Feminismen sine fanesaker

Tenk at jenter får læra det same som gutar og velja dei same yrka. Jenter får til og med bestemma over eigen kropp! Vel, noko anna ville vore heilt utenkeleg for oss. Men at jenter skulle få same moglegheiter og behandling som gutar, skjedde ikkje av seg sjølv.

Accessibility icon Feminismen sine fanesaker

Kvinner reiser seg

Europa var i stor endring frå slutten av 1700-talet og utover 1800-talet. Nye, moderne tankar om fridom og likskap breidde om seg, og den teknologiske utviklinga rasa framover. Det endra mange sider av livet til europearane. Vanlege folk fekk etter kvart større fridom og meir makt. Bortsett frå kvinnene.

Stillinga deira var som alltid før – ho var mannen sin eigedom, og den fremste oppgåva hennar var framleis å føda barn. Mens kvinnene såg utviklinga som gjekk føre seg utanfor kjøkkenvindauget deira, begynte fleire av dei å protestera mot denne urettferdige behandlinga. Dei fann seg ikkje i å vera stengde ute frå mennene si nye og moderne verd.

Dermed blei kvinnerørsla, som no er verdsomspennande, stifta. Ho kjempa og kjempar framleis for feminisme. Her skal vi ta for oss fem hovudområde for kvinnerørsla i Noreg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnedag tog i Washington DC i 2018
Kvinnedag tog i Washington DC i 2018

Skulegang

Jenter fekk ikkje same undervisning som gutane, og dei fekk heller ikke lov til å ta høgare utdanning. Ungdomsskulane var delte i guteskular og jenteskular. Etter kvart opna guteskulane opp for jenter. I Noreg starta pioneren Ragna Nielsen den første skulen med fellesundervisning heilt opp til såkalla artium, som gav tilgang til høgare studium. Det var uhøyrt på den tida at ei kvinne dreiv ein skule med gutar og jenter. Cecilie Thoresen var den første kvinnelege studenten i Noreg. Ho begynte på Universitetet i Oslo i 1882. I dag er det faktisk fleire jenter enn gutar som studerer på høgskular og universitet.

Portrett av Ragna Nielsen. ⮕

Portrett av Ragna Nielsen
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Ekteskap 

Kvinner fekk ikkje bestemma over framtida si, og det var forventa at ho gifte seg med ein passande mann som familien fann til henne. Som gift var ho framleis umyndig, mannen bestemte over henne på alle måtar. Han bestemte for eksempel over barna, pengane hennar og om ho skulle ta arbeid utanfor heimen. Samfunnet var basert på at kona heldt seg heime og mannen tente pengar og bestemte. Det var ein hard kamp for å bryta med denne urgamle tradisjonen. Først på slutten av 1800-talet fekk gifte kvinner råderett over eiga inntekt.

Camilla Collett gav ut romanen «Amtmannens døtre» i 1854. Historia om Sofie som lever i eit ulykkeleg «fornuftsekteskap», var ein flammande forsvarstale for at kvinner måtte få lov til å visa og akseptera kjenslene sine og ha eit kjærleiksliv. Romanen forarga og begeistra lesarane og sette fyr i ekteskapsdebatten. Boka var eit forvarsel om kvinnefrigjeringa som var i vente.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Camilla Collett i 1893
Portrett av Camilla Collett i 1893

Arbeid

I byrjinga av 1800-talet arbeidde mange unge, ugifte kvinner som sydamer eller tenestejenter. Seinare, då industrialiseringa skaut fart, tok mange kvinner seg arbeid på fabrikkar, på kontor og som sjukepleiarar. Same kva dei jobba med, var lønna alltid dårlegare enn mennene si lønn – som regel berre halvparten.

