Fest og feiringar året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere fest for å feire dei mange fasane i livet. Over heile verda blir det feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har markeringane og feiringane sine ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer i april, mai og juni.

📷  Måla egg er heilt sentralt i den kristne påskehøgtida.
Kurv med mange fargerike påskeegg.
Kurv med mange fargerike påskeegg.
April med hvit tekst på sort bakgrunn.
April med hvit tekst på sort bakgrunn.

Påske

Påske er den viktigaste høgtida for kristne og jødar. Ho blir feira til litt ulike tider. I Noreg startar påska palmesøndag. Det vil seie første søndag etter det har vore fullmåne etter vårjamndøgn.

📷  Jødisk familie feirar pesach.

Ei jødisk høgtid

Påska er opphavleg ei jødisk høgtid. Jødane minnest då Moses frigjorde Israelsfolket frå slaveri i Egypt. Dei lengta etter det landet Gud hadde gitt dei. Dette kan vi lese om i Bibelen. Jødane laga mange ritual for å ikkje gløyme denne hendinga. Dette blir framleis feira i store delar av verda. Det jødiske namnet er pesach.

Kristendommen si viktigaste høgtid

Den kristne kyrkja feirar påske til minne om Jesu liding, død og oppstode. Påskemorgonen (1. påskedag) er høgdepunktet i kyrkja si påskefeiring.

Vårfest, påskeharar og krimbøker

Påska har òg opphavet sitt i Romarriket. Der feira dei nytt liv ved at vinteren gjekk over til vår. Gamle tradisjonar som påskeegg, påskeharar og påskeliljer er framleis vanleg. I meir moderne tid har òg påskekrim, påskenøtter og påskeferie blitt ein del av høgtida.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jødisk familie med to voksne og to barn feirer påske rundt et festdekket bord.
Jødisk familie med to voksne og to barn feirer påske rundt et festdekket bord.

Kumbh Mela

Kumbh Mela er ein hinduistisk festival. Han blir arrangert kvart tolvte år. Det er ei av dei største religiøse samlingane i verda. Festivalen varer i 55 dagar. Noko av det viktigaste er å vaske seg i dei heilage elvane Ganges og Yamuna. Truande hinduar meiner badet reinsar bort alt det galne ein har gjort. Mange tek òg med litt vatn heim. Då kan dei drikke eller vaske hendene i heilagt vatn mellom festivalane.

Kamp mellom gudar og demonar

Ifølge hinduistisk gudelære starta Kumbh Mela som ein kamp mellom gudar og demonar. Dei kjempa om eit beger med amrita, ein drikk som kunne gjere folk udøyelege.  Dropar av nektaren fall ned på jorda ved Allahabad i India. Det er der festivalen blir halden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mai med hvit skrift på sort bakgrunn.
Mai med hvit skrift på sort bakgrunn.

Vappu

I Finland er 1. mai ein stor vårfest, men alt startar dagen før. Det er studentane som lagar mest liv og røre. Litt som vår russefeiring. Samtidig er det ei stor feiring av arbeidarane sin dag. Folk et på restaurant eller tek ein piknik i parken. Det er ein dag er ein er saman med venner og familie.

Smultringar og sima

#1 Vappu-smultringen høyrer alltid med. Mange kjøpar ferske smultringar på kafé.

#2 Det er vanleg å drikke Sima. Eit alkoholfritt, søtt brygg laga av vatn, gjær, sitron og rosiner.

Ein sikker vinnar på vappu er å invitere venner og familie til smultringar og sima.

Fargerike kjeledressar

Studentane har mange arrangement og tradisjonar. Dei sel mellom anna eit vappu-magasin. Seljarane bruker fargerike kjeledressar og ei svart-kvit lue. Det er lett å få auge på dei viss du er i byen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Smultringer med sukker, rosa serpentiner og to glass med brunaktig sima.
Smultringer med sukker, rosa serpentiner og to glass med brunaktig sima.

Cinco de Mayo

Cinco de Mayo er ein heilagdag i Mexico. Dagen blir for det meste feira i byen Puebla. Dagen er til minne om sigeren til meksikanarane over franske styrkar i slaget ved Puebla den 5. mai 1862

📷  Gut slår på pinata som er ein typisk festleik i Mexico.

Mexico vann over Frankrike

I 1861 prøvde Frankrike å erobre Mexico. Dette var ei straff for at Mexico ikkje betalte tilbake pengar dei hadde lånt av Frankrike. I starten gjekk det bra med dei franske soldatane, men ved Puebla sigra den meksikanske hæren. Eitt år seinare hadde Frankrike kontroll over landet. Fem år seinare vart franskmennene kasta ut av landet.

Stor feiring i USA

Cinco de Mayo er ingen stor dag i Mexico. I USA derimot feirar meksikanarar og andre latinamerikanarar saman for å skape gode fellesskap. Det blir arrangert paradar og konsertar, og det blir ete meksikansk mat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

17. mai

Noregs nasjonaldag blir feira den 17. mai. Vi feirar at vi fekk vår eiga grunnlov i 1814. Dagen blir feira over heile landet. Men også mange stader i verda der nordmenn bur. Det er Noregs aller største festdag. Då kler vi oss i dei finaste kleda våre. Vi går i barnetog. På skular og i barnehagar er det leik og moro. Det blir ete mange pølser og is. Russen feirar at dei er ferdige med vidaregåande skule.

17. mai tog, 2016
17. mai tog, 2016
Juni skrevet med hvit skrift på sort bakgrunn.
Juni skrevet med hvit skrift på sort bakgrunn.

Juneteenth

Den 19. juni 1865 vart afroamerikanske slavar i Texas sette fri. Dei kunne no bestemme over eige liv. Over 150 år seinare held folk over heile USA fram med å feire dagen. No er dagen ei føderal høgtid. Det betyr at alle statar i USA har feiring av denne dagen. Juneteenth er sett saman av dei engelske orda June og nineteenth.

Frigjorde slavar i Texas

Borgarkrigen i USA var frå 1861 til 1865. Krigen handla for det meste om fjerninga av slaveriet. Sørstatane ønskte å behalde slaveriet. Nordstatane ville ikkje. Elleve statar i sør ønskte å bryte ut av den amerikanske unionen. Dei ville styre sin eigen politikk. Mest for å behalde slaveriet. Etter fleire år med krig vann nordstatane. Slaveriet tok slutt. Det gjekk to månader før slavar i Galveston i Texas fekk vite at dei var frie.

Abraham Lincoln

Abraham Lincoln var amerikansk president på denne tida. Han var imot slaveriet. Den 1. januar 1863 sende han ut Emancipation Proclamation. Det skulle fjerne slaveriet. Det gjaldt berre i sørstatane som ville gå ut av den amerikanske unionen (USA).

Nasjonal minnedag

19. juni markerte eigentleg berre fridommen til slavane i Texas. I 2021 stod president Joe Biden i spissen for å gjere dagen til ein nasjonal minnedag. I dag feirar alle amerikanske delstatar dagen på ein eller annan måte. Frigjeringsdagen har blitt ei feiring av afroamerikansk kultur med paradar, konsertar og fest.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fargerikt postkort om Juneteenth der en afrikansk kvinne står i fargerike klær som flagrer i vinden.
Fargerikt postkort om Juneteenth der en afrikansk kvinne står i fargerike klær som flagrer i vinden.

Jonsokaftan

Om kvelden den 23. juni feirar vi jonsokaftan i Noreg. Den lengste dagen i året før sola snur. Det blir tent bål, og det blir plukka ville sommarblomstrar. Både bålet og blomstrane er kopla til overtru. Mange er ute i skjergarden med båtane sine. Folk er saman med venner og familie. I Sverige blir det kalla midtsommaraftan. Feiringa er mykje større enn i Noreg. I Sverige feirar dei på næraste fredag mellom 20. og 26. juni.

Heksene sin festaftan

Overtru seier at jonsokaftan er heksenes festaftan. Denne kvelden flyg heksene på sopelimane sine til fjellet Bloksberg. Å «brenne heksa» på bålet er då ein måte å få bort desse skumle og vonde skapningane.

Blomstrar under puta

Det blir sagt at magiske ting kan skje denne natta. Legg du sju ulike blomstrar under puta di, får du vite kven du skal gifte deg med.

Døyparen Johannes

Jonsokdagen er den 24. juni. Dagen er til minne om fødselen til døyparen Johannes. I Bibelen kan vi lese at han var tremenningen til Jesus. Han var den første som døypte folk med vatn. Mange gjekk derfor til kyrkjene på jonsokvelden. Derfor blir dagen òg kalla  jonsok. Det betyr vakenatt for Jon. Og Jon og Hans er forkortingar for Johannes. Ordet sankt viser til at Johannes er ein helgen. Det er ein heilag person med nærkontakt til Gud som menneske kan be til viss dei treng hjelp.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

The White Nights Festival

Kvart år blir The White Nights Festival feira i byen St. Petersburg i Russland. Han har fått namnet sitt etter ein spesiell vêrtype, som kjem i perioden 21. april – 21. august. Det liknar på midnattssol. Det blir aldri heilt mørkt, men det blir skumring eller kvite skyer. Grunnen til denne vêrtypen er at St.Petersburg ligg nær polarsirkelen.

Spektakulært fyrverkeri

Festivalen startar 12. juni og blir avslutta 2. juli. Det er mange arrangement under festivalen. Mange gleder seg ekstra til det fantastiske fyrverkeriet Scarlet Sails. Det markerer slutten på skuleåret.

📷  Fyrverkeri over Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg.

Musikkfestival og karneval

Under festivalen er det ein eigen musikkfestival – Stars of the White Nights. Det er ballett- og operaframsyningar kvar kveld. Fleire stader er det òg karneval. Det historiske karnevalet er mest kjent. Der kler skodespelarar seg ut i tidshøvelege klede frå tida då Peter den store og Katarina den store styrte landet. Peter den store grunnla St. Petersburg i 1703.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fyrverkeri over Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg.
Fyrverkeri over Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg.

Kjelder:

NRK (08.12.22): Millioner av hinduer samlet https://www.nrk.no/urix/millioner-av-hinduer-samlet-1.10871577

Her Finland (13.12.22): 1. mai i Finland – Finsk vårkarneval
https://herfinland-com.translate.goog/finland-may-day/?_x_tr_sl=en&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=sc

Wikipedia (13.12.22): Cinko de Mayo https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Cinco_de_Mayo&oldid=19427920

Dybdahl, Audun: sankthans i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. desember 2022 frå https://snl.no/sankthans

New York Times (14.12.22): Juneteenth: The History of a Holiday
https://www.nytimes.com/article/juneteenth-day-celebration.html

Wikipedia (14.12.22): White Nights Festival
https://en-m-wikipedia-org.translate.goog/wiki/White_Nights_Festival?_x_tr_sl=en&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=sc

Bilde- og video:

    1. Getty Images
    2. Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Skolerom
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Skolerom
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images