Etikk og moral

Kvar dag må vi ta mange val. Vi må bestemme oss for kva vi meiner er sant og usant, eller rett og gale.

For å ta slike val må vi ha nokre moralske rettesnorer for korleis vi bestemmer oss. Kvifor tar du dei vala du tar? Tenkjer du mest på deg sjølv eller andre når du tar desse vala?

Etikk, også kala moralfilosofi, er den delen av filosofien som ønskjer svar på spørsmål som «Kva er rett å gjere ?» og «Korleis bør ein oppføre seg?»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange veivalg
Mange veivalg

Rett og gale

I ulike samfunn og kulturar er det ulike oppfatningar av kva som er rett og gale. Nokre stader er alkohol uakseptabelt. Andre stader er det reglar for kva ein kan ete. Muslimar kan ikkje ete svinekjøt, og i hinduismen et dei ikkje kukjøt.

Vi har også grupper utan religiøs tilknytning, som veganarar, som meiner at vi ikkje bør ete kjøt av ulike grunnar.

Nokre moralnormer er like over heile verda. Vi finn få stader der det er lov med tjuveri og drap. Men det er ikkje alltid enkelt å handle moralsk eller vite kva ein skal gjere.

Kva skal du gjere viss du må stele frå andre for å overleve sjølv?

Kva om du har valet om å redde deg sjølv eller familien, eller ei stor gruppe med ukjende? Kva ville du ha gjort?

Kan vi ha like reglar for absolutt alle? Må det som er rett for meg, også vere rett for deg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann holder skilt for rett og galt
Mann holder skilt for rett og galt

Ei kvit løgn

Ei kvit løgn er ei løgn som ein ikkje reknar for å vere så farleg. Det vil få større konsekvensar å snakke sant enn å lyge. Ein prøver derfor å ikkje såre kjenslene til andre ved å bruke ei kvit løgn.

Det kan vere at ein seier maten var god, sjølv om ein ikkje meiner det. Vi vil jo ikkje såre den som har laga maten.

Spørsmålet er om ein ikkje skal lyge, eller om ein kan få lov til å lyge i nokre samanhengar. Kven skal bestemme når det er lov å bruke ei kvit løgn?

Følgjer vi pliktetikk, skal vi ikkje lyge uansett. Følgjer vi konsekvensetikk, er det konsekvensene av løgna som fortel oss om det er greit eller ikkje.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jugekort bak ryggen
Jugekort bak ryggen

Ulike typar etikk

Etikk er å vurdere kva vi skal seie og gjere, slik at vi gjer “det rette”. Kva vi meiner er rett og gale, er ulikt frå person til person. Den religionen vi trur på, kan vere avgjerande. Samfunnet og kulturen vi lever i, kan også ha mykje å seie.

Pliktetikk handlar om at vi følgjer reglar som er fastsette av andre.

Konsekvensetikk (utalitarisme) handlar om å vurdere konsekvensane for å avgjere om handlinga er god.

Dydsetikk (sinnelagsetikk) handlar om at ein prøver å gjere gode gjerningar.

Likevel er det nokre etiske reglar som kan seiast å vere ganske universelle. For eksempel “den gylne regelen”. Den regelen seier at vi skal gjere mot andre det vi ønskjer at dei skal gjere mot oss.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Valgets kvaler
Valgets kvaler

Altruisme

Altruismen handlar om at alle moralske val skal sørgje for at andre har det bra. Sjølv om det er på kostnad av eigne verdiar. Det å gjere noko ut frå eiga interesse vert derfor sett på som umoralsk.

Egoisme

Egoismen handlar om å følgje sine eigne interesser. Det etiske idealet er å realisere seg sjølv, følgje sine eigne mål og oppnå eit lukkeleg liv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En håndsrekning
En håndsrekning

Anvendt etikk

Anvendt etikk er refleksjonar rundt kva som er rett og gale i ei konkret sak. Det kan vere klimaetikk, dyreetikk eller forskingsetikk.

Anvendt etikk tar ofte utgangspunkt i moralske spørsmål om for eksempel fattigdom og dyreforsøk. Når det gjeld dyreforsøk, kan interessa til dyra kome i konflikt med forskarane sine ønske om meir kunnskap.

Andre etiske tema som opptar mange, er :

  • Krig og fred: Tar ein militærnektar (pasifist) eit val ut frå personlege omsyn, eller ut frå konsekvensane krig har for samfunnet?
  • Klima: Det er ofte konflikt mellom individuelle, nasjonale og globale interesser. Nokre kan ta val som passar best for ein sjølv, men som skader klimaet for alle.
  • Aktiv og passiv dødshjelp: Skal vi sjølve få bestemme om vi skal døy eller ikkje? Dette er ofte eit moralsk spørsmål ved alvorlig sjukdom eller skade.
  • Genetikk: Skal vi kunne «designe» våre eigne barn før dei blir fødde? Slik at dei ikkje har sjukdommar eller handikapp ved fødselen?
  • Seksualetikk: Kva er rett og gale? Kan vi elske den vi vil? Kan vi bu med kven vi vil?
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Symbolikk for bærekraft
Symbolikk for bærekraft

Etiske perspektiv

Etiske perspektiv handlar om kva slags synsvinkel ein skal ha:

  • Personetikk vurderer kva val som er etisk rette ut frå den situasjonen ein person er i.
  • Samfunnsetikk/sosialetikk handlar om kva val som er rette når det gjeld situasjonen til staten eller verdssamfunnet.
  • Naturetikk handlar om val som er rette sett frå eit miljømessig perspektiv.
Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Religionar og etikk

  • Kristendommen:
    Regeletikk – Dei ti boda
    Haldningsetikk – nestekjærleik
  • Jødedommen:
    Regeletikk – Moselova
  • Islam:
    Regeletikk – Dei fem søylene og sharia
    Haldningsetikk – å vere lydig mot Allah
  • Hinduismen:
    Regeletikk – kastesystemet
    Haldningsetikk – karma
  • Buddhismen:
    Regeletikk – klosterreglar
    Haldningsetikk – ikkje trå etter noko
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente som ber en bønn i en kirke
Jente som ber en bønn i en kirke

Etiske omgrep

  • Etikk er å tenkje på kva som er rett og gale, og å tenkje over kvifor du gjer som du gjer (etiske vurderingar).
  • Moral er dei handlingane som er resultatet av etiske vurderingar. Viss ein ikkje har etiske vurderingar, vil handlingane vere umoralske.
  • Verdiar er noko vi meiner er godt og verdifullt, og som vi prøver å ta vare på. Eksempel på dette er fred og rettferd.
  • Samvit er noko i mennesket som skaper ei kjensle av skuld eller skam om vi gjer noko gale.
  • Normer er reglar som gir oss høve til å vurdere om ei handling er god eller dårleg. Eit døme er Dei ti boda.
  • Haldningar er dei innstillingane og motiva som ligg bak handlingane våre.
  • Å ta ansvar vil seie at ein er ansvarleg for sine eigne val og for dei konsekvensane desse vala får.
  • Plikter er handlingar ein utfører på grunn av ytre eller indre forventningar eller press og eige samvit. Ein pliktar å melde frå viss nokon blir alvorleg sjuk på skulen.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Kjelder:

  • Sagdahl, Mathea Slåttholm: etikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. oktober 2021 frå http://snl.no/etikk

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Skolerom
    8. Getty Images
    9. Skolerom