På fyrstikkfabrikkane i Oslo var tilhøva elendige, og her jobba mange kvinner for svært dårleg lønn. Dessutan var arbeidet helsefarleg. Fosforet som fyrstikkene blei laga av, kunne føra til forgifting. Tenner og hud rotna opp. Berre noko så enkelt som såpe og vatn for å vaska av seg fosforet, fanst så å seia ikkje på fabrikkane. Til slutt streika «fyrstikkjentene», og dei fekk brei støtte i samfunnet. Folk blei forskrekka over kor usle forhold kvinnene arbeidde under, og det for luselønn. Det var byrjinga på eit opprør som seinare skulle endra og betra mange arbeidstilhøve for kvinner – og menn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinner jobber på fabrikk
Kvinner jobber på fabrikk

Kropp

Utover det å laga barn med ektemannen sin skulle ikkje kvinner ha eit seksuelt liv. Jenter og kvinner skulle vera uskuldsreine, halda beina samla og oppføra seg sømmeleg. Det ville seia å gå i lange kjolar og slett ikkje ha fleire seksualpartnarar. Kvinner som blei oppfatta som «lause» og «eigenrådige», opplevde å bli stempla og utstøytte av samfunnet, med alvorlege følgjer. Samtidig kunne menn gjera om lag som dei ville med sin seksualitet og kvinner sin kropp. Dei kunne ha mange forhold med kvinner og bruka prostituerte. Prostitusjon, som er sal av seksuelle tenester, har halde kvinner undertrykte til alle tider.

«Både porno og prostitusjon er sal av kvinnekroppen, og formidlar eit kvinnesyn som både held oppe og forsterkar kvinneundertrykkinga», sa Unni Rustad i eit intervju i bladet Kvinnefront i 1980. Råderett over eigen kropp har lenge vore ein stor kampsak for kvinnerørsla. I dag er det straffbart å kjøpa sex, men ikkje å selja sex. Å eiga sin eigen kropp og tenka at ein er god nok, er også ein del av denne kampen. Han går framleis føre seg i dag. Feministane kjempar blant anna for å akseptera kvinnekroppen slik han er, med hud, hår og alle slags fasongar, og ikkje berre som ein ting menn kan begjæra.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnekroppen i neonlys
Kvinnekroppen i neonlys

Stemmerett

Å stemma ved demokratiske val var på byrjinga av 1800-talet framleis ein ganske ny tanke, og ikkje alle menn hadde stemmerett. Ein måtte vera over 25 år og komma frå det øvre laget i befolkninga. Heilt på slutten av hundreåret fekk alle menn over 25 år stemmerett, vel å merka unntatt dei fattigaste. Det blei kalla allmenn stemmerett.

Stemmerett for kvinner var framleis ein latterleg – og skremmande – tanke. Men det var nokre kvinner som ikkje fekk denne sprø tanken ut av hovudet. I takt med at menn fekk utvida sine rettar, blei protestane frå kvinnene stadig meir høglydte. Dei ønskte stemmerett på lik linje med mennene. Dessutan hadde kvinner på dette tidspunktet oppnådd fleire gode og rettar i samfunnet, som å kunna studera, arbeida og driva butikk. Dei bidrog til samfunnet, og kravet om å delta og påverka pressa seg fram.

Endeleg, i 1913, blei det bestemt at kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn, takka vera ei gruppe eldsjeler som aldri tok nei for eit nei. Då var Noreg eit av dei første landa i verda som lét kvinner stemma ved val.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang
Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang

Feminisme no

I Noreg i dag har jenter og kvinner stor fridom og moglegheit til å bestemma over eige liv. Vi har komme langt på 200 år. Noreg er faktisk eit av dei mest likestilte landa i verda. Bravo! Og tusen takk, feministar!

Sjølv om mange kampar er vunne, er det ikkje dermed sagt at den feministiske rørsla er død – ho er tvert imot i ferd med å reisa seg med aukande styrke.

Likestillinga må ein forsvara igjen og igjen, og feminismen får stadig fleire tilhengarar. Eit eksempel er #metoo-rørsla, som viste at jenter og kvinner i Noreg framleis opplever trakassering og maktmisbruk. Stadig fleire innser at feminisme er bra for heile menneskeslekta, fordi feministar kjempar for at alle menneske skal ha like rettar og moglegheiter, uansett kjønn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnedagen markering
Kvinnedagen markering

Kjelder:

  • Buregren, Sassa og Lindell, Elin: Feminisme pågår
    Omnipax. Oslo 2017.
     

Bilet- og videorettar:

    1. Mobilus In Mobili (CC BY-SA 2.0)
    2. Getty Images / Asta Nørregaard (CC BY-SA 3.0 NO)
    3. Getty Images / Johan Gørbitz (CC BY-SA 3.0)
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum
    7. GGAADD (CC BY-SA 2.0)  / Thordis Elva – YouTube