Hjelp, eg trur eg er forelska!?

Sommarfuglar og kribling i magen, hjartet hamrar i brystet, kinna blir varme og hendene klamme. Kva skjer med meg no? Er eg i ferd med å bli sjuk? Nei da. Du er nok berre forelska. Eller, det er ikkje alltid berre berre det. Forelsking kan vere både fantastisk, morosamt og gøy. Men òg slitsamt, komplisert og somme gonger skikkeleg kjipt.

t.

Forelsking er noko dei aller fleste opplever i løpet av livet. Ein del opplever det ganske ofte, nokre sjeldan, og andre har aldri vore forelska nokon gong.

Kva er det forelsking gjer med oss som gjer at så mange kjensler er i sving? Kvifor kjenner vi det i heile kroppen? Slapp av. Det er ei heilt logisk forklaring bak alle desse kjenslene og måten ein oppfører seg på når ein er forelska.

Og svaret, det finn vi i hjernen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Eg har «fått deg på hjernen»

Når ein blir forelska, så tenkjer ein gjerne på personen heile tida, og alt ein vil er å vere saman med den ein er forelska i.

Har du høyrt uttrykket «å få noko på hjernen»?. Det kan ein jo seie at skjer når ein blir forelska i ein annan person. Nesten heilt bokstaveleg.

Forskarar har nemleg funne ut at det blir meir aktivitet i eit spesielt hjerneområde når ein er forelska.

Det neste som skjer, er at hjernen frigjer dopamin. Dopamin er eit signalstoff som regulerer kjensla av glede og lykke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dopamin = kroppen si eiga lykkepille

Når du er forelska, skil altså hjernen ut dopamin, og dopaminen gjer at du kjenner deg lykkeleg. Nesten i ein rus.

Det er på ein måte sant, for det er noko av det same som skjer når ein rusar seg på ekte, anten ein drikk alkohol eller bruker narkotika. Ein kan kanskje kalle det «kroppen sitt eige rusmiddel».

Denne rusen er 100 prosent naturleg og heilt ufarleg, men ein slepp dei farlege biverknadene som er vanlege ved andre rusmiddel.

Det er viktig å vite at det er forskjell på korleis vi blir påverka av f.eks. narkotikarus og forelsking.

Narkotika skaper ein altfor høg dopaminproduksjon, og det fører til at ein får vonde kjensler som depresjon, sinne og tristheit så snart rusen er ute av kroppen, og dopaminnivået blir lågare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Urinstinkter activated

Den same delen av hjernen aktiverer òg urinstinkta våre. Det er noko som har vore i oss menneske heilt frå evolusjonen starta. Altså heilt frå dei første menneska blei skapte.

Enkelt forklart har desse instinkta sørgt for at menneska ikkje har døydd ut, og at vi har formeira oss. Urinstinkta i oss jaktar altså etter denne kjensla for å sørgje for at menneskeslekta lever vidare.

Du som les denne teksten, tenkjer nok ikkje på at det er praktisk å bli forelska slik at ein kan lage barn og føre menneskeslekta videre. Ikkje heilt enda!

Men sjå på dopaminen som ein bonus. Han gir deg ei fantastisk god kjensle.

Det er òg viktig å understreke at det er individuelt kor mykje dopamin hjernen skil ut, og det er jo ein del av årsaka til at nokre kjenner forelsking veldig sterkt, og andre kjenner det mindre.

Begge delar er heilt normalt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Det er vanleg å oppføre seg uvanleg

Ikkje nok med dopaminrus og at urinstinkt blir aktiverte. Det skjer enda meir i hjernen vår når vi blir forelska.

I ein annan del av hjernen går hjerneaktiviteten ned. Det er i den delen som blir kalla prefrontal cortex. Det er dette området som sørgjer for at vi klarer å tenkje kritisk og vurdere om ting er lurt eller ikkje lurt, farleg eller ufarleg.

Når dette skjer, samtidig som du får den dopaminrusen du nettopp har lese om, kan det fort skje at du gjer ting du angrar på etterpå, eller at du oppfører deg litt uvanleg.

Kanskje gjer du heilt tullete ting for å få merksemd eller til og med litt farlege ting for å imponere den personen du er forelska i. Det er heilt vanleg å oppføre seg litt uvanleg.

Det er både fantastisk og slitsamt å vere forelska. Men denne første delen av ei forelsking varer ikkje evig, og etter nokre veker eller månader vil du ikkje oppleve kjensla av forelsking på den same måten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Forelsking og kjærleik

Kva er forskjellen på å vere glad i nokon, forelska i nokon og å elske nokon? Det er kanskje ikkje så enkelt å skilje mellom dette.

Lat oss ta eit eksempel.

Sondre er 12 år. Han har masse bra folk i livet sitt.

Ein av dei er kameraten Pelle, ei anna er Sara, som han begynte i klasse med for berre to veker sidan, den tredje er mor til Sondre, Mari.

Viss du tenkjer på desse tre personane i Sondres liv. Kven tenkjer du han er glad i, kven er han forelska i, og kven elskar han?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sidan Sondre er eit tenkt tilfelle og ikkje ein ekte person, bestemmer vi oss for at han er glad i kompisen Pelle, han er forelska i Sara, og han elskar mor si, Mari.

Det er tre ganske forskjellige ting. For når Sondre møter Pelle på sletta for å spele fotball, kjenner han seg kanskje i godt humør. Han likar å henge med Pelle fordi dei to har same hobby, altså fotball. Og dei ler av dei same tinga, dei har lik humor.

Men når Sondre kjem inn i klasserommet og ser Sara, blir han dødsglad og skikkeleg nervøs om kvarandre.

