Feminismen sine fanesaker

Tenk at jenter får læra det same som gutar og velja dei same yrka. Jenter får til og med bestemma over eigen kropp! Vel, noko anna ville vore heilt utenkeleg for oss. Men at jenter skulle få same moglegheiter og behandling som gutar, skjedde ikkje av seg sjølv.

Accessibility icon Feminismen sine fanesaker

Kvinner reiser seg

Europa gjekk gjennom store endringar frå slutten av 1700-talet og utover 1800-talet. Tankar om fridom og likskap voks fram, og den teknologiske utviklinga gjekk fort. Vanlege folk fekk etter kvart større fridom og meir makt. Bortsett frå kvinnene.

For dei var alt som før – menn eigde kvinnene sine, og den viktigaste oppgåva til kvinna var framleis å føda barn. Slik ønskte ikkje kvinnene å ha det lenger. Fleire av dei begynte å protestera mot denne urettferdige behandlinga.

Dermed blei kvinnerørsla starta. Dette er ei rørsle som no finst over heile verda. Ho kjempa og kjempar framleis for feminisme.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnedag tog i Washington DC i 2018
Kvinnedag tog i Washington DC i 2018

Skulegang

Før fekk ikkje jentene gå på skule som gutane, og dei fekk heller ikke lov til å ta utdanning. Ungdomsskulane var delte i guteskular og jenteskular. Etter kvart opna guteskulane opp for jenter. I Noreg starta Ragna Nielsen den første skulen som gav rett til høgare utdanning med undervisning for både gutar og jenter. På den tida var det veldig rart at ei kvinne dreiv ein slik skule. Cecilie Thoresen var den første kvinnelege studenten i Noreg. Ho begynte på Universitetet i Oslo i 1882. I dag er det faktisk fleire jenter enn gutar som studerer på høgskular og universitet.

Portrett av Ragna Nielsen. ⮕

Portrett av Ragna Nielsen
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Ekteskap 

Kvinner fekk ikkje bestemma over framtida si. Det var forventa at ho gifte seg med ein passande mann som familien fann til henne. Som gift var det mannen hennar som bestemte over henne på alle måtar. Han bestemte for eksempel over barna, pengane hennar og om ho skulle ta arbeid utanfor heimen. Samfunnet var slik at kona heldt seg heime, og mannen tente pengar og bestemte. Det var veldig vanskeleg å endra på dette. Først på slutten av 1800-talet fekk gifte kvinner lov til å bestemma over sine eigne pengar.

Forfattaren Camilla Collett gav ut romanen «Amtmannens døtre» i 1854. Historia om Sofie som lever i eit ulykkeleg ekteskap, var eit kamprop for at kvinner måtte få lov til å visa kjenslene sine og ha eit kjærleiksliv. Romanen gjorde mange sinte, mens andre blei begeistra, og ho sette i gang ein stor debatt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Camilla Collett i 1893
Portrett av Camilla Collett i 1893

Arbeid

I byrjinga av 1800-talet arbeidde mange unge, ugifte kvinner som sydamer eller tenestejenter. Seinare fekk mange kvinner jobb på fabrikkar, på kontor og som sjukepleiarar. Same kva dei jobba med, var lønna alltid dårlegare enn mennene si lønn – som regel berre halvparten.

På fyrstikkfabrikkane i Oslo var tilhøva veldig dårlege, og her jobba mange kvinner for veldig dårleg lønn. Dessutan var det farleg å jobba der. Fosforet som fyrstikkene blei laga av, var nemleg giftig. Berre noko så enkelt som såpe og vatn for å vaska av seg fosforet, fanst nesten ikkje på fabrikkane. Til slutt streika desse kvinnene, og det var byrjinga på ein kamp som førte til betre arbeidstilhøve for både kvinner og menn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinner jobber på fabrikk
Kvinner jobber på fabrikk

Kropp

Utover det å laga barn med ektemannen sin skulle ikkje kvinner ha eit seksuelt liv. Jenter og kvinner skulle vera uskuldige og oppføra seg pent. Dei skulle gå i lange kjolar, og dei skulle ikkje ha fleire seksualpartnarar. Kvinner som gjorde motstand mot dette, opplevde å bli stempla og utstøytte av samfunnet. Samtidig kunne menn gjera om lag som dei ville. Dei kunne ha mange forhold med kvinner, og dei kunne gå til prostituerte. Prostitusjon, som er sal av seksuelle tenester, har halde kvinner undertrykte til alle tider.

Å bestemma over eigen kropp har lenge vore ein stor kampsak for kvinnerørsla. I dag er det straffbart å kjøpa sex, men ikkje å selja sex. Å eiga sin eigen kropp og tenka at ein er god nok, er også ein del av denne kampen. Han går framleis føre seg i dag. Feministane kjempar blant anna for å akseptera kvinnekroppen slik han er, med hud, hår og alle slags fasongar, og ikkje berre som ein ting menn vil ha.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnekroppen i neonlys
Kvinnekroppen i neonlys

Stemmerett

På byrjinga av 1800-talet var det framleis ein ganske ny tanke at ein skulle stemma ved demokratiske val, og ikkje alle menn hadde stemmerett. Ein måtte vera over 25 år og komma frå den rike delen av befolkninga. Heilt på slutten av hundreåret fekk nesten alle menn over 25 år stemmerett. Det blei kalla allmenn stemmerett, men retten inkluderte framleis ikkje dei fattigaste.

Stemmerett for kvinner var framleis ein sprø tanke for mange. Men det var nokre kvinner som likevel kjempa for det. Då menn fekk nye rettar, blei protestane frå kvinnene stadig meir høglydte. Dei ville ha stemmerett på lik linje med mennene. I tillegg hadde kvinner på dette tidspunktet oppnådd fleire rettar i samfunnet, som rett til å studera, arbeida og driva butikk. Dei bidrog, og dei ville ha høve til å delta og påverka òg.

I 1913 blei det endeleg bestemt at kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn. Då var Noreg eit av dei første landa i verda som lét kvinner stemma ved val.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang
Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang

Feminisme no

I Noreg i dag har jenter og kvinner stor fridom og moglegheit til å bestemma over eige liv. Vi har komme langt på 200 år. Noreg er faktisk eit av dei mest likestilte landa i verda. Bravo! Og tusen takk, feministar!

Sjølv om mange kampar er vunne, er det ikkje dermed sagt at den feministiske rørsla er død – ho er tvert imot i ferd med å reisa seg med aukande styrke.

Likestillinga må ein forsvara igjen og igjen, og feminismen får stadig fleire tilhengarar. Eit eksempel er #metoo-rørsla, som viste at jenter og kvinner i Noreg framleis opplever trakassering og maktmisbruk. Stadig fleire innser at feminisme er bra for heile menneskeslekta, fordi feministar kjempar for at alle menneske skal ha like rettar og moglegheiter, uansett kjønn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnedagen markering
Kvinnedagen markering

Kjelder:

  • Buregren, Sassa og Lindell, Elin: Feminisme pågår
    Omnipax. Oslo 2017.
     

Bilet- og videorettar:

    1. Mobilus In Mobili (CC BY-SA 2.0)
    2. Getty Images / Asta Nørregaard (CC BY-SA 3.0 NO)
    3. Getty Images / Johan Gørbitz (CC BY-SA 3.0)
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum
    7. GGAADD (CC BY-SA 2.0)  / Thordis Elva – YouTube