Falske pokémon-kort

Pokémon-kort blei først selde på slutten av 90-talet, men det har blitt produsert nye sett med kort fram til i dag. I dag er dei antakeleg meir populære enn nokon gong, for no skal både barn og vaksne samla. Dei vaksne gjer det ikkje berre på grunn av nostalgien – ein kan òg tena pengar på kjøp og sal av pokémon-kort. Dessverre finst det altfor mange falske kort rundt om. Dei skal vi læra litt om no.

Falske pokémon-kort

Sjekk tekst og farge

Å oppdaga falske kort er ikkje alltid lett. I alle fall viss ein ikkje veit heilt kva ein skal sjå etter. Men begynn med å sjå nærare på teksten og fargen på kortet. Samanlikn kortet med andre kort frå same sett. Viss du ikkje har nokon, kan du søka etter kortet på internett.

På biletet ser du eit ekte og eit falskt kort. Det som skil dei er fargen, men òg skrifttypane. Dette er veldig typisk for falske kort. I tillegg er det ulikt innhald i tekstane. Versjonen til høgre er ekte – viss du lurte.

Jolteon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk HP-en til pokémonen

Pokémon-kort er ikkje berre til å samla på – dei er òg eit spel. I spelet lønner det seg å ha gode pokémon med gode trekk og sjølvsagt høg HP. HP er livet til pokémonen. På grunn av dette ser ein ofte veldig høg HP på falske kort. Det ekte kortet som har høgast HP i 2020, er Snorlax VMAX. Det har 340 HP. Alt over 340 vil derfor vera falskt.

Teddiursa og Keldeo
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk baksida av kortet

På baksida er det ofte lett å oppdaga falske kort. Fargen bak er veldig ofte lysare blå enn på dei originale baksidene. I tillegg er det mange baksider som manglar detaljar og fargenyansar. Ofte ser det ut som om baksida har litt for låg oppløysing.

Til venstre ser du eit ekte og eit falskt kort. Det lysaste av dei er falskt.

Baksiden av pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Sjekk om informasjonen er rett

Nokre falske kort kan sjå veldig fine ut, med fine bilete, fargar og tekstar. Men så hender det at det skurrar litt likevel … Berre sjå på desse korta. Begge er falske. Klarer du å sjå kvifor?

Det er slett ikkje Clefable og Combusken som det er bilete av på korta, det er derimot Whimsicott og Charmeleon.

Clefable og Combusken
Bakgrunn av pokémon-kort

Kjenn på korta dine

Dei korta som er mest populære, er òg dei det lønner seg mest å laga for dei som driv med dette. Derfor ser vi ofte dårlege forsøk på såkalla Full Art-kort. Eit Full Art-kort har ein overflatestruktur som dei falske korta har vanskar med å etterlikna. Viss du ser nærare på det høgre kortet, ser du tynne strekar eller rillar over heile kortet. Opn biletet i ny fane for å sjå det større. Desse kan du også kjenna med fingrane. Viss rillane manglar på eit Full Art-kort, er det falskt.

Dragonite pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Har kortet rett storleik?

Det er ikkje så lett å sjå, men falske kort er ofte litt mindre enn ekte kort. Viss du legg korta inntil kvarandre, vil du kanskje oppdaga at eitt eller fleire kort er litt mindre. Då er nok desse falske.

Den falske Blastoisen heilt til venstre har òg eit kvitt omriss på namnet sitt, ein tjukkare tekst på hit points og feil settsymbol nede til høgre. Det er som regel fleire ting som er feil på falske kort.

Blastoise pokémon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort

Éin liten feil er nok

Det er ikkje alltid like enkelt. Nokre falske kort er rett og slett bra laga. Er du i tvil om eit kort, leit litt til. Sjå nøye på tekstane, og samanlikn alltid med kort frå same sett.

Kortet heilt til venstre avslører seg fleire stader, men veldig tydeleg blir det når det er skrivefeil i teksten. Ein kan òg sjå at namnet på pokémonen er skrive med litt smalare bokstavar på det falske kortet.

Wobbuffet pokékon-kort
Bakgrunn av pokémon-kort
Bakgrunn med pokémon-kort

Nokre ting er faktisk ikkje feil

Det finst nokre kort som ser litt rare ut eller har småfeil. Då tenker ein fort at kortet er falskt. Men det er det ikkje alltid! Det finst ulike kort med produksjonsfeil. Den aller første serien, det såkalla base set, hadde eit parti med feilproduserte kort. Viss du ser på kortet heilt til venstre, ser du at det manglar skugge rundt biletramma. Kort utan denne skuggen blir kalla shadowless. Sidan desse korta er mykje sjeldnare enn standardkorta, er dei også mykje meir ettertrakta.

Det er ikkje berre skuggen som skil shadowless-korta frå dei andre. Hit points-teksten er også litt annleis.

Charmeleon Shadowless
Bakgrunn av pokémon-kort

Korleis unngår ein falske kort?

Viss du ikkje ønsker å ha falske kort i samlinga di, bør du passa på dette:

  • Kjøp kort berre hos ordentlege leiketøysbutikkar, spelbutikkar eller hos bokhandlar.
  • Viss du skal handla på internett, må du vera veldig forsiktig. Ikkje kjøp kort på Wish – dei er alltid falske. Ikkje kjøp kort fordi dei er billige – det er sjeldan ekte pokémon-kort blir selde billig.
  • Viss du handlar på Finn.no, er det ikkje sikkert at seljaren veit om korta han sel er ekte eller falske. Sjå godt på bileta før du kjøper, og spør om betre bilete dersom det trengst.
  • Ikkje byt til deg kort som du ikkje er sikker på at er ekte. Og ikkje byt bort falske kort utan å gi beskjed om at dei er falske!
  • Lær deg forskjellane på ekte og falske kort. Då blir det enklare å få auge på korta du ikkje har lyst på.
Bakgrunn med pokémon-kort

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

  1. Skolerom
  2. Skolerom
  3. Skolerom
  4. Skolerom
  5. Skolerom
  6. Skolerom
  7. Skolerom
  8. Skolerom
  9. Skolerom / Tech Insider – YouTube
  10. Skolerom
  11. Skolerom