Hjelp, eg trur eg er forelska!?

Sommarfuglar og kribling i magen, hamrande hjarte, varme kinn og klamme hender. Er eg sjuk?

Nei da, du er nok berre forelska. Men det er heller ikkje berre berre. Forelsking kan vere fantastisk og gøy. Men òg slitsamt, og somme gonger skikkeleg kjipt.

Dei fleste blir forelska i løpet av livet. Nokre forelskar seg ofte, andre sjeldan, og nokre har aldri vore forelska.

Kvifor set ei forelsking så mange kjensler i sving? Kvifor kjenner vi det i heile kroppen?

Forklaringa, ho er heilt logisk, og vi finn ho i hjernen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Eg har «fått deg på hjernen»

Viss ein er forelska, tenkjer ein gjerne på den ein er forelska i, heile tida. Ein vil berre vere saman med den personen.

Ein «får den ein er forelska i på hjernen». Nesten heilt bokstaveleg.

Forskarar har funne ut at ein del av hjernen blir meir aktiv når ein er forelska, og at hjernen sender ut meir dopamin.

Dopamin er eit signalstoff som gjer oss glade og lykkelege.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dopamin = kroppen si eiga lykkepille

Når du er forelska, skil altså hjernen ut dopamin slik at du kjenner deg lykkeleg. Nesten i ein rus.

Noko av det same skjer viss ein rusar seg med alkohol eller narkotika, og dopamin blir derfor kalla «kroppen sitt eige rusmiddel».

Denne rusen er 100 prosent naturleg og heilt ufarleg, og ein slepp dei farlege biverknadene som andre rusmiddel gir.

Narkotika, alkohol og dopamin påverkar oss på heilt forskjellige måtar.

Narkotika skaper ein altfor høg dopaminproduksjon, og derfor blir ein ofte deprimert, sint eller trist når rusen er ute av kroppen og dopaminnivået går ned.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Urinstinkter activated

Den same delen av hjernen aktiverer urinstinkta våre. Urinstinkt er åtferd vi har hatt heilt frå dei første menneska blei skapte.

Desse instinkta passar på at vi formeirar oss slik at menneska ikkje døyr ut. Det er derfor vi heile tida jaktar etter denne kjensla.

Til vanleg tenkjer vi antakeleg ikkje på at det er praktisk å bli forelska slik at vi kan lage barn og føre menneskeslekta vidare.

Men dopaminen er ein bonus som gir oss ei fantastisk god kjensle.

Det er individuelt kor mye dopamin hjernen skil ut. Det er litt av grunnen til at nokre blir meir forelska enn andre. Begge delar er heilt normalt

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Det er vanleg å oppføre seg uvanleg

Men det skjer enda meir i hjernen når vi blir forelska.

Aktiviteten i hjerneborken går ned, og det er dette området som sørgjer for at vi klarer å tenkje kritisk og vurdere om ting er lurt eller farleg.

Når dette skjer, samtidig som du får ein skikkeleg dopaminrus, er det lett å gjere ting ein angrar på etterpå, eller å oppføre seg litt uvanleg.

Kanskje gjer du heilt tullete eller farlege ting for å få merksemd frå den du er forelska i. Det er heilt normalt å oppføre seg litt rart.

Det er både fantastisk og slitsamt å vere forelska. Men denne første forelskinga varer ikkje evig.

Etter nokre veker eller månader vil du ikkje oppleve kjensla av forelsking på den same måten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Forelsking og kjærleik

Det kan vere vanskeleg å vite forskjellen på å vere glad i nokon, forelska i nokon og å elske nokon. Lat oss ta eit eksempel.

Sondre er 12 år. Han kjenner masse folk, blant andre kameraten Pelle, Sara som han begynte i klasse med for to veker sidan, og Mari, som er mor hans.

Kven av desse tre trur du Sondre er glad i, kven er han forelska i, og kven elskar han?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sidan dette er eit eksempel, kan vi seie at han er glad i kompisen Pelle, han er forelska i Sara, og han elskar mor si, Mari.

Når Sondre møter Pelle for å spele fotball, kjenner han seg glad. Han likar å henge med Pelle fordi begge likar fotball og dei ler av dei same tinga.

Men når Sondre ser Sara i klasserommet, blir han dødsglad og skikkeleg nervøs. Hun er så sjukt pen.

