Kva er «fake news»?
«Fake news» kan vere tilsynelatande ufarlege løgner. Men i verste fall kan dei ende opp med å utfordre demokratiet og bidra til danninga av valdelege rørsler.
Kva er «fake news»?
«Fake news», eller falske nyheiter, er informasjon som nokon berre har funne på. Falske nyheiter blir gjerne laga av useriøse nettsider, og dei blir spreidde raskt i sosiale medium.
Fake News-logo
Kvifor lagar nokon falske nyheiter?
Det er to hovudgrunnar til at folk ønskjer å spreie falske nyheiter. Nokre gjer det fordi dei ønskjer å påverke meiningar om samfunnet. Andre ønskjer å tene pengar.
Mørk bakgrunn
Døme 1:
Vaksinemotstandarar
Nokre menneske er imot vaksinar, blant anna fordi dei trur at vaksinering kan føre til autisme. Dette har ingen greidd å bevise. Likevel har den falske informasjonen nådd fram til mange gjennom sosiale medium. Verdshelseorganisasjonen (WHO) meiner at vaksinemotstandarar er ein stor fare for verda.
Vaksine
døme 2:
«China virus»
Donald Trump og fleire andre har sagt at dei trur koronaviruset var laga av kinesarar for å skade USA. Dette vart delt i sosiale medium og spreidde seg raskt. Det motsette skjedde i Kina. Der var det nokon som meinte at viruset var planta i Wuhan av amerikanske soldatar.
Donald Trump på talerstolen
Politiske rørsler
Falske nyheiter tek ofte utgangspunkt i påstandar det ikkje finst bevis for. Målet er gjerne å få meir makt eller å endre politikken. Slike konspirasjonar kan ende opp med å øydeleggje for demokratiet og skape meir vald.
Knyttede never
DØme 3:
Holocaust
Nazistane i Tyskland overtydde mange om at jødane hadde skulda for at det gjekk dårleg med landet på 1930-talet. Det starta ei forfølging av jødar som endte i det vi i dag kaller Holocaust; folkemordet på meir enn 6 millionar jødar.
Mørk bakgrunn
døme 4:
QAnon
QAnon er ein konspirasjonsteori som er skapt for å auke populariteten til Donald Trump. Teorien går ut på at verda blir styrt av nokre få mektige og vonde menneske. Desse består liksom av mellom anna politikarar frå det demokratiske partiet, som er motstandarar av Trump. Tilhengjarane av denne teorien tyr lett til vald. Det var mange av dei som storma kongressen i Washington D.C. 6. januar 2021.
Stormingen av kongressen i USA
«Fake news spread fast»
Den største utfordringa i kampen mot falske nyheiter i dag, er at dei kan spreie seg så raskt. Dei kan delast på Internett og sosiale medium av alle som ønskjer det. På den måten får veldig mange sjå nyheitene på kort tid, og folk må sjølve finne ut kva som er sant og ikkje sant. Det klarer ikkje alle. I verste fall trur lesarane på dei oppdikta nyheitene og deler dei vidare i eigne kanalar.
Forstørrelsesglass
Kjelder:
- Medietilsynet (09.01.2021): Slik avslører du desinformasjon og falske nyheter https://www.medietilsynet.no/mediebildet/slik-avslorer-du-falske-nyheter/
- Kildekompasset (09.01.2021): Hva er kildekritikk?
https://kildekompasset.no/kildekritikk/
- Orgeret, Kristin Skare: kildekritikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. mars 2021 frå https://snl.no/kildekritikk
- Banik, Vibeke Kieding: Holocaust i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. mars 2021 frå https://snl.no/Holocaust
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Faktisk – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)
-
Tyler Merbler (CC BY 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-