Fest og feiringar året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere fest for å feira dei mange fasane i livet. Over heile verda blir det feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer i april, mai og juni.

📷  Måla egg er heilt sentralt i den kristne påskehøgtida.
Kurv med mange fargerike påskeegg.
Kurv med mange fargerike påskeegg.
April med hvit tekst på sort bakgrunn.
April med hvit tekst på sort bakgrunn.

Påske

Jødar og kristne over heile verda feirar påske. Det er deira viktigaste heilagdag. I Noreg startar påska på palmesøndag.

📷  Jødisk familie feirar pesach.

Ei jødisk høgtid

Det var jødane som først begynte å feire pesach. I Bibelen står det at Moses redda Israelsfolket ut av Egypt. Der hadde dei vore slavar i mange år. Jødane har laga mange tradisjonar for å hugse dette. Det blir framleis feira i store delar av verda. 

Den viktigaste høgtida i kristendommen

Kristne feirar påske til minne om at Jesus døydde og stod opp igjen. Påskemorgonen (1. påskedag) er høgdepunktet i kyrkja si påskefeiring.

Vårfest, påskeharar og krimbøker

Dei gamle romarane som levde for meir enn to tusen år sidan, feira våren. Då vakna naturen til liv igjen etter vinteren. Gamle tradisjonar som påskeharen og påskeegg er framleis vanleg. Påskekrim og påskekviss er ein nyare tradisjon.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jødisk familie med to voksne og to barn feirer påske rundt et festdekket bord.
Jødisk familie med to voksne og to barn feirer påske rundt et festdekket bord.

Kumbh Mela

I India er det to heilage elvar. Gangast og Yamuna. Kvart tolvte år feirar hinduane Kumbh Mela. Ein 55 dagar lang festival. Det viktigaste er å vaske seg i elvane. Der reinsar hinduar tankane. Dei får tilgiving for det galne dei har gjort. Mange tek òg med seg vatn heim. Vatn dei kan bruke når det ikkje er festival.

Kamp mellom gudar og demonar

Kvifor feirar dei Kumbh Mela? I forteljinga om gudane til hinduane står det om ein kamp. Gudar og demonar slost om begeret med amrita. Det var ei saft som gjorde at ein ikkje døydde. Krangelen gjorde at dei sølte nokre dropar på jorda. Det er der festivalen blir halden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mai med hvit skrift på sort bakgrunn.
Mai med hvit skrift på sort bakgrunn.

Vappu

Vappu er ein vårfest i Finland, men også ei feiring av arbeidarane sin dag. Alle har fri til å vere med venner og familie. Kvelden før lagar studentane mykje moro. Litt som russen i Noreg.

Smultringar og sima

Det er to ting venner og familie er glade i denne dagen. Smultringar og sima. Kaféar sel ferske vappu-smultringar. Sima er ein søt, alkoholfri drikk.

Fargerike kjeledressar

Det er ikkje vanskeleg å finne studentane denne dagen. Dei har svart-kvite luer og kjeledressar med masse fargar. Dei gjer mange ulike ting. I gatene sel dei det kjende vappu-bladet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Smultringer med sukker, rosa serpentiner og to glass med brunaktig sima.
Smultringer med sukker, rosa serpentiner og to glass med brunaktig sima.

Cinco de Mayo

Cinco de Mayo betyr 5. mai. På den dagen i 1862 vann meksikanarane eit slag mot Frankrike. Derfor har dette blitt  ein heilagdag i Mexico.

📷  Gut slår på pinata som er ein typisk festleik i Mexico.

Mexico overvann Frankrike

Mexico hadde store lån dei ikkje betalte. Som straff ville Frankrike ta Mexico. Men ved byen Puebla tapte dei. Året etter vann Frankrike og hadde kontroll på Mexico. Fem år seinare vart dei franske soldatane kasta ut.

Stor feiring i USA

Cinco de Mayo blir feira meir i USA enn i Mexico. Der er det mange paradar og konsertar, og det blir ete mykje meksikansk mat. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

17. mai

17. mai er Noregs nasjonaldag. Vi feirar at Noreg fekk eiga grunnlov i 1814. Sjå for deg dette: Masse glade menneske som har pynta seg. Flagrande norske flagg. Skular og barnehagar går i tog og syng. Nokon held kanskje ein is i handa? Eller ei pølse? Russen feirar at dei er ferdige på vidaregåande skule.

17. mai tog, 2016
17. mai tog, 2016
Juni skrevet med hvit skrift på sort bakgrunn.
Juni skrevet med hvit skrift på sort bakgrunn.

