Falske pokémon-kort

Pokémon-kort kom til verda for over 20 år sidan. Det blir framleis laga nye kort. I dag er korta meir populære enn nokon gong. Både barn og vaksne samlar. Dei første korta som blei laga, er verde mykje meir pengar no. Men det finst òg mange falske kort, dessverre. Dei skal vi læra litt om no.

Falske pokémon-kort

Sjekk tekst og farge

Å oppdaga falske kort er ikkje alltid lett. Begynn med å sjå nærare på teksten og fargen på kortet. Samanlikn kortet med andre kort frå same sett. På biletet ser du eit ekte og eit falskt kort. Det som skil dei er fargen, men òg skrifttypane. Dette er veldig typisk for falske kort. Versjonen til høgre er ekte.

Jolteon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk HP-en til pokémonen

Pokémon-kort er ikkje berre til å samla på – dei er òg eit spel. I spelet lønner det seg å ha gode pokémon med gode trekk og sjølvsagt høg HP. HP er livet til pokémonen. På grunn av dette ser ein ofte veldig høg HP på falske kort. Det ekte kortet som har høgast HP i 2020, er Snorlax VMAX med 340. Alt over 340 vil derfor vera falskt.

Teddiursa og Keldeo
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk baksida av kortet

På baksida er det ofte lett å oppdaga falske kort. Fargen bak er veldig ofte lysare blå enn på dei ekte baksidene. Ofte ser det ut som om falske baksider er skrivne ut på ein dårleg skrivar. Til venstre ser du eit ekte og eit falskt kort. Det lysaste av dei er falskt.

Baksiden av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk om alt er rett

Nokre falske kort kan sjå veldig fine ut, med fine bilete, fargar og tekstar. Men så er det noko gale likevel … Berre sjå på desse korta. Begge er falske. Klarer du å sjå kvifor? Det er jo ikkje Clefable og Combusken som er på korta! Det er Whimsicott og Charmeleon!

Clefable og Combusken
Bakgrunn av pokémon-kort

Kjenn på korta dine

Dei korta som er mest populære, finst det mange falske av. For eksempel Full Art-kort, som har ei overflate som er vanskeleg å etterlikna. Viss du ser nærare på det høgre kortet, ser du tynne strekar over heile kortet. Opn biletet i ny fane for å sjå det større. Desse kan du også kjenna med fingrane. Viss rillane manglar på eit Full Art-kort, er det falskt.

Dragonite pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Har kortet rett storleik?

Det er ikkje så lett å sjå, men falske kort er ofte mindre enn ekte kort. Viss du legg korta inntil kvarandre, vil du kanskje oppdaga at eitt eller fleire kort er litt mindre. Då er nok desse falske. Den falske Blastoisen heilt til venstre har òg ein kvitfarge rundt namnet sitt, ein tjukkare tekst på HP og feil symbol nede til høgre. Det er som regel fleire ting som er feil på falske kort.

Blastoise pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Éin liten feil er nok

Det er ikkje alltid like enkelt. Nokre falske kort er rett og slett bra laga. Sjå nøye på tekstane, og samanlikn alltid med kort frå same sett. Kortet heilt til venstre har ein skrivefeil i teksten. Ein kan òg sjå at namnet på pokémonen er skrive med litt smalare bokstavar på det falske kortet.

Wobbuffet pokékon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn med pokémon-kort

Nokre ting er faktisk ikkje feil

Det finst nokre kort som ser litt rare ut eller har småfeil. Då tenker ein kanskje at kortet er falskt. Men det er det ikkje alltid! Det finst nokre kort som har feil. Viss du ser på kortet heilt til venstre, ser du at det manglar skugge rundt biletramma. Kort utan denne skuggen blir kalla shadowless. Sidan desse korta er mykje meir sjeldne enn dei vanlege korta, er det mange som vil ha dei. HP-teksten er også litt annleis på shadowless-kort.

Charmeleon Shadowless
Bakgrunn av pokémon-kort

Korleis unngår ein falske kort?

Viss du ikkje ønsker å ha falske kort i samlinga di, bør du passa på dette:

  • Kjøp kort berre hos ordentlege leiketøysbutikkar, spelbutikkar eller hos bokhandlar.
  • Viss du skal handla på internett, må du vera veldig forsiktig. Ikkje kjøp kort på Wish – dei er alltid falske. Ikkje kjøp kort fordi dei er billige – det er sjeldan ekte pokémon-kort blir selde billig.
  • Viss du handlar på Finn.no, er det ikkje sikkert at seljaren veit om korta han sel er ekte eller falske. Sjå godt på bileta før du kjøper, og spør om betre bilete dersom det trengst.
  • Ikkje byt til deg kort som du ikkje er sikker på at er ekte. Og ikkje byt bort falske kort utan å gi beskjed om at dei er falske!
  • Lær deg forskjellane på ekte og falske kort. Då blir det enklare å få auge på korta du ikkje har lyst på.
Bakgrunn med pokémon-kort

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

  1. Skolerom
  2. Skolerom
  3. Skolerom
  4. Skolerom
  5. Skolerom
  6. Skolerom
  7. Skolerom
  8. Skolerom
  9. Skolerom / Tech Insider – YouTube
  10. Skolerom
  11. Skolerom