Eldre litteraturhistorie på null komma niks:

Del 1: Norrøn tid

Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hjel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?

Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.

Eldre tekstar kan lære
oss mykje om fortida

Kva treng du for å komme inn i eit hus? Ein nøkkel. Det er nettopp det gamle bøker er. Ein nøkkel til å forstå den tida bøkene vart skrivne i. Vi blir òg kjende med menneske som levde i ein heilt anna tid.

Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.

Litteratur blir delte inn
i historiske periodar

Kva betyr litteraturhistorie? Det er tekstar som er skrive frå no og bakover i tid. Tekstane blir delte inn i periodar. Det dei skreiv i vikingtida, var heilt annleis enn på 1700-talet.

Dette er den første teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks», og den omhandlAr den norrøne tida.

Norrøn tid – vikingar, plyndring … og vakker litteratur?

Året er 793. Vi er ved eit kloster i Lindisfarne utanfor kysten av England. I klosteret bur det munkar. Plutseleg blir dei angripne av nordiske vikingar som ranar og drep dei. Vi seier at vikingtida starta det året. Vikingtid? Norrøn tid? Ikkje la deg forvirre. I vikingtida skreiv og snakka dei norrønt. Eit språk som ikkje blir lenger brukt. Norrøn tid varte frå 860 til 1350 e.Kr. Mange av tekstane er vakre og inneheld mykje spenning og dramatikk.

Litterært miljø på Island

På 1200-talet var det mange forfattarar på Island som skreiv ned munnlege forteljingar. Forteljingane kom mellom anna frå Noreg og Island. Dei to landa hadde nesten same språk. Årsaka til dette var at mange nordmenn flytta til Island.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vikingskip på vannet i et mystisk slør av tåke.
Vikingskip på vannet i et mystisk slør av tåke.

Den norrøne litteraturen

På 1100- og 1200-talet skreiv dei tekstane på norrønt språk. Dette blir kalla norrøn litteratur. Sagastilen er den skrivemåten dei brukte mest. Saga betyr forteljing.

Mange ulike sagaer

Det finst mange ulike sagaer. Islendingesagaene er eit døme. Desse handlar om islandske heltar og familiar som krangla med kvarandre.

“Sagaen om Gunlaug Ormstunge” er kanskje den mest kjente. Det er en ulykkelig kjærlighetshistorie der Gunlaug kjemper for kjæresten Helga. “Sagaen om Egil Skallagrimsson” og “Njålssaga” er andre kjente islendingesagaer.

Kongesagaene

Vi har også kongesagaene. Desse handlar om 17 norske kongar. Det var den islandske forfattaren Snorre Sturlason som skreiv desse historiene. Han kalla dei “Heimskringla”, som betyr «den runde jordskiva».

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av en viking med brillehjelm, løftet sverd og bjørnefell.
Nærbilde av en viking med brillehjelm, løftet sverd og bjørnefell.

Tusen år gamle visdomsord

I norrøn tid vart det òg skrive ein heil haug med dikt om gudar og heltar. Nokre av dikta vart samla i Håvamål. Her er det den største norrøne guden, Odin, som delar av den store visdommen sin. Eit døme er: «Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går.» Er det ikkje slik i dag òg?

Klokskap og ære

I dikta frå norrøn tid kan vi lese om kva vikingane meinte var viktig. Dei skreiv om klokskap, vennskap, fornuft, ære og lojalitet. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng med vikinger sitter rundt et leirbål og har det hyggelig sammen.
En gjeng med vikinger sitter rundt et leirbål og har det hyggelig sammen.

Kvifor les vi norrøn
litteratur i norskfaget?

Kva kan vi eigentleg lære av desse gamle tekstane? Jo, vi kan lære om korleis folk levde for 1000 år sidan. Mykje av det dei strevde med, kjenner vi oss igjen i. Det handlar om sterke kjensler, svik, kjærleik og respekt.

Vi har grunn til å vere stolte!

Den norrøne litteraturen er ein viktig del av verdslitteraturen. Det har vi nordmenn virkeleg grunn til å vere stolte over!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en grå stein med norrøne runer.
Nærbilde av en grå stein med norrøne runer.

Vart du nysgjerrig på andre
litteraturhistoriske periodar?

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Kjelder:

  • Ryste, Marte Ericsson; Jørstad, Jonas; Tjernshaugen, Andreas; Pihl, Roger: Lindisfarne i Store norske leksikon på snl.no. Henta 7. februar 2023 frå http://snl.no/Lindisfarne
  • Nordbø, Børge: Håvamål i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. februar 2023 frå http://snl.no/Håvamål
  • Nordbø, Børge; Venås, Kjell; Magerøy, Hallvard; Thorvaldsen, Bernt Ø.: norrønt i Store norske leksikon på snl.no. Henta 7. februar 2023 frå http://snl.no/norrønt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images