Juneteenth

På 1800-talet var det mange afrikanske slavar i USA. Slavane hadde ingen fridom, og dei jobba hardt utan lønn. 19. juni 1865 slapp Texas slavane fri. Derfor vart denne dagen ein festdag. Juneteenth er sett saman av orda June (juni) og nineteenth (19.).

Frigjorde slavar i Texas

Det måtte ein krig til før slavane vart sette fri. Dei amerikanske statane i sør ville halde fram med slavar. Statane i nord ville setje slavane fri. Elleve statar i sør ville derfor ikkje vere ein del av USA. Dermed vart det borgarkrig i USA frå 1861 til 1865. Nordstatane vann, og slavane vart sette fri.

Abraham Lincoln

Abraham Lincoln var president i USA på denne tida. Han var imot slaveriet. I 1863 ønskte han å avskaffe slaveriet i sørstatane.

Nasjonal minnedag

Juneteenth har for det meste vore ein festdag i Texas. I 2021 vart dagen gjort til ein nasjonal minnedag. President Joe Biden fekk mykje av æra for dette. I dag feirar alle amerikanske statar dagen på ein eller annan måte.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fargerikt postkort om Juneteenth der en afrikansk kvinne står i fargerike klær som flagrer i vinden.
Fargerikt postkort om Juneteenth der en afrikansk kvinne står i fargerike klær som flagrer i vinden.

Jonsokaftan

Om kvelden den 23. juni kan du sjå bål frå båtar og ved strender. Mange pyntar seg med blomstrar. Frå gammalt av er bål og blomstrar mystiske. Vi feirar jonsok med venner og familie. Denne dagen før sola snur. I Sverige blir det feira mykje meir. Midtsommaraftanen deira blir feira ein fredag mellom 20. og 26. juni.

Heksene sin festaftan

Jonsokaftan er heksene sin store fest. I alle fall om ein trur på det mystiske. Heksene flyg til Bloksberg på sopelimane sine. Heksene er grunnen til at vi har bål. Vi skal «brenne heksa». Då blir dei skumle og vonde skapningane borte.

Blomstrar under puta

Drøymer du om å gifte deg? Då må du leggje sju slag blomstrar under puta di denne natta. På magisk vis vil du drøyme om kven det er.

Døyparen Johannes

24. juni blir kalla jonsokdagen. Dagen er til minne om fødselsdagen til døyparen Johannes. Han var tremenningen til Jesus og var den første som døypte folk med vatn. Sankt betyr helgen. Det er ein heilag person som har nær kontakt med Gud. Derfor ber folk til helgenar for å få hjelp.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

The White Nights Festival

I St. Petersburg i Russland har dei ein spesiell vêrtype frå april til august. Det blir aldri heilt mørkt. Det liknar midnattssol som vi har i Nord-Noreg. Det har gitt namnet til festivalen i dei kvite netter som blir feira kvart år.

Spektakulært fyrverkeri

Festivalen er frå 12. juni til 2. juli. Då blir det arrangert mykje moro. Mange gleder seg aller mest til Scarlet Sails – eit utruleg flott fyrverkeri. Dette markerer starten på skuleferien.

📷  Fyrverkeri over Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg.

Musikkfestival og karneval

Samtidig blir det arrangert ein stor musikkfestival – Stars of the White Nights. Det er både ballett og opera. Det blir òg arrangert karneval der mange kler seg som dei gjorde på 1700-talet. Dei gjer det til minne om Peter den store som grunnla St. Petersburg i 1703.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fyrverkeri over Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg.
Fyrverkeri over Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg.

Kjelder:

NRK (08.12.22): Millioner av hinduer samlet https://www.nrk.no/urix/millioner-av-hinduer-samlet-1.10871577

Her Finland (13.12.22): 1. mai i Finland – Finsk vårkarneval
https://herfinland-com.translate.goog/finland-may-day/?_x_tr_sl=en&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=sc

Wikipedia (13.12.22): Cinko de Mayo https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Cinco_de_Mayo&oldid=19427920

Dybdahl, Audun: sankthans i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. desember 2022 frå https://snl.no/sankthans

New York Times (14.12.22): Juneteenth: The History of a Holiday
https://www.nytimes.com/article/juneteenth-day-celebration.html

Wikipedia (14.12.22): White Nights Festival
https://en-m-wikipedia-org.translate.goog/wiki/White_Nights_Festival?_x_tr_sl=en&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=sc

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Skolerom
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Skolerom
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images