Flow
Flow eller flyt er når du er så fokusert på noko at du gløymer alt anna. Det er fordi aktiviteten er interessant, og fordi du får det til.
Sjå på figuren for å sjå kva som skjer viss du har for lite ferdigheiter eller utfordringane blir for vanskelege.
Finn flytsona di:
- Morosame oppgåver: Oppgåvene skal vere spennande og passe vanskelege.
- Øv meir: Viss oppgåvene er for vanskelege, treng du berre å øve meir for å nå flyt.
Er du i komfortsona?
I komfortsona kjenner du at du meistrar oppgåvene godt. Du er roleg og har kontroll.
For å finne flyten prøv noko litt vanskelegare enn det du er van med. Gå ut av komfortsona.
Viss du blir stressa eller kjedar deg, kan det bety at oppgåvene er for vanskelege eller for lette i høve til det du kan.
Flippsida av flow
Viss du kjedar deg eller kjenner at du er stressa, kan det hende at utfordringane ikkje passar til ferdigheitene dine.
Tenk deg at du skal gjere noko du aldri har gjort før, eller noko du ikkje liker så godt. Kanskje du skal halde ein presentasjon. Då kan du bli uroleg og stressa.
Og viss du er god i gangetabellen, blir det fort kjedeleg viss du må gjere mange fleire oppgåver av same typen.
Kvar gong du jobbar med ei oppgåve, tenk på korleis du kjenner deg. Dette kan fortelje deg om du er i flytsona eller ikkje. Viss ikkje, finn ei lettare oppgåve eller øv på ferdigheitene dine.