Forbrukarsamfunnet

Den høge levestandarden vi har i Noreg gjer at vi kjøper mykje. Viss alle i heile verda skulle leve på same måten som i Noreg, måtte vi hatt meir enn tre jordklodar for å få nok ressursar.

Accessibility icon Forbrukarsamfunnet

Forbruk og levestandard

Den høge levestandarden vi har i Noreg, gjer at vi kjøper mykje. Då kastar vi òg mykje som framleis er brukbart. Alt dette søppelet er med på å øydeleggje miljøet.

Viss alle i verda skulle leve slik vi gjer i Noreg, måtte vi hatt meir enn tre jordklodar for å få nok ressursar. Varer blir produserte raskare og rimelegare i dag enn tidlegare. Billigare varer gjer at vi kjøper meir enn før.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stappfull handlevogn rullende oppover på en stor rød pil.
En stappfull handlevogn rullende oppover på en stor rød pil.

Noreg har blitt eit forbrukarsamfunn

Ein forbrukar er ein som kjøper varer og tenester frå andre. I Noreg handlar vi mykje meir enn det vi treng for å overleve. I staden for å reparere ting som er øydelagde, kastar vi dei. Noreg har vorte eit bruk-og-kast-samfunn.

Nokre typar forbruk er nødvendig forbruk. Vi treng mat og klede. Andre typar forbruk er unødvendig. Vi er ikkje alltid nøydde til å kjøpe det aller nyaste eller kjøpe luksusvarer. Det er nok lett å bruke for mykje pengar når det er sal, eller når vi er på ferie.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stor haug med dataustyr som skal gjenvinnes.
En stor haug med dataustyr som skal gjenvinnes.

Netthandel

Vi kjøper meir på internett enn vi har gjort før. Ikkje minst etter at covid-19 stengde ned landet i store delar av 2020. Då måtte vi bestille meir gjennom internett, sidan vi ikkje kunne gå fysisk i butikkar.

Smitteverntiltaka som vart innførte for å hindre spreiing av koronaviruset, påverka handlemønsteret til nordmenn i stor grad. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tala viser at bruken av betalingskort på internett auka i høve til året før. Til saman brukte nordmenn 40 milliardar kroner i norske og utanlandske nettbutikkar i andre halvdel av 2020.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.

Kjøpsvanar

Mange har dei siste åra vorte meir opptekne av å kjøpe varer som er miljøvennlege. Dei ønskjer mindre forureining. Mange er òg opptekne av at maten vi et, skal vere så naturleg som mogleg. Dei vil då gjerne ha økologiske matvarer.

Andre er opptekne av statussymbol. Dei kjøper den siste mobiltelefonen eller jakka, sjølv om dei har både mobiltelefon og jakke frå før. Då er det prisen og merket som er avgjerande. Ikkje fordi dei trong noko nytt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En bil laget av grønne blader stående i et landskap med blå himmel og grønt gress.
En bil laget av grønne blader stående i et landskap med blå himmel og grønt gress.

Reklame har makt

Vi blir påverka av reklame som bombarderer oss på sosiale medium. Anten vi vil eller ikkje. Dette kan føre til kjøpepress. Då kjøper vi noko vi eigentleg ikkje treng eller har råd til.

Dei som jobbar med reklame, veit ganske mykje om kva behov vi har som forbrukarar. Ikkje minst under den årlege Black Friday!

Når du ser film på TV eller nettbrett, vil det ganske sikkert dukke opp ein reklame om mat, snacks eller drikke. Då vil mange automatisk gå til kjøleskapet for å finne seg noko å ete eller drikke. Somme vil kanskje gå til nærbutikken for å handle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reklame for handelsdagen Black Friday.
Reklame for handelsdagen Black Friday.

Influensar

Ordet kjem av det engelske «influence» som betyr ‘påverke’. Ein influensar er ein person som bruker sosiale medium for å påverke haldningar og handlingar hos følgjarane sine. Unge influensarar har ofte stort truverd og stor påverknadskraft. Dei kan lett påverke målgruppene sine.

Firma gjer ofte avtalar med influensarar for å få marknadsført produkta sine på sosiale medium.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.

Kjelder:

  • Klepp, Ingun Grimstad: forbruk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. november 2021 frå http://snl.no/forbruk
  • Vikøren, Birger M.: netthandel i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. november 2021 frå https://snl.no/netthandel

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images – NRK Skole
Close Icon

Loading...