruke-mer-tid-pa-musikk
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-