Forbrukarsamfunnet

Den høge levestandarden vi har i Noreg, gjer at vi kjøper mykje. Viss alle i heile verda skulle leve på same måten som i Noreg, måtte vi hatt meir enn tre jordklodar for å få nok ressursar.

Accessibility icon Forbrukarsamfunnet

Forbruk og levestandard

Den høge levestandarden vi har i Noreg, gjer at vi kjøper mykje. Då kastar vi òg mykje som framleis er brukbart. Avfallet skaper miljøproblem. Søppelberga veks for kvart år.

Viss alle i heile verda skulle leve på same måten som i Noreg, måtte vi hatt meir enn tre jordklodar for å få nok ressursar. Varer blir produserte raskare og rimelegare i dag enn tidlegare. Billigare varer fører til at vi kjøper endå meir enn før.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stappfull handlevogn rullende oppover på en stor rød pil.
En stappfull handlevogn rullende oppover på en stor rød pil.

Noreg har blitt eit forbrukarsamfunn

Ein forbrukar er ein som kjøper varer og tenester frå andre. I Noreg handlar vi mykje meir enn det vi treng for å overleve. I staden for å reparere ting som er øydelagde, kastar vi dei. Vi kjøper nye klede berre fordi dei andre ikkje er moderne lenger. Noreg har blitt eit bruk-og-kast-samfunn.

Nokre typar forbruk er nødvendig forbruk. Vi treng mat og klede. Andre typar forbruk er unødvendige. Det er ikkje alt vi treng for å overleve. Denne typen forbruk handlar meir om at vi ønskjer å ha det behageleg og lettvint.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stor haug med dataustyr som skal gjenvinnes.
En stor haug med dataustyr som skal gjenvinnes.

Netthandel

Handel på internett har auka dei siste åra, og ikkje minst etter at covid-19 stengde ned landet i store delar av 2020. Då måtte vi forhalde oss endå meir til internett, sidan vi ikkje kunne gå fysisk i butikk eller treffe andre menneske.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at smitteverntiltaka som vart innførde for å hindre spreiing av koronaviruset, påverka handlemønsteret til nordmenn i stor grad.

Tala viser at over halvparten av alle transaksjonar med betalingskort, gjekk til netthandel. Året før var det noko over 40 prosent. Til saman brukte nordmenn 40 milliardar kroner i norske og utanlandske nettbutikkar i andre halvdel av 2020.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.

Kjøpsvanar

Mange menneske har dei siste åra vorte meir opptekne av å kjøpe varer som er miljøvennlege, fordi dei ønskjer mindre forureining. Mange er òg opptekne av at maten vi et, skal vere så naturleg som mogleg. Dei vil då gjerne ha økologiske matvarer.

Andre er opptekne av statussymbol. Dei kjøper den siste mobiltelefonen eller jakka, sjølv om dei har både mobiltelefon og jakke frå før. Då er det prisen og merket som er avgjerande, og ikkje kva slags bruksfunksjon tinga har.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En bil laget av grønne blader stående i et landskap med blå himmel og grønt gress.
En bil laget av grønne blader stående i et landskap med blå himmel og grønt gress.

Makta til reklamen

Vi blir påverka av reklame rundt oss og av menneske vi omgåst. Vi gjer det om vi vil eller ikkje. Vi blir påverka gjennom reklame som bombarderer oss på sosiale medium. Dette kan føre til kjøpepress.

Kjøpepress betyr at vi føler at vi må kjøpe ei bestemt vare eller teneste, utan at vi eigentleg har behov. Dei som jobbar med reklame, veit ganske mykje om kva behov vi har som forbrukarar. Ikkje minst under den årlege Black Friday!

Når du ser på idrett eller film på TV, vil det ganske sikkert dukka opp ein reklame om mat, snacks eller drikke. Då vil mange automatisk gå til kjøleskapet for å finne seg noko å ete eller drikke. Somme vil kanskje gå til nærbutikken for å handle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reklame for handelsdagen Black Friday.
Reklame for handelsdagen Black Friday.

Influensar

Ordet kjem av det engelske «influence» som betyr ‘påverke’. Ein influensar er ein person som ytrar seg offentleg i sosiale medium for å påverke haldningar og handlingar hos følgjarane sine. Unge influensarar har ofte stort truverd og stor påverknadskraft. Dei kan lett påverke målgruppene sine.

Firma gjer ofte avtalar med influensarar for å få marknadsført produkta sine på sosiale medium.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.

Kjelder:

  • Klepp, Ingun Grimstad: forbruk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. november 2021 frå http://snl.no/forbruk
  • Vikøren, Birger M.: netthandel i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. november 2021 frå https://snl.no/netthandel

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images – NRK Skole
Close Icon

Loading...