Forbrukarsamfunnet

Den høge levestandarden vi har i Noreg gjer at vi kjøper mykje. Viss alle i heile verda skulle leve på same måte som i Noreg, måtte vi hatt meir enn tre jordklodar for å få nok ressursar.

Accessibility icon Forbrukarsamfunnet

Forbruk og levestandard

I Noreg er det mange som har god råd. Vi kjøper derfor mykje vi kanskje ikkje treng. Problemet kan bli at vi òg kastar ganske mykje. Alt dette søppelet er skadeleg for miljøet.

Alle kan ikkje leve slik vi gjer i Noreg. Det toler ikkje jorda vår. Derfor er det viktig at vi tenkjer oss om før vi handlar. Sal og billige varer gjer nok at vi kjøper meir enn vi eigentleg treng.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stappfull handlevogn rullende oppover på en stor rød pil.
En stappfull handlevogn rullende oppover på en stor rød pil.

Noreg har blitt eit forbrukarsamfunn

Ein forbrukar er ein som kjøper varer og tenester frå andre. I Noreg handlar vi mykje meir enn det vi treng for å overleve. I staden for å reparere ting som er øydelagde, kastar vi dei.

Nokren ting må vi kjøpe. Vi treng mat og klede. Andre ting kjøper vi fordi vi ønskjer oss litt ekstra. Vi ønskjer å ha det behageleg og lettvint.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stor haug med dataustyr som skal gjenvinnes.
En stor haug med dataustyr som skal gjenvinnes.

Netthandel

Vi handlar meir og meir gjennom internett. Ikkje minst etter at covid-19 stengde ned landet i store delar av 2020. Når folk måtte halde seg heime, begynte dei å bestille varer på internett. Mange synest samtidig det er lettare å få ting sende heim til seg.

I 2020 brukte nordmenn 40 milliardar kroner i norske og utanlandske nettbutikkar. Kan du rekne ut kor mykje det blir i snitt per nordmann?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.

Kjøpsvanar

Mange menneske har vorte meir opptekne av å kjøpe miljøvennlege varer. Dei ønskjer minst mogleg forureining. Mange er òg opptekne av at mat skal vere laga på ein miljøvennleg måte. Dei vil gjerne ha økologiske matvarer.

Andre er opptekne av statussymbol. Dei kjøper den siste mobiltelefonen eller jakka, sjølv om dei har både mobiltelefon og jakke frå før. Då er det prisen og merket som er avgjerande.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En bil laget av grønne blader stående i et landskap med blå himmel og grønt gress.
En bil laget av grønne blader stående i et landskap med blå himmel og grønt gress.

Reklame har makt

Vi blir påverka av reklame på sosiale medium. Dette kan føre til kjøpepress. Det betyr at vi kjøper noko vi eigentleg ikkje treng. Berre fordi nokon seier at vi treng det. Dei som jobbar med reklame, veit ganske mykje om korleis dei kan påverke oss. Ikkje minst under den årlege Black Friday!

Når du ser film på TV, vil det ganske sikkert dukke opp ein reklame om mat, snacks eller drikke. Då vil mange automatisk gå til kjøleskapet for å finn seg noko å ete eller drikke. Vi blir ofte freista.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reklame for handelsdagen Black Friday.
Reklame for handelsdagen Black Friday.

Influensar

Ordet kjem av det engelske «influence» som betyr ‘påverke’. Ein influensar er ein person som brukar sosiale medium til å påverke følgjarane sine. Unge influensarar har ofte stor påverknadskraft.

 

Firma gjer ofte avtalar med influensarar for å få marknadsført produkta sine på sosiale medium.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.

Kjelder:

  • Klepp, Ingun Grimstad: forbruk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. november 2021 frå http://snl.no/forbruk
  • Vikøren, Birger M.: netthandel i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. november 2021 frå https://snl.no/netthandel

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images – NRK Skole
Close Icon

Loading...