Ho er så sjukt pen. Og han, som eigentleg alltid jobbar konsentrert og er roleg i timane, får plutseleg kjeft fordi han fortel klassa ein vits når det skal vere stille. Han får berre ikkje jobba med matte, for hovudet kjennest som det er på ein annan plass. Han tenkjer berre på henne.

Slik kan forelsking kjennast.

Så kjem Sondre heim og møter mamma i gangen. Ho ruskar han i håret slik ho plar, og spør om dagen har vore bra.

«Nei», svarer Sondre ærleg: «Det er så vanskeleg å konsentrere seg om skulen for tida. Eg trur kanskje eg er forelska i ei i klassa.» Sondre er ærleg med mor si.

Det er fordi han kjenner seg trygg i nærleiken av henne, og kjenner at han kan vere seg sjølv.

Slik kan det kjennast å elske nokon og å bli elska tilbake.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjærleik ved første blikk

Du har sikkert sett filmar der to stykke dunkar inn i kvarandre, og når blikka møtest, er begge to djupt forelska og vil vere saman resten av livet.

Beklagar å måtte skuffe deg, men forelsking er ikkje som på film. I alle fall ikkje for dei aller fleste.

Somme gonger kan ein kjenne seg forelska etter å ha vore med personen berre ei lita stund, og andre gonger kan ein vere venn med ein person i 10 år, og så utviklar ein etter kvart romantiske kjensler overfor den personen.

Etter ei stund kan ei forelsking utvikle seg til kjærleik. Da blir ein gjerne eit par.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

For evig og alltid

Dei aller fleste menneske er det vi kallar monogame. Altså at dei ønskjer å vere saman med éin partnar framfor fleire.

Grunnen til det er at vi menneske ikkje berre har behov for å vere forelska, glade og lykkelege, vi treng òg å kjenne oss trygge.

Forelska i læraren

Det er ikkje alltid så lett å forklare kva som gjer at ein blir forelska i ein annan person.

Nokre gonger kan det handle om korleis personen ser ut, men personlegdom, veremåte og kjemi er nok kanskje enda meir avgjerande for om ein blir forelska i ein person.

Ein kan som regel ikkje styre kven ein blir forelska i. Har du høyrt låta Forelska i lærer’n? Nokre gonger blir ein forelska i nokon som det absolutt ikkje passar å bli kjæraste med.

Du skal vite at det er heilt normalt, og ingenting å vere flau over. Det er ikkje ulovleg eller farleg å bli forelska i læraren, fotballtrenaren eller storebroren til venninna di.

Det du òg skal vite, er at vaksne og barn ikkje kan vere kjærastar eller ha ein romantisk relasjon, og det er alltid den vaksne som har ansvar for at det ikkje skjer.

Siggy i PubertetsCamp blir skikkeleg forelska i Edi, ein av ungdomsleiarane på «campen». Sjå korleis det går:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/MSUB60001319

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjærleikssorg

Kjærleikssorg oppstår som regel ved eit brot. Vi seier at ein «gjer det slutt» eller «slår opp».

Kjensler som sorg, sjalusi og sinne er vanlege, og ein kan komme til å gjere heilt tullete ting for å forsøke å få personen tilbake.

Det kan kjennast som om ein ikkje klarer anna enn å tenkje på personen og ønskjer å ta kontakt. Igjen er det hjernen som har skulda for desse kjenslene og den uvanlege oppførselen.

Den same delen av hjernen som blei aktivert da ein først blei forelska, jobbar igjen på høggir.

Ein saknar personen ein var forelska i ein gong, og det set masse vonde og vanskelege kjensler i sving.

Hjernen er heldigvis heilt fantastisk, og etter ei tid vil andre delar av hjernen sørgje for at desse vonde kjenslene blir meir og meir borte.

Så om du nå står i di første kjærleikssorg, vit at sjølv om det gjer forferdeleg vondt, så går det over.

Og det er kanskje litt ekstra vondt når ein er ung, for da er desse områda i hjernen framleis i utvikling og under ombygging.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjærleikssorg – kva no?

Hugsar du det du las om heilt i starten? Dopamin. Kroppen sin eigen rus. Det som gjer deg så glad.

Det er ikkje berre forelsking som gjer at hjernen skil ut dopamin. Ting som å trene, henge med venner eller høyre på favorittmusikken din kan òg gi deg dopaminrus.

Så hugs det når du står midt i ei kjærleikssorg. Gjer ting som gir deg glede!

For nokon så kjennest kjærleikssorga så vond og uuthaldeleg at dei ikkje ønskjer å leve meir. Da er det veldig viktig å få god hjelp. Snakk med ein vaksen du stolar på, eller ein god venn. For sjølv om kjærleikssorg kan vere utruleg vondt, så vil ho gå over.

Livet vil gå vidare, og ein dag er ein kanskje takknemleg for kjærleikssorga, fordi ho gjorde deg sterkare, eller at brotet gjorde at du møtte ein annan person du blei forelska i.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det går bra!

Forelsking og kjærleikssorg er noko dei aller fleste vil oppleve. Anten dei vil det eller ei. Ein av Noregs mest kjende forfattarar er Knut Hamsun. Han skreiv dette om forelsking:

«Å hvor søtt og ondt det er å være forelsket, begge deler!» 

For forelsking er fint, spennande og gøy. Men det kan òg vere vondt, trist og vanskeleg.

Ei forelsking kan kjennast i heile kroppen. Du kan kjenne deg annleis, oppføre deg rart og endre deg. Det kan vere sjukt fint og skikkeleg kjipt. Men det trengst! Elles så hadde menneska faktisk døydd ut.

Og du! Når du blir forelska, så minn deg sjølv på at:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt