Flow
Flow er når du har dei ferdigheitene du treng for å gjere oppgåver du synest er passe utfordrande eller interessante.
Du kan vere entusiastisk, kanskje fordi du synest ei oppgåve er spennande, sjølv om du ikkje heilt har dei ferdigheitene du treng. Då må du berre øve litt meir for å hamne i flow.
Ofte snakkar vi om komfortsona. Det er ein stad der du kjenner deg trygg. Du meistrar oppgåvene, og du har full kontroll over situasjonen. Du har dei ferdigheitene du treng.
For å gå over frå komfortsona til flytsona må du utfordre deg sjølv litt meir. Rett og slett strekkje deg litt lenger, prøve noko som er litt vanskelegare.
Flippsida av flow: angst, keisemd og frustrasjon
Men det er ikkje slik at du alltid endar opp i flytsona når du får ei utfordring.
Viss utfordringa er for stor i forhold til ferdigheitene dine, kan det føre til angst. Er utfordringane for små, kan det føre til keisemd eller frustrasjon. Balansen mellom ferdigheiter og utfordringar er nøkkelen til å oppnå flow.
Viss du har for lite ferdigheiter og du synest oppgåvene er kjedelege, kan du bli apatisk eller kjede deg. Då lærer du heller ikkje mykje.
Viss du ikkje meistrar oppgåvene fordi dei er for vanskelege, har du ikkje nok ferdigheiter. Det kan gje uro, stress og angst. Du har kanskje hatt den kjensla før ei prøve av og til? Slike kjensler gjer det og vanskeleg å konsentrere seg om læringa.
Neste gong du jobbar med ei oppgåve, så tenk over kva slags kjensle du har. Kjedar du deg, eller er du i flytsona? Kva må til for at du skal komme i flytsona?