Og han, som alltid jobbar bra i timane, får plutseleg kjeft fordi han fortel klassa ein vits når det skal vere stille. Han klarer ikkje å tenkje på matte, berre på Sara.

Slik kan forelsking kjennast.

Sondre kjem heim og møter mamma i gangen. Ho ruskar han i håret og spør om dagen har vore bra. «Nei», svarer Sondre ærleg. «Det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen. Eg trur kanskje eg er forelska i ei i klassa.»

Sondre er ærleg med mamma, for han kjenner seg trygg på henne og tør å vere seg sjølv. Slik kan det kjennast å elske nokon og å bli elska tilbake.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjærleik ved første blikk

Du har sikkert sett filmar der to menneske treffest tilfeldig og forelskar seg på ein augneblink, og så lever dei lykkeleg saman resten av livet.

Dessverre er som regel ikkje forelsking slik som på film.

Somme gonger kan ein forelske seg raskt, og andre gonger kan kjærleiken utvikle seg langsamt over fleire år før ein blir eit par.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

For evig og alltid

Dei fleste menneske er monogame, de ønskjer å vere saman med éin fast partnar.

Grunnen er at sjølv om vi menneske likar å vere forelska, treng vi òg å kjenne oss trygge.

Forelska i læraren

Det er ikkje alltid så lett å forklare kvifor ein blir forelska.

Nokre gonger kan det handle om utsjånad, men personlegdom og kjemi er kanskje enda viktigare.

Dei fleste kan ikkje styre kven dei blir forelska i. Har du høyrt låta Forelska i lærer’n? Det hender ein blir forelska i nokon ein ikkje bør bli kjæraste med.

Det er heilt normalt, og du treng ikkje bli flau viss du blir forelska i læraren, fotballtrenaren eller storebroren til venninna di.

Berre husk at vaksne og barn ikkje kan vere kjærastar eller ha eit romantisk forhold. Det er alltid den vaksne sitt ansvar at det ikkje skjer.

Siggy i PubertetsCamp blir skikkeleg forelska i Edi, en av ungdomsleiarane på «campen». Sjå korleis det går:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/MSUB60001319

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjærleikssorg

Det er vanleg å få kjærleikssorg etter eit brot, altså at ein «gjer det slutt» eller «slår opp».

Det er vanleg å vere lei seg, sjalu og sint, og mange gjer rare ting for å prøve å redde forholdet.

Ofte kan det kjennast som om ein tenkjer på eksen heile tida, og lengtar etter å ta kontakt.

Det er hjernen som har skulda no òg, den same delen av hjernen som var så aktiv under forelskinga.

 

Saknet set masse vonde og vanskelege kjensler i sving.

Heldigvis vil andre delar av hjernen etter kvart sørgje for at desse vonde kjenslene gradvis forsvinn.

Viss du har kjærleikssorg akkurat no, vil det gå over, sjølv om det ikkje kjennest slik.

Kjærleikssorg er vondt, og kanskje litt ekstra vondt når ein er ung, for da er desse områda i hjernen framleis i utvikling.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjærleikssorg – kva no?

Hugsar du det du las om heilt i starten? Dopamin? Kroppen sin eigen rus som gjer deg glad?

Hjernen skil òg ut dopamin når vi trenar, heng med venner eller høyrer på musikk.

Hugs det når du har kjærleikssorg. Gjer ting som gjer deg glad!

Kjærleikssorg kan vere så vondt at ein ønskjer å døy. Da er det viktig å få god hjelp.

Snakk med ein vaksen du stolar på, eller ein god venn. Sjølv om kjærleikssorg kan vere utruleg vondt, går det alltid over.

Ein dag kan du oppdage at kjærleikssorga har gjort deg sterkare, eller at du har fått eit betre forhold til ein ny kjæraste.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det går bra!

Dei fleste opplever både forelsking og kjærleikssorg. Knut Hamsun er ein av Noregs mest kjende forfattarar. Han skreiv dette om forelsking:

«Å hvor søtt og ondt det er å være forelsket, begge deler!» 

Forelsking er spennande og gøy. Men det kan òg vere vondt og vanskeleg. Ein endrar seg og oppfører seg rart. Men viss vi sluttar å forelske oss, vil menneska faktisk døy ut.

Og du! Når du blir forelska, så minn deg sjølv på at:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt